Stress blir definert som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologisk og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen til kroppen. For mange betyr stress også for mykje mas, tidsmangel, mangel på kontroll og alt for mykje å gjere.
I følgje læreboka og internett finn me desse typar stress:
o Positivt stress
o Negativt stress
o Kronisk stress
o Akutt stress
Positivt stress (kontrollert stress): når klarer å takle ein utfordring, og ein kjenner at ein meistrer ein stressande situasjon.
Negativt stress (hjelpeslausheit): når ein ikkje klarer å meistre situasjonar, og stresset blir ein påkjenning for kroppen. Dette kan føre til tæring på overskot og redusert livs- og arbeidskvalitet.
Kronisk stress: individet opplever ofte stressituasjonar, dette kan gi ulike helseproblem.
Akutt stress: mindre stressituasjonar som oppstår i ein spesiell situasjon. Til dømes i ein treig kø.
Det er veldig individuelt kva som skapar stress, og det varierer veldig frå person til person. Mange blir stressa dersom det er mykje som skjer på ein gong, og ein mister kontroll. Her kan også ulike situasjonar delast inn i dei fire typar stress som er nemnde ovanfor. Eit døme kan vere stress i forhold til skule. Dei fleste har opplevd at mange prøvar, innleveringar og framføringar kjem samtidig, og skapar stress. Positivt stress i dette tilfellet er dersom ein klarar å få kontroll på alt som skal skje, og organisere korleis ein skal arbeide. På den måten vil ein takle det som kjem, og meistre prøvane. Meistring av prøvane vil på ikkje nødvendigvis seie at ein klarar å oppnå ein god karakter. Meistring vil seie at ein øver så mykje ein kan, og gjer så godt ein kan. Det er betre å gjennomføre utfordringar som kjem, i staden for å unngå dei og utsetje dei. Negativ stress i dette tilfellet vil t.d. vere å unngå mange av prøvane som kjem. På den måten blir stresset større, og ein får ikkje meistringskjensle. Andre vanlege stressmoment er vanskelege forhold til familie/venner, jobb og krav i samfunnet (forventa utsjånad, oppførsel osv).
Ein deler symptoma på stress inn i 4:
o Fysiske symptom
o Smerter i mage/ bryst, hovudverk, stiv i nakke/skuldrer, sveittetokter
o Åtferdsmessige symptom
o Utsetting, mindre/meir søvn, bruk av rusmiddel (alkohol, sigarettar), uvanar (biting av negler)
o Kognitive symptom
o Mindre konsentrasjon, dårleg hukommelse, liten merksemd
o Emosjonelle symptom
o Humørsvingingar, isolasjon, kort lunte, irritasjon, depresjon
Kva kan stress føre til?
Stress forårsakar utskilling av adrenalin og andre stresshormon. Utskilling av for mykje av desse aukar risikoen for magesår, hjarte- og karsjukdommar, kreft, infeksjonssjukdommar. Av psykiske lidingar kan ein risikere å utvikle depresjon, panikklidingar, alkoholisme, anoreksi, tvangslidingar og heme drøyming under søvn. I følgje ei dansk undersøking førte også stress til tidlegare død hos menn. Grunnen til at dette ikkje galt kvinner, er ukjend. På den andre sida er stress viktig for korleis ein utviklar seg, både når det gjeld utvikling av kropp og sinn, og evna til å overleve. Ein kan takle stressituasjonar både positivt og negativt. Om ein reagerer positivt eller negativt påverkar også om modning og læring er positiv eller negativ. På grunn av dette er det viktig å prøve å kontrollere korleis ein reagerer i ein stressituasjon, slik at ein erfarer og lærer på best mogleg måte.
Førebygging/meistring av stress
Ein kan meistre stress på ulike måtar:
o Emosjonell støtte
o Trening
o Avspenning
o Rusmiddel
o Unngåing
For å få langsiktige resultat kan faktorane emosjonell støtte, trening og avspenning ha mykje å seie. Å ha støttande folk rundt seg kan hjelpe på forskjellige måtar. Dei kan gi kjenslemessig støtte, der ein får trøst/oppmuntring. Dei kan gjere nokre av dei daglegdagse ærenda som elles ville ha stele tid frå deg sjølv. Dei kan også hjelpe til informasjonsmessig, t.d. å hjelpe til med øving av prøve. Til slutt kan dei gi bekreftande støtte, der dei fortel at du gjorde det rette.
Trening gjer ein person meir mottakeleg for stress, og etter ei treningsøkt lærer ein å slappe av. Ein får også meir energi, og ein taklar betre påkjenningar på kroppen. Klarer ein å oppretthalde regelmessig trening, kan evna til å takle stress forbetre seg veldig. Dette blir då ei langsiktig løysing.
Avspenning blir også brukt for å førebygge stressreaksjonar. Målet er å klare å gå i frå stresskjensle til roleg tilstand, der ein kontrollerer stresstankane. Ein prøver å roe ned hjerterytmen og pulsen, som gjer at ein klarar å roe seg ned fortare etter utskilling av stresshormona. Ein kan øve på avspenning gjennom meditasjon eller avkopling frå kvardagen. Dette kan t.d. vere ein tur ut i frisk luft.
Meir kortsiktige (negative) meistringsmetodar av stress kan vere bruk av rusmiddel og/eller unngåing av situasjonar. Dersom ein kjem i ein stressituasjon kan ein t.d. prøve å roe seg ned med ein røyk. Ein kan også ta til alkohol for å prøve å gløyme. Rusmiddel kan fort bli ei uvane, og kan skade indre organ.
Unngåing av stressaukande situasjonar kan også føre til at det blir lettare å unngå andre situasjonar. Dette kan føre til isolasjon, og i verste fall lite utvikling mentalt. Dette er fordi ein unngår utfrodringar som kan vere positive, og kan hjelpe deg å få eit anna syn på ting.
For å konkludere, er stress veldig individuelt. Det kan både vere positivt og negativt, men det viktigaste er korleis ein taklar stressituasjonar og lærer av dei. På denne måten er ein stadig i utvikling, og får nye erfaringar.
Kjelder:
http://www.sinnetshelse.no/artikler/stressmestring.htm
http://www.klikk.no/helse/dinkropp/velvare/article636656.ece
http://www.sinnetshelse.no/artikler/slapp_av.htm
http://wiki.answers.com/Q/What_is_Positive_Stress
http://www.canis.no/bibliotek/artikler.php?id=138
Magnus, Lill Hege, Brita og Malin
Ein blir ekspert på stress etter å ha lest dette innlegget :) Ida og Anja
SvarSlett