Viser innlegg med etiketten Sjølvbilete. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sjølvbilete. Vis alle innlegg

mandag 5. desember 2011

Psykologi – Sjølvbilete og identitet


Du har sikkert tankar om kva personlegheit er, og tenkjer kanskje på det som definerer veremåten til ein person. Dersom du no stoppar opp og tenkjer over korleis personlegdommen din er, kva som kjenneteiknar deg som person, då tar du utgangspunkt av di eiga oppfatning av deg sjølv. Sjølvoppfatninga, er det vi kallar summen av alt du veit, trur og tenker om deg sjølv.


Sjølvoppfatninga di er også i stor grad avhengig av korleis du trur andre oppfattar deg. Summen av dei inntrykka du har av deg sjølv, og korleis du trur andre oppfattar deg, kva slags plass du trur du har i forholdet andre og i samfunnet elles, er det totale sjølvbilete ditt. Sjølvbiletet ditt er ofte særs avgjerande for den normale, daglege åtferda din. Dermed er sjølvbiletet ein viktig del av det som karakteriserer deg. Mange vil seie at det som kjenneteiknar deg som person, er det same som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er noko meir. Identitet kan sjåast på som aspekt ved deg sjølv som er uforanderlege over tid og bestandige, men også personleg informasjon som seier noko om deg og kvar du kjem, som namn, bustad og etnisk bakgrunn.


Utviklinga av sjølvbiletet skjer altså i nær samanheng med dei personane me omgås, og korleis vi vi oppfattar oss sjølve saman med desse personane. Korleis vi oppfattar oss sjølve og dermed utviklar sjølvbiletet kan setjast opp i tre punkt:

Korleis vi oppfattar oss sjølve: Oppfatninga ein har av kven ein her, sosial status, yrke og kva rollar og forventningar ein har til seg.

Korleis vi ønskjer å vere: Den ideale oppfatninga av oss sjølve, altså kven ein har som mål å bli – eller i det minste å vere noko som liknar

Korleis vi vel å stå fram: Korleis ein prøver å framstille seg sjølv for andre menneskje. Her meiner vi kva aspektar, talent og eigenskapar ved oss sjølve vi prøver å framheve, eller skjule, og kva rolle ein prøver å spele.

søndag 4. desember 2011

Sjølvbilete og identitet

«Sjølvoppfatning er ei samnemning på alt du veit, trur og føler om deg sjølv.» (Gjøsund og Huseby 136). Det som omhandlar sjølvoppfatninga di kan me dele inn i to hovudgrupper:

  • Karakteriserande: Om du er flink på skulen, grei å ha med å gjere heime og likar videospel, vil det vere dei karakteriserande kategoriane om deg. Om desse kategoriane er negative eller positive, kjem an på korleis andre vurderer det. Deira reaksjon på desse kategoriane vil vere avgjerande for korleis sjølvoppfatninga di vil bli, og vidare korleis sjølvtilliten din vere. Dersom du berre får negativ respons på dei negative karakteristikkane dine, vil sjølvtilliten din bli negativ.

  • Vurderande: Den vurderande delen av sjølvoppfatninga går meir på å vurdere deg sjølv. Vurderingar om kva du gjer og kva du står for, og om du liker eller misliker det. Det er desse vurderingane om ein sjølv som legg grunnlag for sjølvrespekten din, og dersom du vurderer deg sjølv positivt, vil sjølvrespekten din bli høg.

Det er kombinasjonen av sjølvoppfatning, sjølvtilliten og sjølvrespekten din vi kallar sjølvbilete ditt. Sjølvbilete ditt held seg meir eller mindre stabilt over lengre til, i motsetnad til sjølvoppfatninga og sjølvtilliten din som gjerne endrar seg frå tid til annan.

Identiteten til ein person er noko meir enn berre sjølvbilete. Identiteten til ein person er både sjølvbilete og alt som er unikt for deg, som til dømes: namn, personnummer, bustad, bakgrunn.


Korleis me oppfattar oss sjølve og korleis sjølvbilete vårt då utviklar seg er viktig for oppførselen. Og det er gjerne tre punkt som blir avgjerande for korleis me oppfører oss:

  • Korleis vi oppfattar oss sjølve: Den oppfatninga vi har av oss sjølve; kva status, yrke og rolle me har.

  • Korleis vi ønskjer å vere: Den idealiserte oppfatninga av oss sjølve, korleis vi ønskjer å vere. Me har alle mål om korleis vi skal oppføre oss og om kva etiske og moralske kvalitetar me burde inneha.

  • Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske: Korleis vi viser oss for andre menneske, kva rolle me vel å spele og kva eigenskapar vi vel å vise.

Korleis me så oppfører oss og viser oss for andre blir eit kompromiss av desse tre punkta.


Korleis folk reagerer på handlingane og oppførselen vår, vil påverke korleis vi handlar vidare. Men ikkje alle har like stor påverknad. Visse personar sine reaksjonar er viktigare enn korleis andre reagerer på oppførselen vår. Til dømes vil du truleg bry deg meir om korleis ein i klassen reagerer på oppførselen din, enn korleis ein framand på gata reagerer. Dei personane som er viktigast kallar me signifikante andre. Me har også ein tendens til å leggje mest vekt på positiv respons framfor negativ respons, og oppsøkjer gjerne situasjonar eller grupper der me forventar å få positiv respons på dei me gjer.


Kjelde: Peik Gjøsund og Roar Huseby. Psykologi 1.


  • Magnus B

fredag 2. desember 2011

Selvbilde og identitet

Av: Silje

Gjøsund og Huseby forklarer selvbildet med hvordan en tror andre oppfatter en, de tankene og inntrykkene en har om seg selv og plassen en har i forhold til de andre i samfunnet. De mener at selvbildet er som oftest avgjørende for atferden i det daglige, derfor regnes det som en vesentlig del av det som karakteriserer oss. Det som karakteriserer oss er vår identitet, men også navnet, personnummeret, bostedet, bakgrunnen, osv. er en del av identitet vår.

Psykologen Erik H. Erikson mente at utviklingen av vårt selvbilde og vår identitet skjer gjennom samhandling med andre gjennom hele livet. Han la ekstra vekt på barne- og ungdomsårene. I løpet av de første 18 månedene av livet utvikler barnet tillit eller mistillit til andre. Hvis et barn skal føle seg trygt og tilfreds i livet, må det bli møtt med kjærlighet og omsorg. Senere i livet når barnet ungdoms-fasen. Erikson kaller denne fasen for «identitet eller rolleforvirring», og vennene er i større grad med på å forme hvordan identiteten vår skal bli.

Den Amerikanske filosofen og psykologen George H. Mead forklarte hvordan selvbildet og identiteten vår blir dannet på en litt annerledes måte. Han utviklet en modell som han kalte «Meads speilingsmodell». Han mente at måten vi fremstiller oss selv på er et kompromiss mellom slik vi ser på oss selv og slik vi ønsker å være. Dette kompromisset blir handlingene våres, og det er disse som Mead mente var en vesentlig del av utviklingen av selvbildet vårt. Litt enklere forklarte mente Mead at vi ser og forstår oss selv ved å tolke andres reaksjoner på oss.

Et eksempel på hvordan selvbildet vårt utvikler seg etter hvilken respons vi får av andre er personer som lider av anoreksi. De har utviklet et negativt selvbilde, og dette kan det være mange grunner til. Slik de ser kroppen sin er ikke nødvendigvis slik den ser ut i virkeligheten. I følge Eriksons teori vil tillit og mistillit i barndommen ha mye å si for slik en opplever livet senere. Barnet kan ha opplevd utrygghet, og derfor ikke være trygg nok på seg selv senere i ungdomstiden til at en unngår slike lidelser. Meads teori om utvikling av selvbilde kan også stemme i dette eksempelet. Personen som har anoreksi kan ha begynt forsiktig å gå ned i vekt. Når andre begynte å legge merke til dette, fikk vedkommende kanskje positive tilbakemeldinger. Dette gjorde at vedkommende fortsatte med det fordi det forsterket selvbildet.

Kilder:

- http://ndla.no/nb/node/27069

- http://ndla.no/nb/node/3994

-http://snl.no/George_Herbert_Mead

- http://snl.no/Erik_Homburger_Erikson

- -Læreboka/Psykologi1/Peik Gjøsund og Roar Huseby

torsdag 1. desember 2011

Sjølvbilete og identitet

Sjølvbilde og identitet.

Sjølvoppfatning er alt du veit, trur og føler om deg sjølv. Det som og avhenger av sjølvoppfatninga di, er korleis andre ser på deg som person. Både sjølvoppfatninga og korleis du trur andre oppfattar deg som person, utgjer sjølvbiletet ditt. Dersom du for eksempel ser på deg sjølv som god, flink og snill, og du trur andre også ser på deg som dette, resulterer dette i eit godt sjølvbilete og du får god sjølvtillit. Men dersom du derimot ser på deg sjølv om ein av dei dårlege, og den som ikkje har flest venner, kan dette resultere i dårleg sjølvbilete dersom du og trur andre ser på deg som dårleg. Du kan sjå på deg sjølv ut i frå to forskjellige synsvinklar, eller kategoriar. Den første er karakteriserande og det er korleis du er, for eksempel flink til på skulen eller kanskje at du er ein snill venn. Den andre kategorien er vurderande, og er kva du syns om deg sjølv.

I tillegg til sjølvbilete og sjølvoppfatning, er det identiteten som gjer deg til den du er, og gjer deg til ein unik person. Identiteten er din er namnet ditt, personnummer, bustad og bakgrunn.

Det er altså desse tre “tinga”, sjølvbilete, sjølvoppfatning og identitet som gjer at du er den du er, men korleis utviklar ein sjølvoppfatning, identitet og sjølvbilete? Det er hovudsakleg dei personane rundt deg som er med på å avgjere korleis du blir som person. Vi kan setje opp korleis vi oppfattar oss sjølve og utviklar sjølvbilete vårt i tre punkt:

- Korleis vi oppfattar oss sjølve, oppfatning av kven vi sjølve er, kva status vi har, kva for eit yrke vi har, kva rolle vi fyller og kva rolle vi fyller i dei gruppene vi er med i.
- Korleis vi ønskjer å vere, korleis vi ønskjer å vere og korleis vi vil bli. Kan dreie seg om handlingar, haldningar eller bestemte etiske kvalitetskrav som vi prøver å leve opp til.
- Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske, kva eigenskapar ved oss sjølve vi vil vise og skjule, og korleis vi vil vise oss fram.

Den måten vi viser oss fram på blir eit kompromiss mellom den faktiske oppfatninga vi har av oss sjølve, og den personen vi ønskjer å vere. George H. Mead meinte at vi menneske ikkje kan observere vårt eige sjølv, men det kan vi ved å søkje samhandling med andre menneske. Det vi gjer for å observere vårt eige sjølv, er å sjå og forstå oss sjølve ved å tolke andre sine reaksjonar på oss. Vi legg mest vekt på reaksjonar som kjem frå personar som er viktige for oss, for eksempel foreldre, lærarar, venner og søsken. Dersom eg for eksempel seier min meining om noko eg og nokre venner har diskutert til mor mi, og ho ikkje er eining, ser eg på reaksjonen hennar korleis ho reagerer på det eg sa. Dersom eg set mor mi høgare enn dei vennene eg diskuterte med, kan det hende at eg endrar meining og haldning til det me diskuterte fordi eg såg på reaksjonen til mor mi.

Noko anna som og er med på å utvikle identitet, sjølvbilete og sjølvoppfatning er siling av inntrykk. Vi hugsar betre positive signal enn dårlege signal. Sjølvoppfatninga vår verkar derfor styrande for sjølvbiletet vårt, og vi oppsøkjer personar og situasjonar som stadfestar det positive for oss, for eksempel nokon som har sagt du er snill, fin eller flink til noko.

- Cecilie

onsdag 30. november 2011

Sjølvbilete og identitet

Sjølvbilete og sjølvoppfatning har mykje det same begrepet; det handlar om korleis ein ser og oppfattar andre. Dette er i samhandling med andre, plassen din i nærmiljøet og samfunnet elles. Sjølvbilete kan spesifikt seiast som at det er avgjerande for åtferda du viser til dagleg, og sjølvoppfatning kan definerast som det er det du trur og føler om deg sjølv og korleis du trur andre oppfattar deg som person.


Identiteten din er det at det som karakterisere deg som person er det som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er meir enn det. I tillegg til det som gjeld sjølvbilete, er identiteten alt som er spesielt for deg som person; namn, personnummer, bustad, bakgrunn og likande. Det er ingen som har alle desse likt som deg. Ein kan ha same bustaden, men då har ein eit anna namn, bakgrunn og/eller personnummer. Det er ingen som har det same personnummeret som deg uansett.


Sjølvbilete blir utvikla av personane me omgår oss med og korleis vi oppfattar oss sjølv saman med desse personane. Det er for det meste foreldre, venner sysken. Korleis me oppfattar oss sjølv har mykje å seie for sjølvbilete med det kan vi seie kva rolle me spelar; yrker, i ulike grupper og kva status ein har. Ein anna faktor som spelar inn er korleis me ønskjer sjølv å vere. Ein har eit mål om korleis ein vil vere og oppføre seg som ein strekkjer seg etter og då har som utgangspunkt. Det kan dreie seg om handling, holdningar eller bestemte etiske kvalitetskrav som vi prøver å følje. Resultatet av dette blir då korleis me oppfører oss altså åtferda.


Alt ein opplever vil endre sjølvbilete og oppfatning i større eller mindre grad til deg på ein eller anna måte. Ein blir meir påverka av at som skjer og alt ein gjer, men ein blir meir påverka av dei som står seg næmare enn dei som ein ikkje kjenner eller kjenner lite. Eksempel på dei ein blir mest påverka av er foreldre, sysken, venner og lærar. Ein blir påverka av desse på forskjellige måtar som om for eksempel om veslesystera di seier at denne stilen var utan feil, så vil ein heller stole på det læraren seier om stilen.


Derfor kan me sjå at som tidlegare sagt er det sjølvbilete det som utviklar seg etter kvar som ein blir endre, medan identiteten er noko du er født med. Likevel kan identiteten forandre sge på nokre punkt. For eksempel kan du byte bustad og namn. Dei viktigaste signalifikantane me har er dei me omgås mest med, som til dømes; familie og venner. Men desse har ikkje den same effekten på sjølvbilete.

Anja