onsdag 18. april 2012

Rus og psykisk helse

Rus

Menneskje har frå gammalt av brukt ulike middel for å påverke psyken sin eller medvitet sitt av ulike grunnar. Somme for å kunne sovne eller halde seg vaken, andre for å oppleve rikare opplevingar og hallusinasjonar. Me kan dele rusmiddel inn i to grupper: depressantar og stimulantar.

Depressantar verkar beroligande på sentralnervesystemet, medan stimulantar verkar stimulerande på sentralnervesystemet. Døme på depressantar er alkohol og smertedempande medisinar. Døme på stimulantar er amfetamin og og hardare stoff som kokain.


Korleis virkar rusmiddel?

I hjernen blir det produsert og løyst ut naturlege rusmiddel i kroppen, til dømes serotonin og dopamin. Det er desse som dannast i dei mest grunnleggjande opplevingane me oppfattar som glede. Gleda av eit kyss, gleda av å ete iskrem og livretten din eller det å få eit kompliment er erfaringar som fører til auka dopamin-nivå i hjernen, og me opplever glede. Når ein bruker rusmiddel, skapar det ein overflod av dopaminproduksjon i hjernen, og ein opplever då ein ekstrem glede – eufori.


Kvifor brukar me rusmiddel?

Rusmisbruk er mest utbreidd blant ungdom. Ein av hovudgrunnane til dette er den aukande effekten gruppepress har på ungdomsmiljø. Til dømes i ei jentegruppe på ungdomsskulen. Alle jentene i gruppa røyker, men det er eigentleg ingen av som likar det eller verkeleg har lyst til å røyke, dei gjer det berre for å bli akseptert innanfor gruppa og for å hevde seg. Bruk av rusmiddel høyrer også saman med festing. Andre rusar seg for å gløyme. Visse rusmiddel kan skape ein meir likegyldig innstilling til livet. Folk brukar desse for å gløyme eventuelle problem dei har med familien og skulen.


Korleis påverkar rusmiddel den mentale helsa vår?

Misbruk av rusmiddel fører ofte til helseproblem. Rusmiddel påverkar den fysiske helsa. Nokre påverkar den generelle fysiske forma, medan andre har direkte øydeleggjande effekt på organ ved overdriven bruk. Vidare fører dette til at den psykiske helsa vert påverka. Rusmiddel påverkar hjernen vår – korleis vi oppfattar verda rundt oss og kva kjensler vi har og dermed blir den mentale helsa våre utsett. Blant dei vanlegaste stoffa som blir misbrukt, finn vi hasj og alkohol.


Alkohol og mental helse

Amerikanske studiar viser at avhengnad av alkohol er dobbelt så vanleg hjå dei med psykiske sjukdommar som hjå den generelle befolkninga. Studia viser også at blant den generelle befolkninga lider ca. 20% av psykiske sjukdommar, medan blant dei som brukte alkohol hyppig steig talet til 36%. Me ser at at folk bruker alkohol blir brukt mykje for å takle angst, stress, manisk-depressiv sjukdom og schizofreni. Somme meiner at moderat bruk av alkohol kan forbetre humøret


Hasj og mentale helseproblem

Av ulovlege substansar, er hasj det mest brukte stoffet. Dei fleste ser på bruk av hasj som harmlaust sidan det . Men i dei siste åra er har det dukka opp nye studie som viser at stoffet har klar påverknad på den mentale helsa. Ein trur at regelmessig bruk av hasj kan doble sjansen for å utvikle psykosar og depresjon. Hajsbrukarar er også utsett for auka risiko for schizofreni, som er ein av dei farlegaste diagnosane ein kan få. Dessutan er hasj eit vanleg inngangsstoff, det vil seie at det er meir sannsynleg at folk som bruker hasj kan byrje å bruke tyngre stoff.


Er verkeleg alle rusmiddel ein fare for den mentale helsa vår?

Til ein viss grad, ja. Alle stoff som blir misbrukt i overdreven vil ha effekt på den generelle hesa vår. Men ikkje nødvendigvis ved moderat bruk stoff. Som tidlegare nemnd kan moderat bruk av alkohol forbetre humøret.


Kjelder

http://www.rcpsych.ac.uk/mentalhealthinfo/problems/alcoholanddrugs/cannabis.aspx

http://www.ias.org.uk/resources/factsheets/mentalhealth.pdf

http://www.thirteen.org/closetohome/science/html/whydrugs.html

Psykologi 1 – Mennesket i utvikling, Peik Gjøsund og Roar Huseby


Av Magnus V

mandag 16. april 2012

MOBBING

Mobbing er sjikane, fysisk og\eller psykisk mishandling av ein eller fleire personar og som oftast varer i lengre periodar. Det kan bli utløyst av sjalusi, at ein trenger å føle betre om seg sjølv, for å få ut aggresjon eller liknande. Ein finner det svakaste leddet som ikkje klarar å forsvare seg. Mobbing blir ofte utløyst av negativ eller ondsinna atferd.

Mobbing i grupper har ofte eit kastesystem. Mobbing kan førekomme på barnehage, skule, jobb og\eller fritid. Og me kan sei at det fins tre typar mobbing: sjikane, fysisk og verbal. Det er fleire faktorar som kan gjøre ein person til eit mobbeoffer som klesstil, pengesituasjon, at ein er kraftig, er ikkje pen nok, handikap, seksuell legning, etnisk bakgrunn osv. Gutar er meir utsett for fysisk mobbing enn jenter og jenter er utsett for meir verbal mobbing enn gutar. Men hos gutar er det også verbal mobbing som er det vanlegaste.

Personen øvst på kastesystemet, leiaren, veljar ut eit mobbeoffer og følgesvennene til leiaren henger seg på mobbebølgen. Mobbeofferet har vanlegvis få vennar, sidan mange er redde for å bli mobbeoffer sjølv.Mobbing spreiar seg også ofte frå ein vennegjeng til ein annan. Ein gjeng mobbar ein person, deretter mobbar fleire gjengar same personen. Nokon personar vendar ryggen til bestevennen sin bare for å bli betre likt og for å få ein høgare status i kastesystemet.

Mobbing kan vere som ein kjedereaksjon.

Årsaker

Det finns mange forskjellige årsaker til mobbing. Det kan verke som om dei som mobbar har enormt mykje sjølvtillit, men det er berre utanpå. Inni seg kan dei ha det veldig vondt eller kanskje vere redde, og må dermed framstå som tøffe for å skjule korleis dei eigentleg har det inni seg. Ei som sjølv har vorte mobba seier at det kan vere at mobbaren har eit sterkt behov for merksemd, eller det kan vere faktorar som rundt dei som gjer at dei må få andre til å føle seg verre enn dei sjølve.


Når det er gutar som mobbar, går dei ofte etter fagleg utryggleik. Dersom det for eksemel er ein elev i klassen som er dårleg fageleg, kan den som mobbar ta han for å vere dum og ikkje verdt noko. Dersom det derimot er jenter som mobbar, går dei oftast etter sosial utryggleik. Dersom ein person ikkje har så mange venner, kan den /dei som mobbar plage personen for det, og han kan dermed lett bli utstøytt. Det som er felles for dei som mobbar er at dei bryt normene for sosial åtferd. Når dei då blir konfronterte med det dei har gjort, viser dei at dei har prøvd å tolke situasjonen ved å gi offeret negative motiv og tolke nøytrale hendingar som negative motiv.


I ein debatt på VG – nett svarde Andrè Baraldsnes (leiar for Olweus, eit program mot mobbing) på spørsmålet «Jeg har hørt at mobbing ofte skjer som resultat av (hoved)mobberens eget dårlige selvbilde. Hvor mye sannhet tror du ligger i dette?». Baraldsnes svarde at dette berre er ei myte, og at dei som mobbar andre har eit «oppblåst sjølvbilete» som vil seie at mobbarane trur for godt om seg sjølve og kva dei kan gjere mot andre. Dette er og ein årsak til mobbing som svært ofte tek del i mobbinga.

Mobbeoffer og mobbarar

Hos eit mobbeoffer speler ytre kjenneteikn liten rolle, men alle skil seg ut likevel. Blant unge gutar er det ofte fysisk vald som står i sentrum, og mobbeofferet er ofte fysisk svakare enn mobbaren. Det typiske mobbeofferet er forsiktig og stille av natur, og åtferda deira er ikkje utfordrande. Emosjonelle vanskar er det som kjenneteiknar mobbaren mest.

Det er ungar som er meir aggressive enn andre barn og unge som oftast er dei som er mobbarar. Dei er godt likt og føler seg trygg på andre medelevar, noko som fører til at ein kan føle at ein kan styre skuta. Det er flest gutar som mobbar, og flest gutar som blir utsett for mobbing. Det vil altså sei at gutar går etter gutar, og ikkje etter jenter. Først var forskarar berre opptekne av at mobbing gjekk ut på den fysiske valden, men i seinare tider har dette endra seg. No ser me også på erting, psykisk plaging og utestenging som mobbing. Derfor kjem også jentene meir fram som mobbarar og mobbeoffer. Jentene bruker ikkje fysisk vald i så stor grad som gutane, men ein kan sjå at vald oppstår også blant jenter i nokre miljø.

Mobbing er mest vanleg blant unge menneske, men ein kan også sjå det blant vaksne både på arbeidsplassen og fritid. Det er funnet ut at elevar som går på barneskulen, nærare bestemt 4 og 5 klasse er dei som brukar mobbing hyppigast. Og deretter er det jamn nedgang til 10. klasse og ungdomsskulen.

Konsekvensar

Mobbing er skadeleg for den det gjeld, både fysisk, psykisk og sosialt. Det kan vere med på å gi den som blir mobba psykiske helseplager. Offeret blir gradevis neddratt og gir redusert livskvalitet. Familien til offeret blir og ramma og utsett for store påkjenningar.


Forsking viser at det er ein samanheng mellom mobbing og risiko for psykiske problem, som angst, depresjonar og sjølvmordstankar. Offeret opplever at det er dei sjølve det er noko gale med, og dette gjer noko med personens sjølvbilete. Langvarig mobbing kan føre til frykt for bestemte personar og situasjonar, og kan seinare utvikle generell angst.


Nokon av offera blir så lei av å kjempe imot det vonde, at dei tar sitt eige liv. Me kan tru så mange som 40-60 personar i Noreg kvart år tek sitt eige liv som ei direkte eller indirekte følgje av mobbing. Talet på sjølvmord blant unge har auka kvart år, og viser klar samanheng med mobbing.
Forsking viser også at det ikkje går så bra med mobbaren òg. Dess eldre ein blir, dess mindre populær blir dei bland sine jamaldringar. Dei kan begynne å gjere antisosiale handlingar som hærverk, å stele, skulke skulen og så vidare. Dette kan utvikle seg til rusmisbruk og anna kriminalitet.

Kva må til for at mobbing skal stoppast?

Når det kjem til tiltak som må gjerast for å stoppe mobbing kan me dele det inn to; skulenivå og individnivå. Sjølv om det framleis er mykje snakk om at det må komme fleir nye tiltak for å stoppe mobbing er det også mange tiltak som i dag er teken i bruk. Mange av tiltaka som kjem i nivået under er allereie tiltak som skulen, samfunnet og individ i dag brukar for å gjere ei endring.

Både heimen og skulen må vise negative reaksjonar mot barnet for at det skal lære og for å endre åtferda si. Det kan vera enklare for skulen å snakke med eleven. Dette er fordi mobbaren og mobbeofferet ikkje vil snakke om kva som føregår, og unngår derfor å prate med foreldra.

Skulenivå:

Noko som i dag er i bruk, og som også ein meiner skal oppretthaldast er elevundersøking med spørjeskjema. Sidan desse elevundersøkingane pleier å vera anonyme er det kanskje fleir som tørr å stå fram og sei i frå. Det er også oppfordra til å ha studiedag på skulen der mobbing er i fokus. Eit eksempel på dette kan vera MOT. Da står enkelt personar i fokus, og ein lærer å sette pris på andre. Ein meiner det skal vera betre inspeksjon i friminutta så uhyggelige hendingar ikkje skal oppstå og slik at lærar kan ha betre oversyn over kva som føregår når ungane har friminutt. Lærarar må også vera observante, og opne for å snakke og ha samtalar med elevane. Me har i tillegg til dette skulereglar, klassemøte og foreldremøte.

Individnivå:

Skuletilsette og foreldre må ta initiativ til å ha samtalar med mobbaren (mobbarar), mobbeoffer og begge saman. Samtalane må vera alvorlege og ein må vise at dette ikkje er greitt å gjere, det må altså vera målretta. Lærarar må ha samtale med innblanda foreldre, og det må lagast tiltaksplanar. Foreldre må også ha tett oppfølging av ungane sine og passe på kva som skjer rundt barnet. Det kan ikkje alltid vera like lett då ungen er på skulen, men då er det meininga at skuletilsette skal halde eit auge med ungen.

Dan Olweus sitt prosjekt som blir brukt i skulen er eit eksempel på dette

Dan Ake Olweus er ein psykolog og professor i personlegdomspsykologi ved universitetet i Bergen. Olweus er ein av verdas leiarar innafor mobbing, og han har gjort eit stort arbeid for å klarleggja kven som blir mobba, kven som mobbar og korleis mobbing kan stoppast. I 1970 starta han eit prosjekt som reknast for å vere verdas første vitskapelege undersøking av mobbingsproblematikk.
Det har vorte oppretta ei gruppe mot mobbing som blir kalla «Olweus – gruppa mot mobbing», som er eit forskingsmiljø ved HEMIL – universitetet (forskningseinheit tilknytta Uni helse og Det psykologiske fakultet).


Forskargruppa står bak Olweus-programmet mot mobbing, et anti-mobbe program til bruk i grunnskulen for å redusere mobbing og antisosial åtferd. Programmet er utviklet av Dan Olweus, forsker ved HEMIL-senteret og er anbefalt av norske skulemyndigheiter.


Kjelder:
- http://no.wikipedia.org/wiki/Dan_Olweus
- http://no.wikipedia.org/wiki/Olweus-gruppen_mot_mobbing
-http://www.pratekompaniet.net/forum/showthread.php?t=21979
-http://tpn.vg.no/intervju/tittel/1314
-http://www.forskning.no/artikler/2011/juli/293034
-http://www.helse.uni.no/ContentItem.aspx?site=29&ci=3444&lg=1
- http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/-mobbing-i-skolen-kan-foere-til-selvmord-2807612.html
- Psykologi 1 - Mennesket i utvikling - Peik Gjøsund. Roar Huseby - Cappelen Damm - 2010
-
http://www.absentia.no/article.aspx?articleID=12

Amalie, Caroline E, Cecilie, Sara

Stress

Begrepet stress

Dei fleste kan kjenne seg igjen i ordet stress. Alle menneske har opplevd stress, om det er når du skal ha ein prøve, ta vanskelege val, har tidsklemme eller liknande.

I læreboka blir stress definert som ein tilstand av auka fysiologisk og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen til kroppen. Kvart individ blir utsett for ein eller fleire stressfaktorar som utfordrar ressursane våre og kan bli ei påkjenning for kroppen. Eit eksemål på dette kan vere at du har ein tidsfrist som du ser kan bli vanskeleg å halde, eller du skal halde ein framføring på skulen. Me kan skilje mellom positiv stress og negativ stress. Positiv stress er når du opplever meistring og har kontroll på det som skjer, medan negativt stress er meir som ein fysisk og emosjonell respons på ein situasjon som me ikkje klarer å meistre heilt.

Det var den kanadiske forskaren som kom opp med stress-begrepet. Han meinte at begrepet kunne forklarast på tre ulike måtar:
- Stress som respons – ytre påkjenningar av ulike slag som resulterer i fysiologiske og psykiske reaksjonar som svar på desse påkjenningane.
- Stress som stimuli - sett fokus på de ytre påkjenningane som resulterer i ein stressopplevelse.
- Stress som resultat av forholdet mellom individ og miljø – stressbegrepet blir betrakta som eit individuelt fenomen.

Ut frå desse tre litt ulike definisjonane, kan ein tenke seg at ein kvar situasjon kan utløyse stress, men at den individuelle tolkinga og moglegheita for meistring av hendelsen bestemmer om stress utløysast eller ikkje.

Sjølve stressbegrepet dukka opp i faglitteraturen for ca. 50 år, og da mest for å beskrive organiske forandringar hos forsøksdyr som oppstod som ein reaksjon på forskjellige fysiske belastningar, som kulde, smerte og svolt. Seinare har begrepet utvida seg til å omfatte psykiske reaksjonar på belastning på livsvilkår, som søvnlausheit, irritabilitet og nedtryktheit hos menneske.

Kva skapar stress?
Når me skal forklare korleis stress oppstår, eller kva som skapar stress, må me vite at dette er personavhengig. Det er individet som reagerer på stressfaktorar, så det ein person kan oppfatte som stress, treng ikkje vere stress for ein annan person. Årsakene til stress blir ulike faktorar som kan føre til stress, det kjem ann på kven dei ”treff”. Mottakaren er den som avgjer om påverknaden blir ein stressfaktor eller ikkje.

Kan det du finn stressande, vere beroligande for andre?

Du kan meine at matte er eit vanskeleg fag, og du gruer deg til mattematikkprøvene, du føler du ikkje kan det du burde, og at det kjem til å gå dårleg. Dette er ein stressfaktor, som utløyser stress. Medan for ein annan person kan mattefaget vere ein lett sak, og prøvene for den personen kan det vere ”superlett”, og heilt stressfritt.
For eksempel har nokre store problemer med å snakke høgt i ein forsamling der det er mange folk tilstade. Det kan føre til at du begynner å sveitte, gløyme det du skal sei, bli nervøs, altså du blir ganske stresset. På den andre sida kan dette vere null stress for andre. Nokre vil også finne det å halde eit fordrag for spennande og interessant. Det er også folk som gleder seg til å snakke i ein forsamling. Dette viser veldig godt at stress er ikkje likt for alle, det du kanskje ser på som ein belastning kan for andre vere beroligande.

Det er eit skilje mellom det me kallar ytre årsakar til stress og det som blir kalla indre årsaker til stress. Endringar og omstillingar i livet, er døme på ytre årsaker til stress. Skilsmisse, ny jobb, vanskar i familieforholdet eller økonomiske problem er slike problem. Det motsette av ytre årsakar, har me indre årsakar til stress. Manglande evne til å akseptere motgang, eit mindre positivt sjølvbilete, urealistiske forventningar og mangel på sjølvhevding er ulike indre årsakar som utløyser stress.

Det me kan seie er hovudårsaka til stress er uvisse, angst og utryggleik. Personar som er trygge på seg sjølv og har utvikla eit godt sjølvbilete, taklar ulike stressfaktorar betre enn dei som ikkje har så godt sjølvbilete. Men det betyr ikkje at folk med lav sjølvtillit opplever stress dagleg, og finn mange faktorar utrygge. Ein person som ikkje har så bra sjølvtillit vil mest sannsynleg ikkje setje seg i ein situasjon der ein kan blir stresset. Den vil kanskje prøve å vere så usynleg som mogleg, og prøver kanskje derfor ikkje ut nye ting, som kan føre til stress, den vil prøve å unngå slike situasjonar. Medan ein med ganske god sjølvtillit er ganske sikker på seg sjølv, og ser på ting ganske stressfritt, men individet vil alltid utvikle utfordre seg sjølv, og dette fører til at personen likevel vil møte på situasjonar som kan bli stressande.

5 på gata
Me spurde fem stykk om to spørsmål, kva stress var for dei, og kva som får dei til å stresse mindre.

Når me spurde kva stress var for dei, fikk me ganske like svar. Alle fem var einige om at du stressar veldig mykje viss du skal noko, eller har ein avtale, og føler da du har gløymt noko. Ein av dei fem finn det veldig stressande når han ser på ringeklokka og det er berre 10 min til skulen begynner. Det går også litt inn på tidsklemme, alle sa dei stressa når dei føler at dei har dårleg tid. Ein anna stressande situasjon for dei alle var eksamen og prøver. Dei stressar før ein prøve, og vertfall viss dei føler dei ikkje kan stoffet, da er det ekstra stressande.

Hvordan kan vi forebygge stress?

Har du hørt om stresslindrende trening som yoga eller stresslindrende utstyr som en stressball? Dette er hjelpemidler som kan forebygge negative stressreaksjoner. Huseby og Gjøsund definerer negative stressreaksjoner som en fysisk og følelsesmessig respons på en situasjon der vi ikke opplever å mestre situasjonen.

Trening

Videre forteller Huseby og Gjøsund at det som kan forebygge stress er blant annet trening. Gjennom trening kan du gjøre kroppen din bedre i stand til å tåle forskjellige påkjenninger. De viser til forskningsresultater som viser en klar sammenheng mellom fysisk trening og velvære og håndtering av stress. Regelmessig trening vil, i følge dem, være med på å holde negative stressymptomer borte fordi trening kan gi oss evnen til å slappe av og vi blir generelt mer glade.

Fysioterapeut og treningsfaglig ansvarlig for SATS, Jill Jahrmann, sier at det beste du kan gjøre for å redusere stress er jevn og ensidig kondisjonstrening fordi da slipper du å tenke. Hun mener at «å tømme hode, blåse ut og tenke på ingenting» (Kilde: http://www.side2.no/helse/article654422.ece) vil være kuren for mindre stress i hverdagen. Dette forklarer hun ved at kroppen utløser endorfiner under trening, sammen med endorfinene vil den gjentatte bevegelsen og rytmen i kondisjonstrening gjøre at vi ser lysere på livet og slipper skuldrene ned.

Vil trening ha samme effekt på alle? For en person som er sykelig overvektig og har vært minst mulig i bevegelse hele livet sitt, vil det være tungt å sette i gang med trening. Ordet «dørstokkmila» er godt kjent. Det viser til at trening er hardt arbeid, hvert fall i starten, og ikke alltid blir det knyttet til noe lystbetont. Et eksempel på noen andre som kan ha et lite avslappet forhold til trening er de med spiseforstyrrelse, og da spesielt de med anoreksi, eller anorexia nervosa. I følge wikipedia kan mange av de med denne lidelsen et anstrengt forhold til trening. Trening kan bli mer en tvang enn det blir avslapping og lindring mot stress.

Avspenning

Huseby og Gjøsund presenterer avspenning som et alternativ til stresslindring. Søker du etter avspenning mot stress på Google kommer det opp side på side med forslag til gode avspenningsøvelser. Overskrifter som meditasjon, yoga og pusteøvelser popper opp, og utstyr som stressball skal hjelpe deg å slappe av. Psykologi 1 forklarer effekten av avspenning ved at en konsentrerer seg om noe for så «å stenge» ute omgivelsene og på denne måten oppnå indre ro. Dette er også grunnprinsippet til yoga-treningene på Idrettssenteret i Sogndal. Bygningsarbeid og fotballtreninger skal stenges ute og du skal fokusere på pusten din. På denne måten vil helst det som stresser oss, f.eks. jobben, bli en fjern tanke. Når en ikke tenker på det vil ikke hjernen få hjerte til å slå hardere eller raskere og vi blir ikke like stresset. Avspenning går altså ut på at vi utvikler et bevisst samarbeid mellom hjerte og hjerne.

Men virker alltid yoga prinsippet om fullstendig stillhet godt mot stress? Noen blir engstelige når det er fullstendig stillhet. De kan bli redde og ikke tørre å slappe av. Noen trenger litt lyd hele tiden for å greie å puste ordentlig ned i magen. På noen yoga-treninger blir rolig fløytespill brukt i bakgrunnen for å lage en rolig stemning. Det kan være lettere å fokusere på musikken for noen enn det er å fokusere på pusten sin.

Følelsesmessig støtte

Dette er den siste forebyggende faktoren som Huseby og Gjøsund presenterer. Den bygger på at en trenger mennesker rundt som en kan prate med og føle seg trygg sammen med. På denne måten gir de deg en direkte påvirkning. Men påvirkningen kan også skje indirekte. Gjennom at en arbeidskollega ser at du er stressa og da tar over noen av arbeidsoppgavene dine. Det gir deg noen mindre bekymringer. Gode og støttende kommentarer som viser at en har prestert godt vil også muligens virke beroligende. På Treningstips sine nettsider har de satt opp «å besøke en god venn» som siste idé til stresslindring under blant annet trening.

Selv om følelsesmessig støtte er viktig, må det også komme på riktig måte og fra de rette folkene. Hvis den personen som stresser deg prøver å hjelpe deg til å lindre stresset vil dette mest sannsynlig ikke gi noen effekt. For eksempel foreldre og tenåringer. Foreldrene kan prøve så godt de kan og hjelpe tenåringen gjennom en stressende situasjon. Tenåringen vet at foreldrene prøver sitt beste, men likevel kan det slå feil ut fordi tenåringen bare blir mer irritert og det kan føre til enda mer stress.

Kilder

- Side2/http://www.side2.no/helse/article654422.ece

- Trening/http://www.trening.no/treningstips/7984.o2.html

- Idrettssenteret/http://idrettssenteret.no/Gruppetimar/Saltimar.aspx

- Yogasenteret/http://www.yogasenteret.no/Artikler/artikkel.php?article_id=32

- Treningstips/http://treningstips.org/tips-mot-stress/

- HRNorge/http://hrnorge.no/Nyheter/Nyheter_2006/Stress+%E2%80%93+en+alvorlig+helserisiko.9UFRvO2X.ips

- Hjernebark/http://hjernebark.wikispot.org/Dr%C3%B8ft_definisjonen_av_stress
http://www.trim.no/pub/art.php?id=191

- Læreboka/Huseby og Gjøsund

Av: Silje og Kaia

Stress

Stress blir definert som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologisk og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen til kroppen. For mange betyr stress også for mykje mas, tidsmangel, mangel på kontroll og alt for mykje å gjere.

I følgje læreboka og internett finn me desse typar stress:

o Positivt stress

o Negativt stress

o Kronisk stress

o Akutt stress

Positivt stress (kontrollert stress): når klarer å takle ein utfordring, og ein kjenner at ein meistrer ein stressande situasjon.

Negativt stress (hjelpeslausheit): når ein ikkje klarer å meistre situasjonar, og stresset blir ein påkjenning for kroppen. Dette kan føre til tæring på overskot og redusert livs- og arbeidskvalitet.

Kronisk stress: individet opplever ofte stressituasjonar, dette kan gi ulike helseproblem.

Akutt stress: mindre stressituasjonar som oppstår i ein spesiell situasjon. Til dømes i ein treig kø.

Det er veldig individuelt kva som skapar stress, og det varierer veldig frå person til person. Mange blir stressa dersom det er mykje som skjer på ein gong, og ein mister kontroll. Her kan også ulike situasjonar delast inn i dei fire typar stress som er nemnde ovanfor. Eit døme kan vere stress i forhold til skule. Dei fleste har opplevd at mange prøvar, innleveringar og framføringar kjem samtidig, og skapar stress. Positivt stress i dette tilfellet er dersom ein klarar å få kontroll på alt som skal skje, og organisere korleis ein skal arbeide. På den måten vil ein takle det som kjem, og meistre prøvane. Meistring av prøvane vil på ikkje nødvendigvis seie at ein klarar å oppnå ein god karakter. Meistring vil seie at ein øver så mykje ein kan, og gjer så godt ein kan. Det er betre å gjennomføre utfordringar som kjem, i staden for å unngå dei og utsetje dei. Negativ stress i dette tilfellet vil t.d. vere å unngå mange av prøvane som kjem. På den måten blir stresset større, og ein får ikkje meistringskjensle. Andre vanlege stressmoment er vanskelege forhold til familie/venner, jobb og krav i samfunnet (forventa utsjånad, oppførsel osv).

Ein deler symptoma på stress inn i 4:

o Fysiske symptom

o Smerter i mage/ bryst, hovudverk, stiv i nakke/skuldrer, sveittetokter

o Åtferdsmessige symptom

o Utsetting, mindre/meir søvn, bruk av rusmiddel (alkohol, sigarettar), uvanar (biting av negler)

o Kognitive symptom

o Mindre konsentrasjon, dårleg hukommelse, liten merksemd

o Emosjonelle symptom

o Humørsvingingar, isolasjon, kort lunte, irritasjon, depresjon

Kva kan stress føre til?

Stress forårsakar utskilling av adrenalin og andre stresshormon. Utskilling av for mykje av desse aukar risikoen for magesår, hjarte- og karsjukdommar, kreft, infeksjonssjukdommar. Av psykiske lidingar kan ein risikere å utvikle depresjon, panikklidingar, alkoholisme, anoreksi, tvangslidingar og heme drøyming under søvn. I følgje ei dansk undersøking førte også stress til tidlegare død hos menn. Grunnen til at dette ikkje galt kvinner, er ukjend. På den andre sida er stress viktig for korleis ein utviklar seg, både når det gjeld utvikling av kropp og sinn, og evna til å overleve. Ein kan takle stressituasjonar både positivt og negativt. Om ein reagerer positivt eller negativt påverkar også om modning og læring er positiv eller negativ. På grunn av dette er det viktig å prøve å kontrollere korleis ein reagerer i ein stressituasjon, slik at ein erfarer og lærer på best mogleg måte.

Førebygging/meistring av stress

Ein kan meistre stress på ulike måtar:

o Emosjonell støtte

o Trening

o Avspenning

o Rusmiddel

o Unngåing

For å få langsiktige resultat kan faktorane emosjonell støtte, trening og avspenning ha mykje å seie. Å ha støttande folk rundt seg kan hjelpe på forskjellige måtar. Dei kan gi kjenslemessig støtte, der ein får trøst/oppmuntring. Dei kan gjere nokre av dei daglegdagse ærenda som elles ville ha stele tid frå deg sjølv. Dei kan også hjelpe til informasjonsmessig, t.d. å hjelpe til med øving av prøve. Til slutt kan dei gi bekreftande støtte, der dei fortel at du gjorde det rette.

Trening gjer ein person meir mottakeleg for stress, og etter ei treningsøkt lærer ein å slappe av. Ein får også meir energi, og ein taklar betre påkjenningar på kroppen. Klarer ein å oppretthalde regelmessig trening, kan evna til å takle stress forbetre seg veldig. Dette blir då ei langsiktig løysing.

Avspenning blir også brukt for å førebygge stressreaksjonar. Målet er å klare å gå i frå stresskjensle til roleg tilstand, der ein kontrollerer stresstankane. Ein prøver å roe ned hjerterytmen og pulsen, som gjer at ein klarar å roe seg ned fortare etter utskilling av stresshormona. Ein kan øve på avspenning gjennom meditasjon eller avkopling frå kvardagen. Dette kan t.d. vere ein tur ut i frisk luft.

Meir kortsiktige (negative) meistringsmetodar av stress kan vere bruk av rusmiddel og/eller unngåing av situasjonar. Dersom ein kjem i ein stressituasjon kan ein t.d. prøve å roe seg ned med ein røyk. Ein kan også ta til alkohol for å prøve å gløyme. Rusmiddel kan fort bli ei uvane, og kan skade indre organ.

Unngåing av stressaukande situasjonar kan også føre til at det blir lettare å unngå andre situasjonar. Dette kan føre til isolasjon, og i verste fall lite utvikling mentalt. Dette er fordi ein unngår utfrodringar som kan vere positive, og kan hjelpe deg å få eit anna syn på ting.

For å konkludere, er stress veldig individuelt. Det kan både vere positivt og negativt, men det viktigaste er korleis ein taklar stressituasjonar og lærer av dei. På denne måten er ein stadig i utvikling, og får nye erfaringar.

Kjelder:

http://www.sinnetshelse.no/artikler/stressmestring.htm

http://www.klikk.no/helse/dinkropp/velvare/article636656.ece

http://www.sinnetshelse.no/artikler/slapp_av.htm

http://wiki.answers.com/Q/What_is_Positive_Stress

http://www.canis.no/bibliotek/artikler.php?id=138


Magnus, Lill Hege, Brita og Malin

fredag 13. april 2012

Stress

Stress kan definerast som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologisk og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen i kroppen. Tilstanden kjem i samband med at individet blir utsett for ein eller fleire stressfaktorar, og inntrykka stressfaktorane gir, som blir behandla i hjernen. Ein enklare forklaring på omgrepet stress er at ein reagerer med ein fysisk og emosjonell respons på ein situasjon ein opplev ein ikkje meitrar eller ein meitrar. Negativ stress i denne samanhengen vil vere at ein opplev at ein ikkje meistrar situasjonen, medan positiv stress vil vere at ein blir nervøs med ei positiv oppgløding, og etter handlingane er ein fornøgd med korleis resultatet vart. Kronisk stress er stressreaksjonar som går over ein lengre periode, denne typen stress tærer ofte på overskotet til individet og kan i verstefall resultere i depresjon. Til slutt har vi akutt stress, denne typen stress er heilt ufarleg og dei fleste av oss taklar den veldig godt. I akutt stress blir stress framkalla i «små» situasjonar, som til dømes når ein står i kø i ei kantine eller trafikkork vil ein føle ein trong til at noko må snart skje.
Reaksjonane til stress kan vere både fysiologisk og psykologisk. Det fysiologisk er den kjemiske reaksjonen som skjer i kroppen. Når eit dyr eller menneske vert utsett for ein stressande faktor i miljøet, blir stresshormon aktivert, noko som gir oss ein ekstra energi. Stresshormona gjer at kroppen forbereder seg på «kjemp eller forsvar-situasjonar», spesielt hormonet adrenalin vert aktivert. Oppgåva til hormona er å gjenpoprette balansen i kroppen og dermed er dette ein heilt naturleg reaksjon som ligg i korta til både dyr og menneske. I den psykologiske reaksjonen viser individet impulsiv åtferd, til dømes at ein får ein trong til å gråte, ein mistar evna til å konsentrere seg eller at er rastlaus.

Det er mange faktorar som kan skape stress. Det er viktig å få med at dette er personavhengig og det som ein person reagerer på med stress treng nødvendigvis ikkje ein annan å reagere på det. Konkrete grunnar som kan skapa stress kan vera krav og forventingar frå foreldre og skule, karrierekrav, krav om å utnytte dei sjansane ein har. Desse eksempela kallar ein kronisk stress, det vil sei at det er langvarig og kan få konsekvensar som for eksempel hjarte og karsjukdommar, større risiko for infeksjonssjukdommar, kreft, og magesår.
Vi har og noko som heiter akutt stress. Dette er stress som kan komma av at du skal gjera mykje på kort tid, forsova deg, føle ein ikkje har øvd nok til ein prøve og andre kvardagslege ting. Når du føler at du meistrar dette blir dette kalla positiv stress. For eksempel når du meistrar prøven, eller rekk bussen/ skulen når du har forsove deg, eller du får gjort det du skulle sjølv om du hadde kort tid.  Dette går fort over i forhold til kronisk stress.
Stress er nødvendig og grunnleggjande mobiliering av krefter, noko vi treng for å fungere og klare oss i kvardagen, men det er viktig at ein tek alle signala alvorleg då ein ser at eit individ slit med mykje stress over ein lengre periode. Med dette meinar vi ikkje positivt stress, men negativt stress, kor desse stressreaksjonane er ei påkjenning for kroppen. Dersom ein ser faresignal som redusert interesse for skulearbeid, har stort fråvær grunna sjukdom og ein har irritabel åtferd utan noko særleg grunn. Ein bør arbeide aktivt for å førebyggje slike stressreaksjonar  ved å ikkje tenkje at «dette er noko som går over av seg sjøl», men ta tak i problemet og vere bevist og gjere kroppen i stand til å tåle påkjenningane av stress. Dersom fysisk trening blir ein del av kvardagen din, kan dette vere med på å danne eit viktig forsvar mot stress. Reaksjonen som skjer etter ein har trent, er at ein har behov for ein pause kor ein slappar heilt av og får kvilepuls, dersom ein trenar regelmessig er dette med å utvikle evna til å slappe av og gjer det enklare for individet å gå frå ein stressande situasjon til ein meir avslappande situasjon. Ein anna måte er å ta pausar ifrå den hektiske kvardagen, dette kan ein gjere ved å lære seg avslappingsmetodar som fokuserer på hjerterytme og puls. oden Målet med denne metoden er å skape eit tettare samarbeid mellom hjerte og hjernen.
Kjelder: Psykologi 1 menneskets utvikling, Gjønsrud og Huseby, 2010
Karoline og Ingrid

Prestasjonsangst



Prestasjonsangst kjem av stress, men det kan ver positivt stress. Visst det er positivt stress, er det at vi er nervøse før me skal prestere, bra, for nervøsiteten gjer at me yter litt ekstra. Men i andre samanhengar kan presset bli for stort og du får prestasjonsangst. Psykologi boka definerer prestasjonsangst som frykt for at noko hos oss sjølv skal svikte når vi er i ein pressa situasjon. Både det at du mislykkast og det at du lykkast kan skape negative forventingar eller prestasjonsangst. 

For eksempel så er kan du grue deg voldsomt til ein prøve visst du ikkje har øvd nok. Du tenkjer på at du må reise heim med eit dårleg resultat og møte foreldre som seier dei er skuffa og veit at du kan betre. Da kan du få litt prestasjonsangst for å mislykkast. Eit anna eksempel er at du har jobba godt og kan stoffet, og du mest sannsyneleg kjem til å gjer det godt på prøven. Men du kan høyre dei andre i klassen din kalle deg nerd og geni. Da får du prestasjonsangst for å lykkast.   

Prestasjonsangst kan ofte føre til fysiske plager som vondt i magen og hovudet, og ein kan føle seg generelt uvel. Før ein framføring har du sikkert følt at pulsen stig og at du blir litt rastlaus og kanskje stemma skjelv litt. For nokon skjer dette ein gang i blant eller aldri, for andre er det noko som skjer dagleg. Da kan det vere vanskeleg å gå på skulen, sidan tankane om å mislykkast er der heile tida, og det er konsekvensane for å mislykkast òg. 

Kvifor har nokre personar meir angst enn andre? Personligdom spelar sjølvsagt ei rolle, nokon bekymrar seg lettare enn andre. Personar som har mykje angst trur ofte at alles oppmerksomheit er retta mot dei, og er redd for kritikken som kan komme. Dette er fordi personen ofte er veldig opptatt av kva andre meinar om dei. Noko av prestasjonsangsten er lært. Det kan ha skjedd ved at personen har opplevd noko ydmykende tidlegare i livet. Desse opplevelsane ligg som oftest langt tilbake i tid og kan vere meir eller mindre bevisste for personen. 



Kva kan du gjere dersom prestasjonsangsten slår inn? Forventningane dine får deg til å føle deg ubehagelig, dårlig og lange netter fult med mareritt om hendingar som kan skape stress.
Prestasjonsangst har som regel med personlegdommen å gjere. Du er veldig opptatt av kva andre seiar om deg, tykjar om deg og den største skrekk er kritikken du kan få.

Det er mogleg å døyve prestasjonsangsten, nokre av dei teknikkane du kan gjere da på er:

  • Ein kan finne støtte i venner og medelevar. Dykk kan snakke om problemet og prøve å finne gode løysningar på angsten din.
  • Ein kan prøve avspenningsøvingar. F.eks. Yoga. Yoga kan virke angstdempande. Ein finnar roen inni seg, og førar den vidare til situasjonar som kan framkalla angst.
  • Viss ein er nervøs får ein framføring eller andre hendingar der du må presentere, kan ein øve seg på dei hendingane. Ein kan stå framfor familie eller vennar og snakke, øve seg på å bli meir trygg på seg sjølv og omgivnadane.
  • Vere godt førebudd.
  • Et sunn mat som kan gi deg mykje energi, og ha meir lyst å meistra og yte. 

Nokre gongar er det viktig for personar med prestasjonsangst at andre veit om det. Dei kan hjelpe til med å redusere stress skapande situasjonar. Dei som kan vere gode å snakka med då, er helsesyster, sosiallærar, verneombod eller andre som kan høyre på kva ein har å sei, og gi gode råd. Det som er viktig då er at ein følar deg tryggare når ein skal presentera.
  • Snakk om kva som gjere situasjonar stressande eller ubehagelige i forhold til prestasjonsangsten din. Det er forskjellige formar for angst. Nokon gongar kan det føre til ein spenning i kroppen, og det er ein naturlig reaksjon i alle opplevingar.
  • Det er viktig å skjønna at alle gjere ein feil inniblant. Å gjere ein feil kan føre til at ein lærar av sine eigne erfaringar som kan føre til betre innsats til neste gong. 
  • Viktig å gjere seg kjent med situasjonar som ein tykjar er ubehagelige. Vite kva som er i vente, og kva som kan gjere deg meir trygg og skapar mindre angst. 
  • Angsten som kjem er som oftast ein misforståing av oppgåva som ein får. Det er lurt å ikkje misforstå oppgåva slik at prestasjonsangsten kan reduserast, og det blir lettare og handtera oppgåva. 
  • Konkurranseinstinktet kan øydelegga får dei med prestasjonsangst. Det kan framkalla angst og gjere oppgåva mykje vanskeligare enn det den allereie er. Godta at alle er ulike og all innsats er bra uansett kva. 
  • Gi gode tilbakemeldingar til deg sjølv og andre som sliter med angst. Gode tilbakemeldingar kan føre til at ein blir fornøgd med seg sjølv og arbeidet ein har lagt i det.


Therese, Ingrid, Karoline F, Ragnhild
Kjelder: Psykologi 1, Gjøsund og Huseby, 2010

Stress

Stress
På ein heilt vanleg kvardag så blir du utsatt for mange ulike situasjonar som kan forårsake stress. Du har kanskje ein prøve dagen etterpå, og er stresset fordi du ikkje føler deg forberedt. Når du har dårleg tid til ein avtale, eller du har mykje å gjera og føle at du ikkje rekke det du skal. Stress kan definerast som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologis og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen til kroppen. Vi seier at stress kommer av at vi blir utsatt for ein eller fleire stressfaktorar og dei inntrykka desse stressfaktorane gir, blir behandla i hjernen. Det som gjer at vi stressar er at vi kommer i situasjonar som vi føler at vi ikkje har kontroll over eller føler oss ikkje komfortabel i.
Det finst mange ulike former for stress. Det finst positiv og negativ stress. Dersom stress skjer berre ein gang iblant kan dette vera eit teikn til auka aktivitet og det er dermed eit gode for individet. Dette blir kalla positivt stress. Vi opplever meistring og har kontroll over det som skjer. Negativt stress det er då vi kjem ut i situasjonar som vi ikkje meistrar og dette er ein påkjenning for kroppen. Det kan og redusere livskvaliteten. Kronisk stress er det at stressituasjonane er langvarige og det er dokumenter at langvarigstress kan gi helseproblem. Den siste forma er akutt stress, det er stress som vi opplever av ein spesiell situasjon. Til dømes i bilkø og dersom du har gløymt å gjort noko som har ein tidsfrist.

Kva skapar stress?
 Karoline stressar når nokon har forventingar til ho eller har ein avtale som ho er seint ute til. Mina blir stressa dersom ikkje ting blir som det blir. Som vi ser er dette personlegavhenging. Vi blir stressa av ulike situasjonar. Det som ein person blir stressa av, kan det hende at ein anna person klarer å handtere og blir derfor ikkje stressa. Det som skapar stress kan også ha ein positiv påverknad som stiller krav til tilpassing eller endring. Til dømes når du skal kjøpe din første leilegheit eller byrja med høgare utdanning. Kva som skapar stress har forandra seg i løpa åra. Før var det kampen om tilværinga som skapte stress, det å reise på jakt eller finne ein plass å bu.
Slik er det ikkje nå til dags. Vi har som regel mat i kjøpeskapet og ein plass å bu, men likevel så oppstår stress. Nå er det andre forhold som gjer at vi stressar, krav frå foreldre og skule, karrierekrav og sosialprestasjon. Vi menneske kjem opp i ulike situasjonar og det kan føre til at nokon av oss blir stressa. Nokon synst det er heilt greitt å snakke høgt i klassen og er komfortabel med det, men andre kanskje ser på dette som ein stressa situasjon. Vi delar årsakar til stress i to, ytre og indre årsaker. Ytreårsaker er store endringar og omstillingar i livet, slike som økonomisk problem skilsmisse eller ny skule. Indre årsaker det kan vera at du ha manglande evne til å akseptere motgang, eit mindre positivt sjølvbilete og store forventingar. Det som fleire meinar er hovudårsaka til stress er utrykkleik, angst og uvisse. Det er også sagt at dei som er veldig trygge på seg sjølv klarer å takle stressfaktorar betre enn dei som er mindre trygge

Kva kan førebygge negative stress reaksjonar?
Det er finst fleire metodar for å førebygge negative stress reaksjonar, men her er dei tre mest sentrale(trening, avspenning og emosjonellstøtte):
Trening:
Når du trenar kan du gjere kroppen i betre stand til å tole påkjenningar. Trening hjelper på både humør og trivsel og du vil få meir energi til å møte problem som kan føre til stress. Når du trenar utviklar du og evna til å slappe av. Kroppen er vand med å roe seg etter trening og bygge seg opp att, og dette vill og hjelpe deg viss du kjem i ein stressande situasjon.
Avspenning:
Avspenning er meir som meditasjon, teknikkar som har som mål å redusere spenningar, indre uro og stress. Du fokuserer på pust og hjarterytme og prøver å holde deg rolege.
Emosjonell støtte:
Støtte frå familie, venner, kjæraste osv. er og ein sentral faktor i å førebygge negative stress reaksjonar. Støtte kan vere direkte (andre er tilstades og kan ta del i opplevingane dine) og indirekte ( får hjelp til reint praktisk oppgåver, viss du har eksamen så kan nokon ta oppvasken for å hjelpe deg). Positive og fine tilbakemeldingar kan og vere veldig støttande.

Det som er det store spørsmålet no er, kvifor utsetter vi oss for stress ? liker vi å vera stress får vi eit kick av det, eller er det rett å slett noko vi brukar for å presse oss sjølv. Det å stresse trur eg er noko vi menneske berre gjere, vi gjorde det i seinalderen og vi gjer det no. For nokon kan det å stress vere ein god ting, fordi dei har så god sjølvtillit at dei taklar det, men for nokon er stress ein negativ ting og dei kan føle at dei mister kontrollen. Men det dei som ikkje klare å takle stress må gjere er at dei må prøve å førebygge, slik at dei ikkje kjem opp i situasjonar  som utløyser stress. Til dømes når du har ein prøve, så ikkje begynne å øve dagen før, men heller nokre dagar i forvegen slik at du føler at du har kontroll over situasjonen. Det som vi ser nå er at å stresse kan vera noko menneskeleg, det er berre noko vi gjer, som å lyge. Vi lyger men vi veit at me ikkje skal gjera det.


3 på gata.
Spørsmål:
1.Korti opplever du stress?
2.Korleis blir du når du stressar3.Kva gjer du for å ungå stress?

Anonym1.
1.Masse å gjere på skulen( prøvar, innlevering osv)
2.Uroleg
3.Passe på å gjere det eg skal

Anonym2.
1.Masse prøvar og masse å gjere på skulen og når det er liten tid.
2.Motivert til å få det unnagjort, uroleg.
3.Prøver å få kontroll på situasjonen og organisere slik at det blir tid til alt.

Anonym3.
1.Når det er situasjonar som det personen ikkje har kontroll over(eksamen) og når det er mykje som skjer.
2. Forvirra og går mykje « i ring».
3.Vere godt forberedt og få kontroll.

Mina skriv …