Sjølvbilde og identitet.
Sjølvoppfatning er alt du veit, trur og føler om deg sjølv. Det som og avhenger av sjølvoppfatninga di, er korleis andre ser på deg som person. Både sjølvoppfatninga og korleis du trur andre oppfattar deg som person, utgjer sjølvbiletet ditt. Dersom du for eksempel ser på deg sjølv som god, flink og snill, og du trur andre også ser på deg som dette, resulterer dette i eit godt sjølvbilete og du får god sjølvtillit. Men dersom du derimot ser på deg sjølv om ein av dei dårlege, og den som ikkje har flest venner, kan dette resultere i dårleg sjølvbilete dersom du og trur andre ser på deg som dårleg. Du kan sjå på deg sjølv ut i frå to forskjellige synsvinklar, eller kategoriar. Den første er karakteriserande og det er korleis du er, for eksempel flink til på skulen eller kanskje at du er ein snill venn. Den andre kategorien er vurderande, og er kva du syns om deg sjølv.
I tillegg til sjølvbilete og sjølvoppfatning, er det identiteten som gjer deg til den du er, og gjer deg til ein unik person. Identiteten er din er namnet ditt, personnummer, bustad og bakgrunn.
Det er altså desse tre “tinga”, sjølvbilete, sjølvoppfatning og identitet som gjer at du er den du er, men korleis utviklar ein sjølvoppfatning, identitet og sjølvbilete? Det er hovudsakleg dei personane rundt deg som er med på å avgjere korleis du blir som person. Vi kan setje opp korleis vi oppfattar oss sjølve og utviklar sjølvbilete vårt i tre punkt:
- Korleis vi oppfattar oss sjølve, oppfatning av kven vi sjølve er, kva status vi har, kva for eit yrke vi har, kva rolle vi fyller og kva rolle vi fyller i dei gruppene vi er med i.
- Korleis vi ønskjer å vere, korleis vi ønskjer å vere og korleis vi vil bli. Kan dreie seg om handlingar, haldningar eller bestemte etiske kvalitetskrav som vi prøver å leve opp til.
- Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske, kva eigenskapar ved oss sjølve vi vil vise og skjule, og korleis vi vil vise oss fram.
Den måten vi viser oss fram på blir eit kompromiss mellom den faktiske oppfatninga vi har av oss sjølve, og den personen vi ønskjer å vere. George H. Mead meinte at vi menneske ikkje kan observere vårt eige sjølv, men det kan vi ved å søkje samhandling med andre menneske. Det vi gjer for å observere vårt eige sjølv, er å sjå og forstå oss sjølve ved å tolke andre sine reaksjonar på oss. Vi legg mest vekt på reaksjonar som kjem frå personar som er viktige for oss, for eksempel foreldre, lærarar, venner og søsken. Dersom eg for eksempel seier min meining om noko eg og nokre venner har diskutert til mor mi, og ho ikkje er eining, ser eg på reaksjonen hennar korleis ho reagerer på det eg sa. Dersom eg set mor mi høgare enn dei vennene eg diskuterte med, kan det hende at eg endrar meining og haldning til det me diskuterte fordi eg såg på reaksjonen til mor mi.
Noko anna som og er med på å utvikle identitet, sjølvbilete og sjølvoppfatning er siling av inntrykk. Vi hugsar betre positive signal enn dårlege signal. Sjølvoppfatninga vår verkar derfor styrande for sjølvbiletet vårt, og vi oppsøkjer personar og situasjonar som stadfestar det positive for oss, for eksempel nokon som har sagt du er snill, fin eller flink til noko.
- Cecilie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar