“Personlegheit kan beskrivast som stabile tendensar i korleis ein enkeltperson betraktar, forheld seg til, og tenkjer på omgivnadane og seg sjølv, som viser eit bredt spekter av sosiale og personlege samanhengar.”
No i nyare tid er personlegheit betrakta på mange måtar. Her kjem me inn på dei store fem; Psyko-dynamiske perspektiv, åtferds-dynamisk, empiriske, og humanistisk teori.
I USA i 1960 oppstod det heilt nye teoriar enn det som var frå før. Desse teoriane tok utgangspunkt i eigenskapane kjærleik, personleg fridom og sjølvmedvit. Teoriane vart kalla humaniske teoriar. Desse teoriane seier at mennesket kan ta eigne val og at dei er sjølv ansvarlege for kva dei vil gjere med livet sitt. Humaniske teoriar konsentrerer seg om korleis mennesket ser på seg sjølv og miljøet rundt.
“Humanistisk teori framhevar eit meir positivt menneskesyn. Det vert understreka at mennesket kan ta eigne val, og at dei sjølv står ansvarlege for kva dei gjer ut av livet sitt.” Dette kan ein diskutere. Eit døme kan vera eit barn som har vekse opp i eit vanskelege forhold i heimen til dømes rusmissbruk. Er det då barnet sitt ansvar om det i vaksen alder vert og rusmisbrukar eller er dette eit samfunnsansvar? Eg meiner at dette er begge sitt ansvar. Personen står sjølv ansvarleg for handlingane han har gjort. Samstundes har og samfunnet ansvar òg ved at dei svikta han i oppveksten ved at for eksempel barnevernet ikkje kom inn i biletet.
Vidare konsentrerer desse teoriane seg om “oppfattninga som individet har om seg sjølv og miljøet omkring. Vidare er utviklinga avhengig av korleis den enkelte fungerar i mellommenneskelege forhold.” Dette vil sei om mennesket klarar seg i det sosiale liv, til dømes: om mennesket klarar å samhandla og omgåst med andre, og kva måte han gjer dette på. (frekk, høffeleg) Når det gjeld oppfattninga om individet har av seg sjølv, er denne like aktuell i dag. Eg meiner at den er like gyldig i dag fordi ein speglar seg i andre mennesker som ein omgås med, ved at desse personane signaliserer og uttrykker seg både verbalt og non verbalt til individet som person. Dette gjer til at personen skapar seg ei oppfattning av seg sjølv som kan vera både positiv og negativ, dette kan ein og kalla for speglingsteori.
-Ingrid Ask
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar