Stress kan definerast som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologisk og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen i kroppen. Tilstanden kjem i samband med at individet blir utsett for ein eller fleire stressfaktorar, og inntrykka stressfaktorane gir, som blir behandla i hjernen. Ein enklare forklaring på omgrepet stress er at ein reagerer med ein fysisk og emosjonell respons på ein situasjon ein opplev ein ikkje meitrar eller ein meitrar. Negativ stress i denne samanhengen vil vere at ein opplev at ein ikkje meistrar situasjonen, medan positiv stress vil vere at ein blir nervøs med ei positiv oppgløding, og etter handlingane er ein fornøgd med korleis resultatet vart. Kronisk stress er stressreaksjonar som går over ein lengre periode, denne typen stress tærer ofte på overskotet til individet og kan i verstefall resultere i depresjon. Til slutt har vi akutt stress, denne typen stress er heilt ufarleg og dei fleste av oss taklar den veldig godt. I akutt stress blir stress framkalla i «små» situasjonar, som til dømes når ein står i kø i ei kantine eller trafikkork vil ein føle ein trong til at noko må snart skje.
Reaksjonane til stress kan vere både fysiologisk og psykologisk. Det fysiologisk er den kjemiske reaksjonen som skjer i kroppen. Når eit dyr eller menneske vert utsett for ein stressande faktor i miljøet, blir stresshormon aktivert, noko som gir oss ein ekstra energi. Stresshormona gjer at kroppen forbereder seg på «kjemp eller forsvar-situasjonar», spesielt hormonet adrenalin vert aktivert. Oppgåva til hormona er å gjenpoprette balansen i kroppen og dermed er dette ein heilt naturleg reaksjon som ligg i korta til både dyr og menneske. I den psykologiske reaksjonen viser individet impulsiv åtferd, til dømes at ein får ein trong til å gråte, ein mistar evna til å konsentrere seg eller at er rastlaus.
Det er mange faktorar som kan skape stress. Det er viktig å få med at dette er personavhengig og det som ein person reagerer på med stress treng nødvendigvis ikkje ein annan å reagere på det. Konkrete grunnar som kan skapa stress kan vera krav og forventingar frå foreldre og skule, karrierekrav, krav om å utnytte dei sjansane ein har. Desse eksempela kallar ein kronisk stress, det vil sei at det er langvarig og kan få konsekvensar som for eksempel hjarte og karsjukdommar, større risiko for infeksjonssjukdommar, kreft, og magesår.
Vi har og noko som heiter akutt stress. Dette er stress som kan komma av at du skal gjera mykje på kort tid, forsova deg, føle ein ikkje har øvd nok til ein prøve og andre kvardagslege ting. Når du føler at du meistrar dette blir dette kalla positiv stress. For eksempel når du meistrar prøven, eller rekk bussen/ skulen når du har forsove deg, eller du får gjort det du skulle sjølv om du hadde kort tid. Dette går fort over i forhold til kronisk stress.
Stress er nødvendig og grunnleggjande mobiliering av krefter, noko vi treng for å fungere og klare oss i kvardagen, men det er viktig at ein tek alle signala alvorleg då ein ser at eit individ slit med mykje stress over ein lengre periode. Med dette meinar vi ikkje positivt stress, men negativt stress, kor desse stressreaksjonane er ei påkjenning for kroppen. Dersom ein ser faresignal som redusert interesse for skulearbeid, har stort fråvær grunna sjukdom og ein har irritabel åtferd utan noko særleg grunn. Ein bør arbeide aktivt for å førebyggje slike stressreaksjonar ved å ikkje tenkje at «dette er noko som går over av seg sjøl», men ta tak i problemet og vere bevist og gjere kroppen i stand til å tåle påkjenningane av stress. Dersom fysisk trening blir ein del av kvardagen din, kan dette vere med på å danne eit viktig forsvar mot stress. Reaksjonen som skjer etter ein har trent, er at ein har behov for ein pause kor ein slappar heilt av og får kvilepuls, dersom ein trenar regelmessig er dette med å utvikle evna til å slappe av og gjer det enklare for individet å gå frå ein stressande situasjon til ein meir avslappande situasjon. Ein anna måte er å ta pausar ifrå den hektiske kvardagen, dette kan ein gjere ved å lære seg avslappingsmetodar som fokuserer på hjerterytme og puls. oden Målet med denne metoden er å skape eit tettare samarbeid mellom hjerte og hjernen.
Kjelder: Psykologi 1 menneskets utvikling, Gjønsrud og Huseby, 2010
Karoline og Ingrid
Blogginnlegget dekker begrepet stress godt fordi det viser at det er både positive sider og negative sider ved stress.
SvarSlettBra, som det skulle vere tatt ut av læreboka! Ida og Anja
SvarSlett