I kvardagen vår møter me stadig på problem. Nokre av desse kan verka forstyrrande inn på personlegsdomsutviklinga. I følgje Freud er me avhengige av den psykiske energien som id gir oss. Id fungerar i samspel med ego og superego, som sørgjer for at du brukar energien på best mogleg måte for individet. Der er nettopp dette samarbeidet som ligg til grunnlag for åtferda vår. Me kan seie at forsvarsmekanismar er ei samnemning på dei metodane me umedvitne bruker for å verne oss mot noko som vekkjer angst, motvilje eller skuldkjensle, eller noko som trugar sjølvoppfatninga vår. Når problemet oppstår vil egoet prøve å hjelpe deg til ei løysing. Dette skjer ved at ego brukar ein eller fleire forsvarsmekanismar for å betre situasjonen slik at det kjennest mindre farlege.
Fortrenging – er ein av forsvarsmekanismane me brukar og vil seie at me gløymer ubehagelege opplevingar, medan me hugsar dei gode. Dette kan vera ei sunn tilpassing i livet ved at me hugsar rosen og det som var bra, medan gløymer det som skremde oss. Likevel kan ein miste evna til å endre på handlingane sine dersom me fortrengjer mange opplevingar og blir passive.
Å signalisere til omgivnadane at ein har ønske om å vera mindre, blir kalla regresjon. Det kan til dømes vera at ein vil tilbake til eit tidlegare utviklingstrinn der det vart stilt mindre krav. Positive sider ved regresjon kan vera eit ein har det betre med seg sjølv, føler at ein får ting til og bli sett pris på. På den andre sida kan det føre til at ein ikkje lærer å ta ansvar og ikkje får personleg utvikling.
Fornekting vil seie at ein fornektar det som faktisk har skjedd. Ein overser faktiske hendingar for å få det betre med seg sjølv. Dette kan vera positivt i den grad ein menneske som lev under vanskelege forhold, klarar å fungere i kvardagen. Samtidig kan ein ubevisst byrje å skjule alvorlege problem, som ein faktisk burde gjere noko med. Dagdrøyming er også knytt til fornekting. Når me dagdrøymer førestiller me oss ei verd slik me skulle ønskje oss at ho var. Det kan vera usunt å dagdrøyme, i den grad at trur på draumane, blir passiv og klarar dermed ikkje gjere noko med livssituasjonen. Likevel kan det også vera positivt å dagdrøyme av og til. Det kan vera ei avkopling frå kvardagen der alt for ein gongs skuld kjennest perfekt og godt.
Ein anna måte å verna seg sjølv på kan vera gjennom isolasjon. Å isolere seg sjølv vil seie å trekkje seg tilbake frå andre. På den måten vil ein ha færre sjansar til å skaffe seg nye erfaringar og ein kan felle utanfor samfunnet. Samtidig kan det å isolere seg, gi ei kjensle av tryggleik og kontroll over situasjonen. Kanskje blir ein meir sjølvstendig og? Passivitet liknar på isolasjon. Passivitet går derimot meir på å verne seg sjølv frå opplevingar som kan vera vanskeleg å handtera. Slik skjermar ein seg sjølv frå å få negative haldningar til seg sjølv. Likevel kan det vera at ein går glipp av ting fordi ein bevisst unngår dei. Desse to forsvarsmekanismane heng igjen saman med projisering, som vil seie at me overfører våre eigne problem til andre. Me innbiller oss ar det er dei andre som har ein dårleg dag, og ikkje oss sjølve.
Reaksjonsdanning vil seie at me handlar og oppfører oss etter motsett av det me eigentleg meiner og synes. Dette kan føre til at me undergrev vår eigen identitet. Samtidig kan det vera ein nødvendig mekanisme for å stifte relasjonar og kretsar, kanskje i forhold til jobbsamanheng? Rasjonalisering høyrer også saman med dette. Når me rasjonaliserar så skjuler me våre eigne kjensler og åtferd. Resultat av det kan vera at me undertrykkjer kjenslene våre slik at me ikkje får utløp for dei.
For å oppsummere kan me difor seie at når me møter på problem vil me bevisst eller ubevisst ta ein bruk ein eller fleire forsvarsmekanismane. Mest sannsynleg er dei også nødvendig for at me skal klare å fungere i kvardagen. Tenkjer ein seg om, er det sannsynlegvis ikkje lenge sidan du sist brukte ein av forsvarsmekanismane dine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar