mandag 5. desember 2011

Trekkteorien

Personlegdom er det som gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre personar. Personlegdomen får fram det spesifikke og det karakteristiske av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss har i samhandling med omgivnadane.

Trekkteorien handlar om menneskelege trekk eller eigenskapar og byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har meir eller mindre av. Dette vil sei at teorien legg meir vekt på kvar enkelt sin personlegdom og ikkje på korleis ein handlar i samfunnet.


Femfaktormodellen er den mest kjende teorien innanfor trekkteorien. Den legg vekt på forskjellige personlegdomstrekk, den legg vekt på fem toppunkt, det vil sei utadventheit, empati, orden, temperament og openheit, men det er og 30 mindre viktige personlegdomstrekk. Costa & McCtrae står bak teorien og den kom ut i 1992.

Kor høveleg trekkteorien er i dag er omdiskutert. I følgje teoriane vil eit individ vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier at individet er utadvendt, er det alltid utadvendt. Detter er ikkje tilfelle i dag, det vil variere frå kva situasjon ein befinn seg i. Ein kan til dømes vere utadvendt i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter nye mennesker vil ein mest truleg handle annleis og vere innadvendt. Samtidig gjeld ikkje dette alle. Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vokse opp i, og kor sjølvstendige foreldra har gjort ein.

Hanne Sviggum

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar