Meistring er ein måte å takle ein konfliktsituasjon på. Når menneske
kjem opp i ein vanskeleg situasjon kan det endre på det som gir grunnlaget for
problemet. Ved hjelp av ulike meistringsstrategiar er dette muleg. Dei
vanlegaste formene for meistringsstrategi er kjensleregulering og
problemløysning.
Dersom vi har gjort ei handling der vi i ettertid føler skyld eller
angst nyttar vi ofte meistringsstrategien kjensleregulering. Denne prosessen går føre seg mentalt.
Problemet er der, men vert unngått. Vi kan vise dette ved eit eksempel. Ei
jente på 17 år har stelt ei bukse frå ein butikk. Ho var ute etter spenninga
ved å gjennomføre denne handlinga, men etter kvart angra ho. Den dårlege samvita
tok over og ho blei redd for at foreldra skulle merke noko. Dette førte til at
ho alltid var på vakt rundt foreldra og etter kvart prøvde å unngå dei. Sjølv
om ho visste at denne kjensla ikkje kom til å gå over før ho fekk snakka med
foreldra og ordna opp i problemet, gjekk ho berre rundt å tenkte på det utan å
gjere konkrete handlingar. Ved hjelp av denne kjenslereguleringa slapp ho unna
problemet for ein periode.
Problemløysning er den andre meistringsstrategien som vert nytta. Den
går ut på å ta tak i problemet og finne ut årsaka til det som har skjedd. Vi
treng informasjon for å kunne forstå handlingane. Det førre eksempelet kan
brukast til å vise denne meistringsstrategien. Jenta har no bestemt seg for å
gjere noko med den dårlege samvita og dei ubehagelege kjenslene. Ho går til
foreldra og fortel kva ho har gjort. Foreldra reagerer først sterkt, men roar
seg når jenta fortel om den dårlege samvita og at ho angrar på det ho har
gjort. Dei ber ho reise tilbake til butikken med buksa og fortelje kva som har
skjedd. Jenta gjer så dette. Etterpå er alle dei vonde kjenslene borte og ho
har inga dårleg samvit. Ho behøver ikkje lenger å unngå foreldra, og får ein
mykje lettare kvardag.
Kjensleregulering er
ein meistringsstrategi som ikkje fungerer så bra over tid. Den inkluderer mykje
tankar og følelsar som ein gjerne vert sittande aleine med. Samtidig er dette
den enklaste meistringsstrategien å gjennomføre ved å unngå å ta opp sjølve
problemet. Det er mykje negativt ved denne meistringsstrategien. Å halde inne
følelsar går sterkt utover kvardagen. Ein kan bli fort sur fordi ein har mykje
å tenke på. Samtidig vert det mykje unødvendig bekymring og mykje av tida vert
brukt på å tenke mange unødvendige tankar. Problemløysning er vanskelegast å
gjennomføre av dei to meistringsstrategiane. Det krev mykje av ein, å ta tak i
problemet å gjere noko med det. Likevel er det denne meistringsstrategien som
fungerer best over tid. Det vert ein kort periode med vanskelege følelsar, men
desse vil etter kvart forsvinne. Menneska rundt får reagert på sin måte og det
vil snart kjennast mykje betre. Konklusjonen på dette vert at problemløysning
er den beste meistringsstrategien over tid sjølv om den kan vere vanskeleg å
gjennomføre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar