fredag 2. desember 2011

Trekkteoriar

Trekkteoriar

Personlegdom kan definerast som stabile tendensar på korleis ein person førehald seg til og tenkjer på omgivnadane og seg sjølv, som viser seg i eit breidd spekter av sosiale og personlege samanhengar. Samspelet mellom miljøet og den genetiske arva bestem personlegdommen. Ein kan trene og endre åtferd, men grunnpersonlegdommen er ofte ganske lik heile livet.

Trekkteoriar handlar om menneskelege trekk eller eigenskapar og byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har meir eller mindre av. Det vil sei at teoriane legg meir vekt på personlegdomstrekka til individet og ikkje korleis individet opptrer i ei gruppe. Sætrang og Blindheim (1991) definerer personlegdomstrekk som: «særskilte og relativt varige eigenskapar, som gjer ein person forskjellig frå andre personar.»

Trekkteoriane forklarer mennesket sin personlegdom slik at ein må studere dei ulike personlegdomstrekka som kvart enkelt menneske har, for å komme fram til ein omtrentleg beskriving av personen. Teoriane prøver ikkje lage personlegdomstypar, dei meiner at ein slik stereotypisering gir eit altfor unyansert bilde av verkelegheita. Mennesket er altfor forskjellige og kan derfor ikkje plasserast i nokon standardkategori.

Trekkteoriane tek utgangspunkt i at det finst mange forskjellige skalaer og dimensjonar. For å komma fram til ein god beskriving av ein person sin personlegdom, må vi undersøkje korleis personen scorar på eit stort antall med skalaer.
EKS: Ein kan sjå på kor stor grad vedkommande er: Innadvent/utadvent, Sosial/usosial, Hissig/roleg osv.
Svakheitar i teorien er at han ignorerer visse faktorar i forskjellige situasjonar. Teorien bør ikkje bli brukt idag fordi han bestem personlegdommen vår etter forskjellige trekk som vi har, når det er så mykje meir som bestem korleis vi oppfører oss. Slik som samfunnet og interesser.

Ein vanleg modell innan trekkteoriane er Hans Eysenck sin trefaktormodell. Denne modellen går ut på at at det finst tre store trekk. Psykotisme, Ekstroversjon og nevrotisisme. Modellen er ein hierarkisk modell, og vert kalla «pen» modellen.
P: Aggressiv, kald egosentrisk, egosentrisk, impulsiv…
E: Sosial (sosiabilitet), livlig, aktiv dominerende….
N: Angst; depresjon, skyldfølelse, lav selvtillit….
Nevrotisisme meinte han var knytta til ustabilitet i nervesystemet.
Psykotisme meinte han var knytta til kjønnshormonet testosteron.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar