Viser innlegg med etiketten Psykodynamisk teori. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Psykodynamisk teori. Vis alle innlegg

mandag 5. desember 2011

Psykodynamisk teori

- Gjer greie for kjenneteikn ved typeteorien psykodynamisk teori, og diskuter korleis denne teorien forklarer menneskets personlegdom og vurder kor gyldig den er i dag.

Psykodynamisk teori går ut på menneskets behovs- og driftsliv. Teorien forklarar den menneskelege åtferda som eit konfliktfylt samspel mellom behov, kjensler og rasjonelle overvegingar. Dynamisk psykologi er og noko som styrer tanke- og handlingslivet vårt. Mykje av det som kjem inn under denne kategorien er at ein legg vekt på det ubevisste, kjensle- og behoslada, fortrengte minner, tankar og motiv.

Psykoanalyse, analytisk psykologi og psykodynamisk eg – psykologi blir rekna under den psykodynamiske teorien. Desse gir altså svar på det medvitne og det umedvitne. Psykoanalysen er teori om sjelelivet som vil sei at det oppstår konfliktar mellom behovs- og kjenslelivet. Eksempel på dette kan vera drøymer, dagdrøyming, fantasering og relasjonar til andre menneske. Psykodynamisk er altså ei forklaring på krefter i kroppen som individet har og det vil vidare påverka åtferda vår.

Sigmund Freud er svært viktig for dei psykodynamiske teoriane, også i dag. Han meinte at grunnlaget for utviklinga av personlegdommen var indre konflikt. Indre konflikt vil sei at du for eksempel står overfor to val, men veit ikkje kva du skal velje. Dette gjer at karakteren vår endrar seg i løpet av oppveksten, fordi vala og meiningane våre vil endra seg heile tida. Konfliktar i barndommen hadde den største innverknaden på utviklinga meinte han. Dette var fordi traume vil følgje deg i oppveksten (når du blir litt eldre). Så om eit barn har hatt ein vanskeleg oppvekst med for eksempel vald, kan ein sjå dette på barnet i seinare tider. Teikn på dette kan du finne i barnets åtferd og korleis han/ho utfordrar og angriper ein situasjon eventuelt andre daglege ting.

Personlegdommen vår blir vist gjennom tankar, kjensler og åtferd som tidlegare nemnt. Teorien ser mennesket i stadig ”ubalanse” ved at du vel forskjellig nesten heile tida og at me stadig er i endring. At det stadig dukkar opp nye situasjonar me må innretta oss i og ta val kallar me dynamiske prosessar og det har med det medvitne og det umedvitne å gjera. Det umedvitne er ein del av åtferda vår og som me ikkje er klar over, at det berre skjer på ein måte. Det medvitne er sjølvsagt omvendt av det umedvitne.

Freud delte personlegdommen vår inn i tre delar: id, ego og superego. Alle desse verkar på ei og same gong. Id = dekkje behova våre, å tilfredsstille. Det styrer altså lystprinsippet vårt som vil seia at eit barn blir freista eller får lyst til noko, og gjer det utan problem. Dette er det første grunnlaget hos eit barn, men etter kvart kjem neste trinn inn, som er ego. Egoet blir utvikla når barnet forstår at alle behova ikkje alltid kan tilfredsstillast. No har også barnet meir respekt og spør gjerne før dei gjer noko, eller så gjer dei det i skjul så ingen merker det. Reglar byrjar også å kome inn i livet og egoet må no styrer id. Den tredje strukturen i personlegdommen er superego og vurderer handlingar, tankar og ønskjer. Superegoet ditt fir deg signal om korleis ein skal handle og ein treng ikkje lenger å gjere ting i skjul. Superegoet ditt kan og utvikle seg på ein at det dempar ei skyldkjensle, men det kan også vera stikk motsett.

Sjølv om id, ego og superego verkar på likt, kjem dei ofte i konflikt med kvarandre. Det kan skje fordi at egoet må passe på ”lystene” til id, og superegoet må vera merksam på kva som er rett og gale. Freud har framstilt personlegdommen som eit isfjell, og det meste ligg under vatn. Det som ligg under vatn er det umedvitne.

Sigmund Freud hadde også ein teori om at barn kunne bli seksuelt forført av sin eigne foreldre eller andre vaksne. Denne teorien vert kalla ødipuskomplekset. Det skal seiast at forholdet mellom barnet og forelderen har eit gjensidig spel om kjærleik. I denne fallisk – ødipale fasen blir barnets kjærleik til foreldra nyansert etter barnets kjønn. For guten blir faren eit rival og førebilete, og med jenta blir det omvendt. Men under denne prosessen blir forholdet til foreldra usikkert som inneber både positive og negative kjensler. Me kan dele ødipuskomplekset inn i to, altså positivt – og negativt ødipuskompleks. Den positive går ut på å elske foreldra av det motsette kjønn, og hate den av same kjønn. Og den negative er motsett. Men sjølvsagt vil også barnet ha begge sin kjærleik etter kvart. Eit eksempel på dette kan vera når ein gut seier: ”Mamma, når eg blir vaksen skal eg gifta meg med deg”. Og då dei spør om far kan han svare: ”Da er jo han gamal, og kanskje død”.

Eg trur den psykodynamiske teorien er ganske så aktuell i dag som den var før . Det er tusenvis av eksempel som stemmer med denne teorien, og ein høyrer stadig om det. Sjølv om det som teorien består av er allmennleg stoff snakka personar om det med kvarandre. Det at ein valdeleg barndom kan påverka deg og laga traume i framtida di skjer ofte, og er ganske så normalt hos mange. Traume sitt igjen i kroppen din og er noko som følgjer deg vidare. I Maslow sin behovsteori må alle behova vera tilfredstilt for å kunne klatra i pyramiden, og visst ikkje nokon av dei grunnleggjande behova ikkje er tilfredsstilt vil dette følgje deg vidare i kvardagen din. Så eg trur teorien er like aktuell i dag som før.