«Sjølvoppfatning er ei samnemning på alt du veit, trur og føler om deg sjølv.» (Gjøsund og Huseby 136). Det som omhandlar sjølvoppfatninga di kan me dele inn i to hovudgrupper:
Karakteriserande: Om du er flink på skulen, grei å ha med å gjere heime og likar videospel, vil det vere dei karakteriserande kategoriane om deg. Om desse kategoriane er negative eller positive, kjem an på korleis andre vurderer det. Deira reaksjon på desse kategoriane vil vere avgjerande for korleis sjølvoppfatninga di vil bli, og vidare korleis sjølvtilliten din vere. Dersom du berre får negativ respons på dei negative karakteristikkane dine, vil sjølvtilliten din bli negativ.
Vurderande: Den vurderande delen av sjølvoppfatninga går meir på å vurdere deg sjølv. Vurderingar om kva du gjer og kva du står for, og om du liker eller misliker det. Det er desse vurderingane om ein sjølv som legg grunnlag for sjølvrespekten din, og dersom du vurderer deg sjølv positivt, vil sjølvrespekten din bli høg.
Det er kombinasjonen av sjølvoppfatning, sjølvtilliten og sjølvrespekten din vi kallar sjølvbilete ditt. Sjølvbilete ditt held seg meir eller mindre stabilt over lengre til, i motsetnad til sjølvoppfatninga og sjølvtilliten din som gjerne endrar seg frå tid til annan.
Identiteten til ein person er noko meir enn berre sjølvbilete. Identiteten til ein person er både sjølvbilete og alt som er unikt for deg, som til dømes: namn, personnummer, bustad, bakgrunn.
Korleis me oppfattar oss sjølve og korleis sjølvbilete vårt då utviklar seg er viktig for oppførselen. Og det er gjerne tre punkt som blir avgjerande for korleis me oppfører oss:
Korleis vi oppfattar oss sjølve: Den oppfatninga vi har av oss sjølve; kva status, yrke og rolle me har.
Korleis vi ønskjer å vere: Den idealiserte oppfatninga av oss sjølve, korleis vi ønskjer å vere. Me har alle mål om korleis vi skal oppføre oss og om kva etiske og moralske kvalitetar me burde inneha.
Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske: Korleis vi viser oss for andre menneske, kva rolle me vel å spele og kva eigenskapar vi vel å vise.
Korleis me så oppfører oss og viser oss for andre blir eit kompromiss av desse tre punkta.
Korleis folk reagerer på handlingane og oppførselen vår, vil påverke korleis vi handlar vidare. Men ikkje alle har like stor påverknad. Visse personar sine reaksjonar er viktigare enn korleis andre reagerer på oppførselen vår. Til dømes vil du truleg bry deg meir om korleis ein i klassen reagerer på oppførselen din, enn korleis ein framand på gata reagerer. Dei personane som er viktigast kallar me signifikante andre. Me har også ein tendens til å leggje mest vekt på positiv respons framfor negativ respons, og oppsøkjer gjerne situasjonar eller grupper der me forventar å få positiv respons på dei me gjer.
Kjelde: Peik Gjøsund og Roar Huseby. Psykologi 1.
Magnus B
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar