Viser innlegg med etiketten Meistringsstrategiar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Meistringsstrategiar. Vis alle innlegg

torsdag 1. desember 2011

Meistring og meistringsstrategiar


Meistring er ein måte å takle ein konfliktsituasjon på. Når menneske
kjem opp i ein vanskeleg situasjon kan det endre på det som gir grunnlaget for
problemet. Ved hjelp av ulike meistringsstrategiar er dette muleg. Dei
vanlegaste formene for meistringsstrategi er kjensleregulering og
problemløysning.

Dersom vi har gjort ei handling der vi i ettertid føler skyld eller
angst nyttar vi ofte meistringsstrategien kjensleregulering. Denne prosessen går føre seg mentalt.
Problemet er der, men vert unngått. Vi kan vise dette ved eit eksempel. Ei
jente på 17 år har stelt ei bukse frå ein butikk. Ho var ute etter spenninga
ved å gjennomføre denne handlinga, men etter kvart angra ho. Den dårlege samvita
tok over og ho blei redd for at foreldra skulle merke noko. Dette førte til at
ho alltid var på vakt rundt foreldra og etter kvart prøvde å unngå dei. Sjølv
om ho visste at denne kjensla ikkje kom til å gå over før ho fekk snakka med
foreldra og ordna opp i problemet, gjekk ho berre rundt å tenkte på det utan å
gjere konkrete handlingar. Ved hjelp av denne kjenslereguleringa slapp ho unna
problemet for ein periode.

Problemløysning er den andre meistringsstrategien som vert nytta. Den
går ut på å ta tak i problemet og finne ut årsaka til det som har skjedd. Vi
treng informasjon for å kunne forstå handlingane. Det førre eksempelet kan
brukast til å vise denne meistringsstrategien. Jenta har no bestemt seg for å
gjere noko med den dårlege samvita og dei ubehagelege kjenslene. Ho går til
foreldra og fortel kva ho har gjort. Foreldra reagerer først sterkt, men roar
seg når jenta fortel om den dårlege samvita og at ho angrar på det ho har
gjort. Dei ber ho reise tilbake til butikken med buksa og fortelje kva som har
skjedd. Jenta gjer så dette. Etterpå er alle dei vonde kjenslene borte og ho
har inga dårleg samvit. Ho behøver ikkje lenger å unngå foreldra, og får ein
mykje lettare kvardag.

Kjensleregulering er
ein meistringsstrategi som ikkje fungerer så bra over tid. Den inkluderer mykje
tankar og følelsar som ein gjerne vert sittande aleine med. Samtidig er dette
den enklaste meistringsstrategien å gjennomføre ved å unngå å ta opp sjølve
problemet. Det er mykje negativt ved denne meistringsstrategien. Å halde inne
følelsar går sterkt utover kvardagen. Ein kan bli fort sur fordi ein har mykje
å tenke på. Samtidig vert det mykje unødvendig bekymring og mykje av tida vert
brukt på å tenke mange unødvendige tankar. Problemløysning er vanskelegast å
gjennomføre av dei to meistringsstrategiane. Det krev mykje av ein, å ta tak i
problemet å gjere noko med det. Likevel er det denne meistringsstrategien som
fungerer best over tid. Det vert ein kort periode med vanskelege følelsar, men
desse vil etter kvart forsvinne. Menneska rundt får reagert på sin måte og det
vil snart kjennast mykje betre. Konklusjonen på dette vert at problemløysning
er den beste meistringsstrategien over tid sjølv om den kan vere vanskeleg å
gjennomføre.

Mestring og strategiar

Mestring er at ein sjølv endrar vilkåra aktivt, slik at ein får fiksa opp ein konfliktfylt eller stressa situasjon. For å endre desse vilkåra kan ein bruke mestringsstrategiar som kjensleregulering og problemløysing. Kort og enkelt vil mestring seie å løyse opp vanskelege situasjonar, og det ved hjelp av dei to strategiane som eg skal ta føre meg.

Kjensleregulering er meir ein mental prosess, der ein dempar indre uro, skyld eller angst. Medan problemløysing er ein strategi der ein gjer noko aktivt for å løyse ein situasjon. Ein ser på kva årsakene til situasjonen er og kva ein kan gjere med problemet. Desse strategiformene er noko alle har vore igjennom, og som ein brukar. Nokre brukar kanskje kjensleregulering før dei brukar problemløysing, eller dei brukar berre ein av strategiane.

Kjensleregulering er ein strategi som går utover deg sjølv, du stengjer problemet inni deg og gjer ikkje noko med det. Et eksempel på dette er om ein har vore utru, og ein vel å ikkje sei noko til kjærasten. Vedkommande vil då kjenne ein form for skyld og/eller uro. Det er kanskje nokon som klarer å leve med den følelsen inni seg, men eg trur dei fleste ikkje klarar det i lengda. Det varierer sjølvsagt frå person til person korleis ein meistrar slike hendingar og korleis ein taklar følelsane sine. Kjensleregulering går som sagt ut på det du føler som indre uro, skyld eller angst, og vil i ikkje vere bra for deg i lengda. Eg syns dermed ikkje at dette er ein god strategi då ein har det vondt/ ubehageleg inni seg.

Problemløysing er ein meir aktiv handling, ein gjer noko med problemet og prøver å løyse det i staden for å stengje det inni seg. Om den som har vore utru å ikkje klarer å halde det inni seg, vil han finne ein løysning. Ein løysning på dette problemet er å fortelje det til kjærasten. Det kan vere ein kjem “godt” ut av problemet og det var bra at den utrue sa i frå. Men kanskje det ikkje alltid lønner seg med denne løysninga viss kjærasten ikkje vil vere i lag med denne personen meir. Då har du fått ein ny situasjon å meistre, skal ein prøve å fikse problemet som oppstod etter at det blei fortalt? Denne problemløysinga vil kanskje vere lettare å bruke etter ei tid, det er kanskje vanskeleg å gjere noko med situasjonen men det blir betre for deg etter kvart.

Mestring handlar ikkje alltid om handlingar som å vere utru eller bli forelska i det same kjønn. Det kan vere noko du opplever, som skilsmisse, terror, sjukdommar og dødsfall. Du kan bruke kjensleregulering og/eller problemløysning på dei problema som blei nemnt. Nokon vil ikkje snakke om kjenslene sine, og stengjer alt inni seg. Som det blei skrive om kjensleregulering kan dette bli tungt i lengda, men det er forskjellig frå person til person. Det kan vere lettare å finne ei løysning på problemet, som å snakke med nokon eller få meir kunnskapar om sjukdom eller andre hendingar. Etter ei forsking om diabetes blei det sagt at aktiv mestring/ problemløysing ville hjelpe pasienten, ved å snakke med venner/familie, få kunnskapar og lage ein plan så ein kan tilpasse seg sjukdommen.

Meistring og meistringsstrategiar

«Når dei viktige verdiane eller måla våre blir utfordra, truga eller gjorde til inkjes, opplever vi ein psykologisk stressituasjon. Mennesket vil søkje å imøtegå, unngå eller klare denne stressituasjon på ulike måtar» - Richard Lazarus (1923-1994)

Når du kjenner deg trua som person, er det ikkje sikkert dei psykologiske forsvarsmekanismane er dei rette å bruke. Ein kan i staden prøve aktivt å meistre situasjonen, altso gjere noko med den. Meistring kan bli sett på som ein konkret forsvarsmekanisme som er karakteristisk for det enkle menneske, eit trekk ved personlegdommen din. Dersom du sjeldan kjem opp i konfliktsituasjonar og blir sett på som eit hyggeleg menneske, har du god evne til å meistre sosiale situasjonar, på grunn av den du er. Da har du ei evne til å unngå konflikt og bruker denne så og sei automatisk. Det finst og meistring som er det motsette av dette, altso at meistringsåtferda er målretta, situasjonsbunden og medviten. Ein viktig person som har forska mykje på dette er den amerikanske psykologen Richard Lazarus.

Kjem du i ein konfliktsituasjon vil du prøve å meistre situasjonen, eller du kan endre vilkåra som gir grunnlag for problemet, slik at det blir likevekt i situasjonen. Det er viktig å meistre ein situasjon for å opphalde ein positiv sjølvtillit og ein emosjonell balanse, i tillegg reduserast spenningar i forhold til andre menneske. Du har to meistringsstrategiar, kjensleregulering og problemløysing, som kan hjelpe deg å meistre ulike situasjonar.

Ved meistring ved kjensleregulering dempar du indre uro eller skyld og angst ved å fornekte eller unngå ein situasjon. Dette gjer ein gjennom ein mental prosess utan konkrete handlingar.
Ved meistring ved problemløysing finn ein årsaka til det som har skjedd og gjer noko med situasjonen. For å klare dette søkjer ein kunnskap og informasjon som grunnlag for handling.

Det variere frå individ til individ om du meistrar ulike situasjonar ved å involvere og engasjere deg eller ved å halde distanse og ha kontroll. Meistring er og avhengig av reaksjonane frå miljøet, som familie og venner. Sjølv om individ reagerer overraskande likt emosjonelt og ut i får eit felles mønster når vi opplever kriser og konfliktar, har vi alle eigne element i personlegdommen vår som gjer at vi reagerer ulikt. Det er derfor svært viktig at vi har respekt for kvarandre og problema til kvarandre. 
Therese 

onsdag 30. november 2011

Meistringsstrategiar

”Når dei viktige verdiane eller måla våre blir utfordra, truga eller gjorde til inkjes, opplever vi ein psykologisk stressituasjon. Mennesket vil søkje å imøtegå, unngå eller klare denne stressituasjonen på ulike måtar.” – Richard Lazarus

Meistring er ein individuell forsvarsmekanisme ein tek i bruk når ein kjem i ein psykologisk stressituasjon. Korleis ein taklar ein slik situasjon er avhengig av korleis du er som person, i tillegg til korleis miljøet og dei rundt deg reagerer. Det fins to hovudformer av meistringsstrategiar vi bruker: Kjensleregulering eller problemløysing.

Kjensleregulering er ein mental prosess ein bruker for å dempe indre uro. Her gjer ein ikkje konkrete handlingar for å løyse stressituasjonen. Ein prøver heller å unngå konfrontasjon, og vente på at ting går over av seg sjølv. Kjem ein i ein stressituasjon kan ein også t.d. snakke med ein person for å prøve å dempe den indre uroa. Ein døme på dette er om ein skal ha eksamen, og er veldig nervøs. Då kan ein anten unngå situasjonen, eller prøve å takle stresset med å snakke med nokon.

Den andre strategien er problemløysing. Her finn ein årsaka til kva som har skjedd, og prøver å ordne opp. På denne måten tek ein kontroll over situasjonen. Då kan ein endre situasjonen til det betre. Døme: Lise har funne ut at ho er lesbisk, men har ikkje fortalt det til familien, fordi ho er usikker på korleis dei vil reagere. Her kan ho anten unngå situasjonen ved å ikkje seie noko. Eller kan ho bruke problemløysing, og snakke med foreldra om legninga si og om kjenslene sine. Då har ho teke kontroll over situasjonen, og samtidig gir foreldra ein sjanse til å støtte Lise.

Strategiar for kjensleregulering og for problemløysing kan vere gode eller dårlege, bevisste eller ubevisste. Dette er avhengig av kor mykje stress ein er utsett for, og kor mykje tid ein tek til å tenkje seg om. 

Brita