fredag 13. april 2012

Prestasjonsangst



Prestasjonsangst kjem av stress, men det kan ver positivt stress. Visst det er positivt stress, er det at vi er nervøse før me skal prestere, bra, for nervøsiteten gjer at me yter litt ekstra. Men i andre samanhengar kan presset bli for stort og du får prestasjonsangst. Psykologi boka definerer prestasjonsangst som frykt for at noko hos oss sjølv skal svikte når vi er i ein pressa situasjon. Både det at du mislykkast og det at du lykkast kan skape negative forventingar eller prestasjonsangst. 

For eksempel så er kan du grue deg voldsomt til ein prøve visst du ikkje har øvd nok. Du tenkjer på at du må reise heim med eit dårleg resultat og møte foreldre som seier dei er skuffa og veit at du kan betre. Da kan du få litt prestasjonsangst for å mislykkast. Eit anna eksempel er at du har jobba godt og kan stoffet, og du mest sannsyneleg kjem til å gjer det godt på prøven. Men du kan høyre dei andre i klassen din kalle deg nerd og geni. Da får du prestasjonsangst for å lykkast.   

Prestasjonsangst kan ofte føre til fysiske plager som vondt i magen og hovudet, og ein kan føle seg generelt uvel. Før ein framføring har du sikkert følt at pulsen stig og at du blir litt rastlaus og kanskje stemma skjelv litt. For nokon skjer dette ein gang i blant eller aldri, for andre er det noko som skjer dagleg. Da kan det vere vanskeleg å gå på skulen, sidan tankane om å mislykkast er der heile tida, og det er konsekvensane for å mislykkast òg. 

Kvifor har nokre personar meir angst enn andre? Personligdom spelar sjølvsagt ei rolle, nokon bekymrar seg lettare enn andre. Personar som har mykje angst trur ofte at alles oppmerksomheit er retta mot dei, og er redd for kritikken som kan komme. Dette er fordi personen ofte er veldig opptatt av kva andre meinar om dei. Noko av prestasjonsangsten er lært. Det kan ha skjedd ved at personen har opplevd noko ydmykende tidlegare i livet. Desse opplevelsane ligg som oftest langt tilbake i tid og kan vere meir eller mindre bevisste for personen. 



Kva kan du gjere dersom prestasjonsangsten slår inn? Forventningane dine får deg til å føle deg ubehagelig, dårlig og lange netter fult med mareritt om hendingar som kan skape stress.
Prestasjonsangst har som regel med personlegdommen å gjere. Du er veldig opptatt av kva andre seiar om deg, tykjar om deg og den største skrekk er kritikken du kan få.

Det er mogleg å døyve prestasjonsangsten, nokre av dei teknikkane du kan gjere da på er:

  • Ein kan finne støtte i venner og medelevar. Dykk kan snakke om problemet og prøve å finne gode løysningar på angsten din.
  • Ein kan prøve avspenningsøvingar. F.eks. Yoga. Yoga kan virke angstdempande. Ein finnar roen inni seg, og førar den vidare til situasjonar som kan framkalla angst.
  • Viss ein er nervøs får ein framføring eller andre hendingar der du må presentere, kan ein øve seg på dei hendingane. Ein kan stå framfor familie eller vennar og snakke, øve seg på å bli meir trygg på seg sjølv og omgivnadane.
  • Vere godt førebudd.
  • Et sunn mat som kan gi deg mykje energi, og ha meir lyst å meistra og yte. 

Nokre gongar er det viktig for personar med prestasjonsangst at andre veit om det. Dei kan hjelpe til med å redusere stress skapande situasjonar. Dei som kan vere gode å snakka med då, er helsesyster, sosiallærar, verneombod eller andre som kan høyre på kva ein har å sei, og gi gode råd. Det som er viktig då er at ein følar deg tryggare når ein skal presentera.
  • Snakk om kva som gjere situasjonar stressande eller ubehagelige i forhold til prestasjonsangsten din. Det er forskjellige formar for angst. Nokon gongar kan det føre til ein spenning i kroppen, og det er ein naturlig reaksjon i alle opplevingar.
  • Det er viktig å skjønna at alle gjere ein feil inniblant. Å gjere ein feil kan føre til at ein lærar av sine eigne erfaringar som kan føre til betre innsats til neste gong. 
  • Viktig å gjere seg kjent med situasjonar som ein tykjar er ubehagelige. Vite kva som er i vente, og kva som kan gjere deg meir trygg og skapar mindre angst. 
  • Angsten som kjem er som oftast ein misforståing av oppgåva som ein får. Det er lurt å ikkje misforstå oppgåva slik at prestasjonsangsten kan reduserast, og det blir lettare og handtera oppgåva. 
  • Konkurranseinstinktet kan øydelegga får dei med prestasjonsangst. Det kan framkalla angst og gjere oppgåva mykje vanskeligare enn det den allereie er. Godta at alle er ulike og all innsats er bra uansett kva. 
  • Gi gode tilbakemeldingar til deg sjølv og andre som sliter med angst. Gode tilbakemeldingar kan føre til at ein blir fornøgd med seg sjølv og arbeidet ein har lagt i det.


Therese, Ingrid, Karoline F, Ragnhild
Kjelder: Psykologi 1, Gjøsund og Huseby, 2010

3 kommentarer:

  1. Innlegget dekker begrepet prestasjonsangst godt og gir gode tips for hvordan en kan redusere prestasjonsangsten sin.

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Me er einige med Silje. Syns det var godt skrive om korleis du kan redusere prestasjonsangsten din, og det var ellers eit godt og oversikteleg innlegg :)

    - KAroline og Cecilie

    SvarSlett