Mennesket og helse- Gruppe 1.
Tema 1. Læreplanmål 1 og 2: Om helse, livskvalitet og stress.
Definering av helse.
Helse kan definerast på mange forskjellige måtar, og i mange tilfelle er definisjonen knytt til sjukdom. Her er dei vanlegaste definisjonane:
- Medisinsk definisjon: Fråver av sjukdom.( Er du sjuk, har du dårleg helse; er du frisk , har du god helse.)
- WHO(Verdshelseorganisasjon) definisjon: Ein tilstand av fullkome kroppsleg, sjeleleg og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lyte.
WHO sin definisjon handlar om meir enn berre det fysiske og fokuserer på at du skal ha det bra psykisk og.
Men viss vi ser vekk frå definisjonane å prøver å sjå på kva vi ser på er god helse:
Å halde seg frisk, vere i aktivitet, ha jamvekt i kroppen, balansert kosthold, nok søvn, at du har det bra sosialt(venner, familie)etc. Så kan vi tenke på kva ei god og kva ei dårleg helse er? Dette er sjølvsagt forskjellig frå person til person kva han syns er ei god helse.
Men ei god helse er at du er frisk, får nok søvn og alt som nemnt ovanfor. Dårleg helse derimot er når du stadig har smerter, lite søvn, dårleg kosthold, ikkje på jobb/ skulen.
Å ha ei god helse er veldig viktig både for humøret og og kroppen din. God helse gir god livskvalitet.
Reflekter over livskvalitet.
- Det er vanskeleg å finne eintydig definisjon på livskvalitet. Livskvalitet heng saman tett saman med helse, tryggleik og eit meiningsfult liv. Helse kan påverke livskvaliteten din i stor grad, er me friske har me god livskvalitet, er me sjuke har me ikkje ein fult og god livskvalitet. Livskvaliteten kan også verke inn på helsa, god livskvalitet påverkar helsa positivt. Men det er også mange som har langvarige sjukdommar som har ein godt livskvalitet med godt humør og forhold til folk rundt seg. Også kan det vere folk som er friske men har ein dårleg livskvalitet fordi dei er einsame og har få interesser.
- Har du eit sosialpsykologisk syn på livskvaliteten er det dei positive og negative opplevingane du har som avgjer korleis livskvaliteten din er. Har du mykje positive opplevingar då får du ein god livskvalitet eller omvendt. Slike positive opplevingar kan vere eit stabilt og sosialt miljø, familie, tryggleik, skule, jobb og fritid. Det er også viktig med materiell tryggleik, personleg fridom det er viktige faktorar i eit meiningsfult liv.
- Det sentrale for barnas livskvalitet er tryggleiken i familie livet. Det er viktig å ha bra forhold til foreldre og søsken, men det er fult så viktig at økonomien til foreldra og forholda er stabile. God familierelasjonar, økonomi og trygge nettverk er det optimale for eit barn og vekse opp i. Men det er også viktig og ta med at desse faktorane ikkje treng og vere til stades, eit barn kan også ha det godt sjølv om dei ikkje er der, ofte er familie relasjonane er ofte sterkare då.
- Det og gjere meiningsfulle oppgåver på skulen og i arbeidslivet har stor innverknad på livskvaliteten vår. Men nokre finn seg ikkje heilt til rette på skulen, og derfor kutte utdaninga. Då kan det vere vanskeleg å finne seg jobb, noko som kan føre til at det blir vanskeleg og dekkje dette behovet, fordi mykje av sjølvrealiseringa skjer gjennom samfunnet. Arbeidslivet er grunnleggande for livskvaliteten, fordi du byggjer deg oppover. Kjøper deg bustad, trygg økonomi, bil, dekkje utgifter osv.
- Mange seier at pengar avgjer mykje om du får ein god livskvalitet eller ikkje. Er det slik? Me har på ein måte to livskvalitetar ein objektiv og ein subjektiv. Den subjektive livskvaliteten er korleis du eigentleg har det inni deg, er du lykkeleg, lei, trøytt eller glad. Den objektive livskvaliteten er den som ser deg utan frå. Har du fint hus, bra bil, fast jobb osv.. Men kven av desse livskvalitetane er viktigast? Tren me berre ein av dei?
- Kjelde:
- Psykologi 1