mandag 16. april 2012

MOBBING

Mobbing er sjikane, fysisk og\eller psykisk mishandling av ein eller fleire personar og som oftast varer i lengre periodar. Det kan bli utløyst av sjalusi, at ein trenger å føle betre om seg sjølv, for å få ut aggresjon eller liknande. Ein finner det svakaste leddet som ikkje klarar å forsvare seg. Mobbing blir ofte utløyst av negativ eller ondsinna atferd.

Mobbing i grupper har ofte eit kastesystem. Mobbing kan førekomme på barnehage, skule, jobb og\eller fritid. Og me kan sei at det fins tre typar mobbing: sjikane, fysisk og verbal. Det er fleire faktorar som kan gjøre ein person til eit mobbeoffer som klesstil, pengesituasjon, at ein er kraftig, er ikkje pen nok, handikap, seksuell legning, etnisk bakgrunn osv. Gutar er meir utsett for fysisk mobbing enn jenter og jenter er utsett for meir verbal mobbing enn gutar. Men hos gutar er det også verbal mobbing som er det vanlegaste.

Personen øvst på kastesystemet, leiaren, veljar ut eit mobbeoffer og følgesvennene til leiaren henger seg på mobbebølgen. Mobbeofferet har vanlegvis få vennar, sidan mange er redde for å bli mobbeoffer sjølv.Mobbing spreiar seg også ofte frå ein vennegjeng til ein annan. Ein gjeng mobbar ein person, deretter mobbar fleire gjengar same personen. Nokon personar vendar ryggen til bestevennen sin bare for å bli betre likt og for å få ein høgare status i kastesystemet.

Mobbing kan vere som ein kjedereaksjon.

Årsaker

Det finns mange forskjellige årsaker til mobbing. Det kan verke som om dei som mobbar har enormt mykje sjølvtillit, men det er berre utanpå. Inni seg kan dei ha det veldig vondt eller kanskje vere redde, og må dermed framstå som tøffe for å skjule korleis dei eigentleg har det inni seg. Ei som sjølv har vorte mobba seier at det kan vere at mobbaren har eit sterkt behov for merksemd, eller det kan vere faktorar som rundt dei som gjer at dei må få andre til å føle seg verre enn dei sjølve.


Når det er gutar som mobbar, går dei ofte etter fagleg utryggleik. Dersom det for eksemel er ein elev i klassen som er dårleg fageleg, kan den som mobbar ta han for å vere dum og ikkje verdt noko. Dersom det derimot er jenter som mobbar, går dei oftast etter sosial utryggleik. Dersom ein person ikkje har så mange venner, kan den /dei som mobbar plage personen for det, og han kan dermed lett bli utstøytt. Det som er felles for dei som mobbar er at dei bryt normene for sosial åtferd. Når dei då blir konfronterte med det dei har gjort, viser dei at dei har prøvd å tolke situasjonen ved å gi offeret negative motiv og tolke nøytrale hendingar som negative motiv.


I ein debatt på VG – nett svarde Andrè Baraldsnes (leiar for Olweus, eit program mot mobbing) på spørsmålet «Jeg har hørt at mobbing ofte skjer som resultat av (hoved)mobberens eget dårlige selvbilde. Hvor mye sannhet tror du ligger i dette?». Baraldsnes svarde at dette berre er ei myte, og at dei som mobbar andre har eit «oppblåst sjølvbilete» som vil seie at mobbarane trur for godt om seg sjølve og kva dei kan gjere mot andre. Dette er og ein årsak til mobbing som svært ofte tek del i mobbinga.

Mobbeoffer og mobbarar

Hos eit mobbeoffer speler ytre kjenneteikn liten rolle, men alle skil seg ut likevel. Blant unge gutar er det ofte fysisk vald som står i sentrum, og mobbeofferet er ofte fysisk svakare enn mobbaren. Det typiske mobbeofferet er forsiktig og stille av natur, og åtferda deira er ikkje utfordrande. Emosjonelle vanskar er det som kjenneteiknar mobbaren mest.

Det er ungar som er meir aggressive enn andre barn og unge som oftast er dei som er mobbarar. Dei er godt likt og føler seg trygg på andre medelevar, noko som fører til at ein kan føle at ein kan styre skuta. Det er flest gutar som mobbar, og flest gutar som blir utsett for mobbing. Det vil altså sei at gutar går etter gutar, og ikkje etter jenter. Først var forskarar berre opptekne av at mobbing gjekk ut på den fysiske valden, men i seinare tider har dette endra seg. No ser me også på erting, psykisk plaging og utestenging som mobbing. Derfor kjem også jentene meir fram som mobbarar og mobbeoffer. Jentene bruker ikkje fysisk vald i så stor grad som gutane, men ein kan sjå at vald oppstår også blant jenter i nokre miljø.

Mobbing er mest vanleg blant unge menneske, men ein kan også sjå det blant vaksne både på arbeidsplassen og fritid. Det er funnet ut at elevar som går på barneskulen, nærare bestemt 4 og 5 klasse er dei som brukar mobbing hyppigast. Og deretter er det jamn nedgang til 10. klasse og ungdomsskulen.

Konsekvensar

Mobbing er skadeleg for den det gjeld, både fysisk, psykisk og sosialt. Det kan vere med på å gi den som blir mobba psykiske helseplager. Offeret blir gradevis neddratt og gir redusert livskvalitet. Familien til offeret blir og ramma og utsett for store påkjenningar.


Forsking viser at det er ein samanheng mellom mobbing og risiko for psykiske problem, som angst, depresjonar og sjølvmordstankar. Offeret opplever at det er dei sjølve det er noko gale med, og dette gjer noko med personens sjølvbilete. Langvarig mobbing kan føre til frykt for bestemte personar og situasjonar, og kan seinare utvikle generell angst.


Nokon av offera blir så lei av å kjempe imot det vonde, at dei tar sitt eige liv. Me kan tru så mange som 40-60 personar i Noreg kvart år tek sitt eige liv som ei direkte eller indirekte følgje av mobbing. Talet på sjølvmord blant unge har auka kvart år, og viser klar samanheng med mobbing.
Forsking viser også at det ikkje går så bra med mobbaren òg. Dess eldre ein blir, dess mindre populær blir dei bland sine jamaldringar. Dei kan begynne å gjere antisosiale handlingar som hærverk, å stele, skulke skulen og så vidare. Dette kan utvikle seg til rusmisbruk og anna kriminalitet.

Kva må til for at mobbing skal stoppast?

Når det kjem til tiltak som må gjerast for å stoppe mobbing kan me dele det inn to; skulenivå og individnivå. Sjølv om det framleis er mykje snakk om at det må komme fleir nye tiltak for å stoppe mobbing er det også mange tiltak som i dag er teken i bruk. Mange av tiltaka som kjem i nivået under er allereie tiltak som skulen, samfunnet og individ i dag brukar for å gjere ei endring.

Både heimen og skulen må vise negative reaksjonar mot barnet for at det skal lære og for å endre åtferda si. Det kan vera enklare for skulen å snakke med eleven. Dette er fordi mobbaren og mobbeofferet ikkje vil snakke om kva som føregår, og unngår derfor å prate med foreldra.

Skulenivå:

Noko som i dag er i bruk, og som også ein meiner skal oppretthaldast er elevundersøking med spørjeskjema. Sidan desse elevundersøkingane pleier å vera anonyme er det kanskje fleir som tørr å stå fram og sei i frå. Det er også oppfordra til å ha studiedag på skulen der mobbing er i fokus. Eit eksempel på dette kan vera MOT. Da står enkelt personar i fokus, og ein lærer å sette pris på andre. Ein meiner det skal vera betre inspeksjon i friminutta så uhyggelige hendingar ikkje skal oppstå og slik at lærar kan ha betre oversyn over kva som føregår når ungane har friminutt. Lærarar må også vera observante, og opne for å snakke og ha samtalar med elevane. Me har i tillegg til dette skulereglar, klassemøte og foreldremøte.

Individnivå:

Skuletilsette og foreldre må ta initiativ til å ha samtalar med mobbaren (mobbarar), mobbeoffer og begge saman. Samtalane må vera alvorlege og ein må vise at dette ikkje er greitt å gjere, det må altså vera målretta. Lærarar må ha samtale med innblanda foreldre, og det må lagast tiltaksplanar. Foreldre må også ha tett oppfølging av ungane sine og passe på kva som skjer rundt barnet. Det kan ikkje alltid vera like lett då ungen er på skulen, men då er det meininga at skuletilsette skal halde eit auge med ungen.

Dan Olweus sitt prosjekt som blir brukt i skulen er eit eksempel på dette

Dan Ake Olweus er ein psykolog og professor i personlegdomspsykologi ved universitetet i Bergen. Olweus er ein av verdas leiarar innafor mobbing, og han har gjort eit stort arbeid for å klarleggja kven som blir mobba, kven som mobbar og korleis mobbing kan stoppast. I 1970 starta han eit prosjekt som reknast for å vere verdas første vitskapelege undersøking av mobbingsproblematikk.
Det har vorte oppretta ei gruppe mot mobbing som blir kalla «Olweus – gruppa mot mobbing», som er eit forskingsmiljø ved HEMIL – universitetet (forskningseinheit tilknytta Uni helse og Det psykologiske fakultet).


Forskargruppa står bak Olweus-programmet mot mobbing, et anti-mobbe program til bruk i grunnskulen for å redusere mobbing og antisosial åtferd. Programmet er utviklet av Dan Olweus, forsker ved HEMIL-senteret og er anbefalt av norske skulemyndigheiter.


Kjelder:
- http://no.wikipedia.org/wiki/Dan_Olweus
- http://no.wikipedia.org/wiki/Olweus-gruppen_mot_mobbing
-http://www.pratekompaniet.net/forum/showthread.php?t=21979
-http://tpn.vg.no/intervju/tittel/1314
-http://www.forskning.no/artikler/2011/juli/293034
-http://www.helse.uni.no/ContentItem.aspx?site=29&ci=3444&lg=1
- http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/-mobbing-i-skolen-kan-foere-til-selvmord-2807612.html
- Psykologi 1 - Mennesket i utvikling - Peik Gjøsund. Roar Huseby - Cappelen Damm - 2010
-
http://www.absentia.no/article.aspx?articleID=12

Amalie, Caroline E, Cecilie, Sara

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar