Du har sikkert tankar om kva personlegheit er, og tenkjer kanskje på det som definerer veremåten til ein person. Dersom du no stoppar opp og tenkjer over korleis personlegdommen din er, kva som kjenneteiknar deg som person, då tar du utgangspunkt av di eiga oppfatning av deg sjølv. Sjølvoppfatninga, er det vi kallar summen av alt du veit, trur og tenker om deg sjølv.
Sjølvoppfatninga di er også i stor grad avhengig av korleis du trur andre oppfattar deg. Summen av dei inntrykka du har av deg sjølv, og korleis du trur andre oppfattar deg, kva slags plass du trur du har i forholdet andre og i samfunnet elles, er det totale sjølvbilete ditt. Sjølvbiletet ditt er ofte særs avgjerande for den normale, daglege åtferda din. Dermed er sjølvbiletet ein viktig del av det som karakteriserer deg. Mange vil seie at det som kjenneteiknar deg som person, er det same som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er noko meir. Identitet kan sjåast på som aspekt ved deg sjølv som er uforanderlege over tid og bestandige, men også personleg informasjon som seier noko om deg og kvar du kjem, som namn, bustad og etnisk bakgrunn.
Utviklinga av sjølvbiletet skjer altså i nær samanheng med dei personane me omgås, og korleis vi vi oppfattar oss sjølve saman med desse personane. Korleis vi oppfattar oss sjølve og dermed utviklar sjølvbiletet kan setjast opp i tre punkt:
Korleis vi oppfattar oss sjølve: Oppfatninga ein har av kven ein her, sosial status, yrke og kva rollar og forventningar ein har til seg.
Korleis vi ønskjer å vere: Den ideale oppfatninga av oss sjølve, altså kven ein har som mål å bli – eller i det minste å vere noko som liknar
Korleis vi vel å stå fram: Korleis ein prøver å framstille seg sjølv for andre menneskje. Her meiner vi kva aspektar, talent og eigenskapar ved oss sjølve vi prøver å framheve, eller skjule, og kva rolle ein prøver å spele.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar