Viser innlegg med etiketten Humanistisk Teori. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Humanistisk Teori. Vis alle innlegg

onsdag 7. desember 2011

humanistiske teoriar

gjer greie for humanisk teori, kjenneteikn, diskuter korleis det på verkar personlegheita og vurder kor gyldig den er i dag. 
Humanistiske teoriar oppstod som ein reaksjon på psykodynamisk teori som la vekt på det ubevisste. Humanismen går ut på at mennesket har fri vilje og har kontroll over bevisstheita si. Meir menneskelege eigenskapar er sett i fokus og humanismen viser eit meir positivt menneskesyn. Det aller mest sentrale er behovet for sjølvrealisering. Mennesket kan ta rasjonelle valg i forhald til framtid uavehengig av tidlegare opplevelsar og barndom. Forventningane som dette synet gir kan vera positivt for ein person fordi den seier at ein kan klare det ein vil, sjølv om ein har opplevd vanskelege ting eller har hatt ein oppdragelsesvikt osv. Ein fokuserar på notida, og kva ein kan gjere no. 
Carl Rogers er ein av dei viktigaste personane innanfor humanistiske teoriar, i lag med Abraham Maslow. Rogers sin teori går ut på at alle menneske er gode og at respekt for menneskeheita er viktig for den mentale helsa. I motsetnad til Freud sin teoriar er det noværande viktigare enn både framtida og fortida. Derfor undersøker ein kva ein kan gjere no, i staden for å ta avgjersler vasert på kva som kan skje i framtida, enn å dvele ved fortida. Ideen om personleg ansvar for sjølvrealisering er også viktig. 
Dei humanistiske teoriane står fortsatt sterkt i dag. Tanken om at alle sjølv kan bidra til å forbedre sin eigen mentale og fysiske helse er viktig. Rundt oss blir me heile tida oppfordra til ting me kan gjera for å oppnå bedre helse, spesielt i media. Konseptet med at alle er like verdige uavhengig av t.d etnisk bakgrunn jobbar ein fortsatt med i dag, og ein blir oppfordra til toleranse og respekt i forhald til menneske rundt oss. 

-synne

søndag 4. desember 2011

Humanistisk Teori

Gjer greie for kjenneteikn ved typeteori, diskuter korleis denne teorien forklarar menneskets personlegdom og vurder kor gyldig den er i dag.

“Personlegheit kan beskrivast som stabile tendensar i korleis ein enkeltperson betraktar, forheld seg til, og tenkjer på omgivnadane og seg sjølv, som viser eit bredt spekter av sosiale og personlege samanhengar.”

No i nyare tid er personlegheit betrakta på mange måtar. Her kjem me inn på dei store fem; Psyko-dynamiske perspektiv, åtferds-dynamisk, empiriske, og humanistisk teori.

I USA i 1960 oppstod det heilt nye teoriar enn det som var frå før. Desse teoriane tok utgangspunkt i eigenskapane kjærleik, personleg fridom og sjølvmedvit. Teoriane vart kalla humaniske teoriar. Desse teoriane seier at mennesket kan ta eigne val og at dei er sjølv ansvarlege for kva dei vil gjere med livet sitt. Humaniske teoriar konsentrerer seg om korleis mennesket ser på seg sjølv og miljøet rundt.

“Humanistisk teori framhevar eit meir positivt menneskesyn. Det vert understreka at mennesket kan ta eigne val, og at dei sjølv står ansvarlege for kva dei gjer ut av livet sitt.”  Dette kan ein diskutere. Eit døme kan vera eit barn som har vekse opp i eit vanskelege forhold i heimen til dømes rusmissbruk. Er det då barnet sitt ansvar om det i vaksen alder vert og rusmisbrukar eller er dette eit samfunnsansvar? Eg meiner at dette er begge sitt ansvar. Personen står sjølv ansvarleg for handlingane han har gjort. Samstundes har og samfunnet ansvar òg ved at dei svikta han i oppveksten ved at for eksempel barnevernet ikkje kom inn i biletet.



Vidare konsentrerer desse teoriane seg om “oppfattninga som individet har om seg sjølv og miljøet omkring. Vidare er utviklinga avhengig av korleis den enkelte fungerar i mellommenneskelege forhold.” Dette vil sei om mennesket klarar seg i det sosiale liv, til dømes: om mennesket klarar å samhandla og omgåst med andre, og kva måte han gjer dette på. (frekk, høffeleg) Når det gjeld oppfattninga om individet har av seg sjølv, er denne like aktuell i dag. Eg meiner at den er like gyldig i dag fordi ein speglar seg i andre mennesker som ein omgås med, ved at desse personane signaliserer og uttrykker seg både verbalt og non verbalt til individet som person. Dette gjer til at personen skapar seg ei oppfattning av seg sjølv som kan vera både positiv og negativ, dette kan ein og kalla for speglingsteori.
-Ingrid Ask