torsdag 1. desember 2011

Forsvarsmekanismar.


Forsvarsmekanismar er eit felles ord på dei metodane vi bruker uvisst for å forsvare oss mot noko som kan føre til angst, motvilje eller skyldkjensle, eller som truar sjølvoppfatninga vår.
Fortrenging: Er den mest brukte av forsvarsmekanismane. Denne vil seie at vi gløymer det ubehagelege og det som trugar, eller kan bryte ned sjølvrespekten vår. Vi gløymer det negative og husar på ros. Det som kan vere bra her er at du får god sjølvtillit og blir ein veldig positiv person. Det som kan skade deg er at du ikkje lærer av feila du gjer du lever berre opp til det som er bra og gløymer det andre.
Regresjon: Når nokon oppfører seg mindre enn enn kva dei er. Kan då gå tilbake til eit lågare utviklingsnivå, der det ikkje vart stilt så mykje krav til dei. Det kan skade utviklinga til eit menneske, men du kan og få den oppmerksomheita som du treng.
Fornekting: Vi fornektar noko som faktisk har skjedd. Vi kan bortforklare ein situasjon til det heilt ukjennelege. Vi lagar våre eigne hendingar og unngår sannheita, men det kan få oss til å føle oss bedre.
Dagdrøyming: Vi tenkjer på ei verd som vi skulle ønske oss, men som ikkje er slik. Vi lever på ein måte i ei fantasiverd. Kan bli eit alvorleg problem viss du ikkje klarer å konsentrere deg, men bra for deg å ta ein pause frå verklegheita.
Isolasjon: Vi trekkjer oss tilbake frå andre. Då har vi full kontroll og slepp ubehagelege overraskingar eller konfliktar med andre. Negativt er at du kjem heilt utafor, dette kan føre til sosial angst. Bra er at du styrer det du driv med sjølv, og lar ingen påverke deg.
Passivitet: Det vil seie at vi skjermar oss for opplevingar og situasjonar som kan vere vanskelege å handtere. Det kan føre til at du berre gjer det same heile tida og deltek i lite nytt. Du får lite variasjon i kvardagen og lærer derfor lite. Du blir godt på nokre ting spesielt.
Projisering: Det vil seie at vi overfører problema våre til andre. Viss vi ikkje har gjort leksene og ikkje arbeid med faget og vi får att ein dårleg prøve, skyldar vi på ei dårleg prøve. Vi blir ikkje sjølvstendige og tek ikkje ansvar for handlingane våre. Vi prøver å vere optimistar på oss sjølv og prøver å vere positive på oss sjølv.
Reaksjonsdanning: Vi bryter vår eiga åtferd med ei motsett form. Viss nokon seier dei hatar ein person, men du ikkje har noko imot denne personen. Så vill du seie deg einig i det dei som hatar denne personen seier, for å unngå konfliktar. Vi er ikkje ærlege og seier ikkje det vi meiner. Positivt er at du ungår konfliktar og lar den andre personen føle at han har rett.
Rasjonalisering: Vi skuler våre eigne grunngjevingar for åtferd. Viss du er redd for å gå ute i mørket, vill du finne på unnskyldningar der du skuler at du eigentleg er redd. Vi unngåre dette gang på gang og overvinn aldri frykten. Positivt er at du slepp å gjere det du fryktar og unngår dette ved hjelp av lure deg sjølv og andre.

Alt i alt er det både positive og negative sider ved alle forsvarsmekanismane. Nokon av forsvarsmekanismane kan vere meir til skade enn andre. Menneske tek i bruk forsvarsmekanismar når dei føler seg sårbare og føler for å beskytte seg. 
Karoline F.N 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar