Personlegdommen er det som
gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre menneske. Altså ein
definisjon av personlegdom får fram det spesifikke og karakteristiske mønstret
av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss
har i samhandling med omgivnadane.
Trekkteoriar handlar om menneske lege trekk eller eigenskapar og
byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har
meir eller mindre av. Dette vil seie at teoriane legg meir vekt på personlegdomstrekka
til individet og ikkje korleis det opptrer i ei gruppe.
Trekkteoriane tek utganspunkt i å studere dei ulike personlegdomstrekka
som kvar enkelt menneske har, for å komme fram til ei god og nøyaktig skildring
av ein person. Trekkteoriane vil ikkje framstille personlegdomstypar, då dette
er vil vere sterotypisering, som vil gje eit altfor unøyaktig bilete av
verkelegheita. Menneske let seg altså ikkje plasserast i nokon
«standarkategori», sidan alle er forskjellige.
Femfaktormodellen er den mest kjente teorien innanfor trekkteoriar, den
legg vekt på fem personlegdomstrekk på toppen og 30 mindre viktige
personlegdomstrekk. Costa & McCrae står bak teorien og den kom ut i 1992. Dei
viktigaste personlegdomstrekka i teorien er: utadventheit, empati, orden,
følelsar og openheit.
Kor høveleg trekkteorien er gjeldande i dag er omdiskutert. Ifølge teoriane
vil eit individ alltid vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier
at individet er utadvent, vil det i følgje teoriane alltid vere utadvent. Dette
er ikkje tilfelle i dag, det varierer i kva situasjon ein er. Ein kan til dømes
vere utadvent i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter eit
nytt miljø vil ein handle annleis og derfor vil ein vere innadvent i ein slik
situasjon. Samstundes gjeld ikkje dette nødvendigvis alle, då somme kan opptre
som sosiale, utadvente og vere gode problemløysarar i dei fleste situasjonar.
Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vakse opp i, og kor sjølvstendig
foreldra har gjort ein.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar