Rus
Menneskje har frå gammalt av brukt ulike middel for å påverke psyken sin eller medvitet sitt av ulike grunnar. Somme for å kunne sovne eller halde seg vaken, andre for å oppleve rikare opplevingar og hallusinasjonar. Me kan dele rusmiddel inn i to grupper: depressantar og stimulantar.
Depressantar verkar beroligande på sentralnervesystemet, medan stimulantar verkar stimulerande på sentralnervesystemet. Døme på depressantar er alkohol og smertedempande medisinar. Døme på stimulantar er amfetamin og og hardare stoff som kokain.
Korleis virkar rusmiddel?
I hjernen blir det produsert og løyst ut naturlege rusmiddel i kroppen, til dømes serotonin og dopamin. Det er desse som dannast i dei mest grunnleggjande opplevingane me oppfattar som glede. Gleda av eit kyss, gleda av å ete iskrem og livretten din eller det å få eit kompliment er erfaringar som fører til auka dopamin-nivå i hjernen, og me opplever glede. Når ein bruker rusmiddel, skapar det ein overflod av dopaminproduksjon i hjernen, og ein opplever då ein ekstrem glede – eufori.
Kvifor brukar me rusmiddel?
Rusmisbruk er mest utbreidd blant ungdom. Ein av hovudgrunnane til dette er den aukande effekten gruppepress har på ungdomsmiljø. Til dømes i ei jentegruppe på ungdomsskulen. Alle jentene i gruppa røyker, men det er eigentleg ingen av som likar det eller verkeleg har lyst til å røyke, dei gjer det berre for å bli akseptert innanfor gruppa og for å hevde seg. Bruk av rusmiddel høyrer også saman med festing. Andre rusar seg for å gløyme. Visse rusmiddel kan skape ein meir likegyldig innstilling til livet. Folk brukar desse for å gløyme eventuelle problem dei har med familien og skulen.
Korleis påverkar rusmiddel den mentale helsa vår?
Misbruk av rusmiddel fører ofte til helseproblem. Rusmiddel påverkar den fysiske helsa. Nokre påverkar den generelle fysiske forma, medan andre har direkte øydeleggjande effekt på organ ved overdriven bruk. Vidare fører dette til at den psykiske helsa vert påverka. Rusmiddel påverkar hjernen vår – korleis vi oppfattar verda rundt oss og kva kjensler vi har og dermed blir den mentale helsa våre utsett. Blant dei vanlegaste stoffa som blir misbrukt, finn vi hasj og alkohol.
Alkohol og mental helse
Amerikanske studiar viser at avhengnad av alkohol er dobbelt så vanleg hjå dei med psykiske sjukdommar som hjå den generelle befolkninga. Studia viser også at blant den generelle befolkninga lider ca. 20% av psykiske sjukdommar, medan blant dei som brukte alkohol hyppig steig talet til 36%. Me ser at at folk bruker alkohol blir brukt mykje for å takle angst, stress, manisk-depressiv sjukdom og schizofreni. Somme meiner at moderat bruk av alkohol kan forbetre humøret
Hasj og mentale helseproblem
Av ulovlege substansar, er hasj det mest brukte stoffet. Dei fleste ser på bruk av hasj som harmlaust sidan det . Men i dei siste åra er har det dukka opp nye studie som viser at stoffet har klar påverknad på den mentale helsa. Ein trur at regelmessig bruk av hasj kan doble sjansen for å utvikle psykosar og depresjon. Hajsbrukarar er også utsett for auka risiko for schizofreni, som er ein av dei farlegaste diagnosane ein kan få. Dessutan er hasj eit vanleg inngangsstoff, det vil seie at det er meir sannsynleg at folk som bruker hasj kan byrje å bruke tyngre stoff.
Er verkeleg alle rusmiddel ein fare for den mentale helsa vår?
Til ein viss grad, ja. Alle stoff som blir misbrukt i overdreven vil ha effekt på den generelle hesa vår. Men ikkje nødvendigvis ved moderat bruk stoff. Som tidlegare nemnd kan moderat bruk av alkohol forbetre humøret.
Kjelder
http://www.rcpsych.ac.uk/mentalhealthinfo/problems/alcoholanddrugs/cannabis.aspx
http://www.ias.org.uk/resources/factsheets/mentalhealth.pdf
http://www.thirteen.org/closetohome/science/html/whydrugs.html
Psykologi 1 – Mennesket i utvikling, Peik Gjøsund og Roar Huseby
Av Magnus V
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar