FORSVARSMEKANISMAR HOS MENNESKE
Du har sikkert merka på deg sjølv at du har fornekta noko du veit er sant, at du har fortrengt noko som var ubehageleg eller at du har blitt passiv i ein situasjon der du ikkje har følt deg komfortabel. Alt dette er eksempel på menneskelege forsvarsmekanismar. Og med menneskelege forsvarsmekanismar meinast altså då ein samnemning på metodar vi menneskjer brukar for å verne oss sjølv dersom ubehagelege kjensler som t.d. motvilje, angst eller noko som trugar sjølvoppfatninga vår dukkar opp.
Av forsvarsmekanismar har me ni ulike som me reknar som dei vanlegaste. Blant desse kan me finne både negative og positive sider. Dei kan vere både til nytte og til skade på personlegdommen og kvardagen vår.
Fortrenging: Kjend som den mest brukte forsvarsmekanismen. Vi gløymer det ubehagelege og hugsar det positive som skjer i livet vårt. Dette kan ha ein positiv effekt sidan vi då slepp å tenke på alle negative episodar som har skjedd oss. Men på andre sida kan det verke negativt dersom vi fortrengjer for mykje og dermed ikkje kan justere handlingane våre.
Regresjon: Tyder at individet prøver å vere mindre enn det eigentlig er. Dette har heller ikkje mange positive sider, sidan det ikkje er positivt å flykte frå problemstillingane ein møter.
Fornekting og dagdrøyming: Vil seie at ein fornektar noko som har skjedd. Ein bortforklarar hendingar nesten til det ugjenkjennelege. Dette har heilt klart ein positiv effekt, ettersom at fornekting kan hjelpe til å gløyme til dømes traumatiske opplevingar.
Dagdrøyming kan vere ein form for fornekting, sidan det går på å leve seg inn i ei anna verd og då i mellomtida fornekte det som skjer rundt.
Isolasjon, passivitet og projisering: Isolasjon og passivitet går ut på å trekke seg tilbake, og å unngå kontakt med andre. Dette kan for eksempel vere eit barn som set seg for seg sjølv med leikedukkene sine isstaden for å delta på fellesleiker. Det kan og vere at barn vel å skjerme seg og har ein passiv haldning i forhold til nye utfordringar og opplevingar. Dette er først og fremst negativt sidan det hindrar barnet i å skaffe seg fleire og nye erfaringar. Samtidig som at dei då har lett for å utvikle negative tankar om seg sjølv.
Reaksjonsdanning og rasjonalisering: Reaksjonsdanning vil seie at ein undertrykker sine eigne meiningar og tankar, i fordel for andre sine. Ein gir uttrykk for at ein føler noko som er stikk i strid i det ein eigentlig meiner. Dette kan heilt tydeleg ha ein positiv effekt, sidan det er større sjangs for at ein vil bli ”ein del av gjengen” ved å ikkje skilje seg for mykje ut. Rasjonalisering er å undertrykke og forklare seg vekk frå sine eigne følelsar. Dette kan verke negativ sidan ein kan risikere at barnet ikkje får utløp av reaksjonane sine.
Som du skjønnar så har me mange forsvarsmekanismar me kan benytte oss av i kvardagen når me kjenner oss trua av noko. Sjølv om ikkje alle får positive konsekvensar er me avhengige av å bruke dei for å føle oss bra, og for å føle at me reddar ryktet og sjølvoppfatninga vår.
-Andrea