onsdag 7. desember 2011
humanistiske teoriar
mandag 5. desember 2011
Psykologi – Sjølvbilete og identitet
Du har sikkert tankar om kva personlegheit er, og tenkjer kanskje på det som definerer veremåten til ein person. Dersom du no stoppar opp og tenkjer over korleis personlegdommen din er, kva som kjenneteiknar deg som person, då tar du utgangspunkt av di eiga oppfatning av deg sjølv. Sjølvoppfatninga, er det vi kallar summen av alt du veit, trur og tenker om deg sjølv.
Sjølvoppfatninga di er også i stor grad avhengig av korleis du trur andre oppfattar deg. Summen av dei inntrykka du har av deg sjølv, og korleis du trur andre oppfattar deg, kva slags plass du trur du har i forholdet andre og i samfunnet elles, er det totale sjølvbilete ditt. Sjølvbiletet ditt er ofte særs avgjerande for den normale, daglege åtferda din. Dermed er sjølvbiletet ein viktig del av det som karakteriserer deg. Mange vil seie at det som kjenneteiknar deg som person, er det same som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er noko meir. Identitet kan sjåast på som aspekt ved deg sjølv som er uforanderlege over tid og bestandige, men også personleg informasjon som seier noko om deg og kvar du kjem, som namn, bustad og etnisk bakgrunn.
Utviklinga av sjølvbiletet skjer altså i nær samanheng med dei personane me omgås, og korleis vi vi oppfattar oss sjølve saman med desse personane. Korleis vi oppfattar oss sjølve og dermed utviklar sjølvbiletet kan setjast opp i tre punkt:
Korleis vi oppfattar oss sjølve: Oppfatninga ein har av kven ein her, sosial status, yrke og kva rollar og forventningar ein har til seg.
Korleis vi ønskjer å vere: Den ideale oppfatninga av oss sjølve, altså kven ein har som mål å bli – eller i det minste å vere noko som liknar
Korleis vi vel å stå fram: Korleis ein prøver å framstille seg sjølv for andre menneskje. Her meiner vi kva aspektar, talent og eigenskapar ved oss sjølve vi prøver å framheve, eller skjule, og kva rolle ein prøver å spele.
Trekkteorien – eit tydlegare bilete på personlegdommen vår
Personlegdommen er det som
gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre menneske. Altså ein
definisjon av personlegdom får fram det spesifikke og karakteristiske mønstret
av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss
har i samhandling med omgivnadane.
Trekkteoriar handlar om menneske lege trekk eller eigenskapar og
byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har
meir eller mindre av. Dette vil seie at teoriane legg meir vekt på personlegdomstrekka
til individet og ikkje korleis det opptrer i ei gruppe.
Trekkteoriane tek utganspunkt i å studere dei ulike personlegdomstrekka
som kvar enkelt menneske har, for å komme fram til ei god og nøyaktig skildring
av ein person. Trekkteoriane vil ikkje framstille personlegdomstypar, då dette
er vil vere sterotypisering, som vil gje eit altfor unøyaktig bilete av
verkelegheita. Menneske let seg altså ikkje plasserast i nokon
«standarkategori», sidan alle er forskjellige.
Femfaktormodellen er den mest kjente teorien innanfor trekkteoriar, den
legg vekt på fem personlegdomstrekk på toppen og 30 mindre viktige
personlegdomstrekk. Costa & McCrae står bak teorien og den kom ut i 1992. Dei
viktigaste personlegdomstrekka i teorien er: utadventheit, empati, orden,
følelsar og openheit.
Kor høveleg trekkteorien er gjeldande i dag er omdiskutert. Ifølge teoriane
vil eit individ alltid vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier
at individet er utadvent, vil det i følgje teoriane alltid vere utadvent. Dette
er ikkje tilfelle i dag, det varierer i kva situasjon ein er. Ein kan til dømes
vere utadvent i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter eit
nytt miljø vil ein handle annleis og derfor vil ein vere innadvent i ein slik
situasjon. Samstundes gjeld ikkje dette nødvendigvis alle, då somme kan opptre
som sosiale, utadvente og vere gode problemløysarar i dei fleste situasjonar.
Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vakse opp i, og kor sjølvstendig
foreldra har gjort ein.
Trekkteorien
Personlegdom er det som gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre personar. Personlegdomen får fram det spesifikke og det karakteristiske av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss har i samhandling med omgivnadane.
Trekkteorien handlar om menneskelege trekk eller eigenskapar og byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har meir eller mindre av. Dette vil sei at teorien legg meir vekt på kvar enkelt sin personlegdom og ikkje på korleis ein handlar i samfunnet.
Femfaktormodellen er den mest kjende teorien innanfor trekkteorien. Den legg vekt på forskjellige personlegdomstrekk, den legg vekt på fem toppunkt, det vil sei utadventheit, empati, orden, temperament og openheit, men det er og 30 mindre viktige personlegdomstrekk. Costa & McCtrae står bak teorien og den kom ut i 1992.
Kor høveleg trekkteorien er i dag er omdiskutert. I følgje teoriane vil eit individ vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier at individet er utadvendt, er det alltid utadvendt. Detter er ikkje tilfelle i dag, det vil variere frå kva situasjon ein befinn seg i. Ein kan til dømes vere utadvendt i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter nye mennesker vil ein mest truleg handle annleis og vere innadvendt. Samtidig gjeld ikkje dette alle. Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vokse opp i, og kor sjølvstendige foreldra har gjort ein.
Hanne Sviggum
Psykodynamisk teori
- Gjer greie for kjenneteikn ved typeteorien psykodynamisk teori, og diskuter korleis denne teorien forklarer menneskets personlegdom og vurder kor gyldig den er i dag.
Psykodynamisk teori går ut på menneskets behovs- og driftsliv. Teorien forklarar den menneskelege åtferda som eit konfliktfylt samspel mellom behov, kjensler og rasjonelle overvegingar. Dynamisk psykologi er og noko som styrer tanke- og handlingslivet vårt. Mykje av det som kjem inn under denne kategorien er at ein legg vekt på det ubevisste, kjensle- og behoslada, fortrengte minner, tankar og motiv.
Psykoanalyse, analytisk psykologi og psykodynamisk eg – psykologi blir rekna under den psykodynamiske teorien. Desse gir altså svar på det medvitne og det umedvitne. Psykoanalysen er teori om sjelelivet som vil sei at det oppstår konfliktar mellom behovs- og kjenslelivet. Eksempel på dette kan vera drøymer, dagdrøyming, fantasering og relasjonar til andre menneske. Psykodynamisk er altså ei forklaring på krefter i kroppen som individet har og det vil vidare påverka åtferda vår.
Sigmund Freud er svært viktig for dei psykodynamiske teoriane, også i dag. Han meinte at grunnlaget for utviklinga av personlegdommen var indre konflikt. Indre konflikt vil sei at du for eksempel står overfor to val, men veit ikkje kva du skal velje. Dette gjer at karakteren vår endrar seg i løpet av oppveksten, fordi vala og meiningane våre vil endra seg heile tida. Konfliktar i barndommen hadde den største innverknaden på utviklinga meinte han. Dette var fordi traume vil følgje deg i oppveksten (når du blir litt eldre). Så om eit barn har hatt ein vanskeleg oppvekst med for eksempel vald, kan ein sjå dette på barnet i seinare tider. Teikn på dette kan du finne i barnets åtferd og korleis han/ho utfordrar og angriper ein situasjon eventuelt andre daglege ting.
Personlegdommen vår blir vist gjennom tankar, kjensler og åtferd som tidlegare nemnt. Teorien ser mennesket i stadig ”ubalanse” ved at du vel forskjellig nesten heile tida og at me stadig er i endring. At det stadig dukkar opp nye situasjonar me må innretta oss i og ta val kallar me dynamiske prosessar og det har med det medvitne og det umedvitne å gjera. Det umedvitne er ein del av åtferda vår og som me ikkje er klar over, at det berre skjer på ein måte. Det medvitne er sjølvsagt omvendt av det umedvitne.
Freud delte personlegdommen vår inn i tre delar: id, ego og superego. Alle desse verkar på ei og same gong. Id = dekkje behova våre, å tilfredsstille. Det styrer altså lystprinsippet vårt som vil seia at eit barn blir freista eller får lyst til noko, og gjer det utan problem. Dette er det første grunnlaget hos eit barn, men etter kvart kjem neste trinn inn, som er ego. Egoet blir utvikla når barnet forstår at alle behova ikkje alltid kan tilfredsstillast. No har også barnet meir respekt og spør gjerne før dei gjer noko, eller så gjer dei det i skjul så ingen merker det. Reglar byrjar også å kome inn i livet og egoet må no styrer id. Den tredje strukturen i personlegdommen er superego og vurderer handlingar, tankar og ønskjer. Superegoet ditt fir deg signal om korleis ein skal handle og ein treng ikkje lenger å gjere ting i skjul. Superegoet ditt kan og utvikle seg på ein at det dempar ei skyldkjensle, men det kan også vera stikk motsett.
Sjølv om id, ego og superego verkar på likt, kjem dei ofte i konflikt med kvarandre. Det kan skje fordi at egoet må passe på ”lystene” til id, og superegoet må vera merksam på kva som er rett og gale. Freud har framstilt personlegdommen som eit isfjell, og det meste ligg under vatn. Det som ligg under vatn er det umedvitne.
Sigmund Freud hadde også ein teori om at barn kunne bli seksuelt forført av sin eigne foreldre eller andre vaksne. Denne teorien vert kalla ødipuskomplekset. Det skal seiast at forholdet mellom barnet og forelderen har eit gjensidig spel om kjærleik. I denne fallisk – ødipale fasen blir barnets kjærleik til foreldra nyansert etter barnets kjønn. For guten blir faren eit rival og førebilete, og med jenta blir det omvendt. Men under denne prosessen blir forholdet til foreldra usikkert som inneber både positive og negative kjensler. Me kan dele ødipuskomplekset inn i to, altså positivt – og negativt ødipuskompleks. Den positive går ut på å elske foreldra av det motsette kjønn, og hate den av same kjønn. Og den negative er motsett. Men sjølvsagt vil også barnet ha begge sin kjærleik etter kvart. Eit eksempel på dette kan vera når ein gut seier: ”Mamma, når eg blir vaksen skal eg gifta meg med deg”. Og då dei spør om far kan han svare: ”Da er jo han gamal, og kanskje død”.
Eg trur den psykodynamiske teorien er ganske så aktuell i dag som den var før . Det er tusenvis av eksempel som stemmer med denne teorien, og ein høyrer stadig om det. Sjølv om det som teorien består av er allmennleg stoff snakka personar om det med kvarandre. Det at ein valdeleg barndom kan påverka deg og laga traume i framtida di skjer ofte, og er ganske så normalt hos mange. Traume sitt igjen i kroppen din og er noko som følgjer deg vidare. I Maslow sin behovsteori må alle behova vera tilfredstilt for å kunne klatra i pyramiden, og visst ikkje nokon av dei grunnleggjande behova ikkje er tilfredsstilt vil dette følgje deg vidare i kvardagen din. Så eg trur teorien er like aktuell i dag som før.
søndag 4. desember 2011
Humanistisk Teori
Sjølvbilete og identitet
«Sjølvoppfatning er ei samnemning på alt du veit, trur og føler om deg sjølv.» (Gjøsund og Huseby 136). Det som omhandlar sjølvoppfatninga di kan me dele inn i to hovudgrupper:
Karakteriserande: Om du er flink på skulen, grei å ha med å gjere heime og likar videospel, vil det vere dei karakteriserande kategoriane om deg. Om desse kategoriane er negative eller positive, kjem an på korleis andre vurderer det. Deira reaksjon på desse kategoriane vil vere avgjerande for korleis sjølvoppfatninga di vil bli, og vidare korleis sjølvtilliten din vere. Dersom du berre får negativ respons på dei negative karakteristikkane dine, vil sjølvtilliten din bli negativ.
Vurderande: Den vurderande delen av sjølvoppfatninga går meir på å vurdere deg sjølv. Vurderingar om kva du gjer og kva du står for, og om du liker eller misliker det. Det er desse vurderingane om ein sjølv som legg grunnlag for sjølvrespekten din, og dersom du vurderer deg sjølv positivt, vil sjølvrespekten din bli høg.
Det er kombinasjonen av sjølvoppfatning, sjølvtilliten og sjølvrespekten din vi kallar sjølvbilete ditt. Sjølvbilete ditt held seg meir eller mindre stabilt over lengre til, i motsetnad til sjølvoppfatninga og sjølvtilliten din som gjerne endrar seg frå tid til annan.
Identiteten til ein person er noko meir enn berre sjølvbilete. Identiteten til ein person er både sjølvbilete og alt som er unikt for deg, som til dømes: namn, personnummer, bustad, bakgrunn.
Korleis me oppfattar oss sjølve og korleis sjølvbilete vårt då utviklar seg er viktig for oppførselen. Og det er gjerne tre punkt som blir avgjerande for korleis me oppfører oss:
Korleis vi oppfattar oss sjølve: Den oppfatninga vi har av oss sjølve; kva status, yrke og rolle me har.
Korleis vi ønskjer å vere: Den idealiserte oppfatninga av oss sjølve, korleis vi ønskjer å vere. Me har alle mål om korleis vi skal oppføre oss og om kva etiske og moralske kvalitetar me burde inneha.
Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske: Korleis vi viser oss for andre menneske, kva rolle me vel å spele og kva eigenskapar vi vel å vise.
Korleis me så oppfører oss og viser oss for andre blir eit kompromiss av desse tre punkta.
Korleis folk reagerer på handlingane og oppførselen vår, vil påverke korleis vi handlar vidare. Men ikkje alle har like stor påverknad. Visse personar sine reaksjonar er viktigare enn korleis andre reagerer på oppførselen vår. Til dømes vil du truleg bry deg meir om korleis ein i klassen reagerer på oppførselen din, enn korleis ein framand på gata reagerer. Dei personane som er viktigast kallar me signifikante andre. Me har også ein tendens til å leggje mest vekt på positiv respons framfor negativ respons, og oppsøkjer gjerne situasjonar eller grupper der me forventar å få positiv respons på dei me gjer.
Kjelde: Peik Gjøsund og Roar Huseby. Psykologi 1.
Magnus B
fredag 2. desember 2011
Selvbilde og identitet
Av: Silje
Gjøsund og Huseby forklarer selvbildet med hvordan en tror andre oppfatter en, de tankene og inntrykkene en har om seg selv og plassen en har i forhold til de andre i samfunnet. De mener at selvbildet er som oftest avgjørende for atferden i det daglige, derfor regnes det som en vesentlig del av det som karakteriserer oss. Det som karakteriserer oss er vår identitet, men også navnet, personnummeret, bostedet, bakgrunnen, osv. er en del av identitet vår.
Psykologen Erik H. Erikson mente at utviklingen av vårt selvbilde og vår identitet skjer gjennom samhandling med andre gjennom hele livet. Han la ekstra vekt på barne- og ungdomsårene. I løpet av de første 18 månedene av livet utvikler barnet tillit eller mistillit til andre. Hvis et barn skal føle seg trygt og tilfreds i livet, må det bli møtt med kjærlighet og omsorg. Senere i livet når barnet ungdoms-fasen. Erikson kaller denne fasen for «identitet eller rolleforvirring», og vennene er i større grad med på å forme hvordan identiteten vår skal bli.
Den Amerikanske filosofen og psykologen George H. Mead forklarte hvordan selvbildet og identiteten vår blir dannet på en litt annerledes måte. Han utviklet en modell som han kalte «Meads speilingsmodell». Han mente at måten vi fremstiller oss selv på er et kompromiss mellom slik vi ser på oss selv og slik vi ønsker å være. Dette kompromisset blir handlingene våres, og det er disse som Mead mente var en vesentlig del av utviklingen av selvbildet vårt. Litt enklere forklarte mente Mead at vi ser og forstår oss selv ved å tolke andres reaksjoner på oss.
Et eksempel på hvordan selvbildet vårt utvikler seg etter hvilken respons vi får av andre er personer som lider av anoreksi. De har utviklet et negativt selvbilde, og dette kan det være mange grunner til. Slik de ser kroppen sin er ikke nødvendigvis slik den ser ut i virkeligheten. I følge Eriksons teori vil tillit og mistillit i barndommen ha mye å si for slik en opplever livet senere. Barnet kan ha opplevd utrygghet, og derfor ikke være trygg nok på seg selv senere i ungdomstiden til at en unngår slike lidelser. Meads teori om utvikling av selvbilde kan også stemme i dette eksempelet. Personen som har anoreksi kan ha begynt forsiktig å gå ned i vekt. Når andre begynte å legge merke til dette, fikk vedkommende kanskje positive tilbakemeldinger. Dette gjorde at vedkommende fortsatte med det fordi det forsterket selvbildet.
Kilder:
- http://ndla.no/nb/node/27069
-http://snl.no/George_Herbert_Mead
- http://snl.no/Erik_Homburger_Erikson
- -Læreboka/Psykologi1/Peik Gjøsund og Roar Huseby
Trekkteoriar
Trekkteoriane tek utgangspunkt i at det finst mange forskjellige skalaer og dimensjonar. For å komma fram til ein god beskriving av ein person sin personlegdom, må vi undersøkje korleis personen scorar på eit stort antall med skalaer.
Svakheitar i teorien er at han ignorerer visse faktorar i forskjellige situasjonar. Teorien bør ikkje bli brukt idag fordi han bestem personlegdommen vår etter forskjellige trekk som vi har, når det er så mykje meir som bestem korleis vi oppfører oss. Slik som samfunnet og interesser.
Ein vanleg modell innan trekkteoriane er Hans Eysenck sin trefaktormodell. Denne modellen går ut på at at det finst tre store trekk. Psykotisme, Ekstroversjon og nevrotisisme. Modellen er ein hierarkisk modell, og vert kalla «pen» modellen.
P: Aggressiv, kald egosentrisk, egosentrisk, impulsiv…
Forsvarsmekanismar
torsdag 1. desember 2011
forsvarsmekanismer
Boka definerer forsvarsmekanismer sånn. « Forsvarsmekanismer er ei samnemning på dei metodane vi umedvite bruker for og verne oss mot noko som vekker angst, motvilje eller skyldfølelse, eller som trugar sjølvoppfatninga vår.» I korte trekk betyr det at forsvarsmekanismer er dei metodane vi bruker underbevisst for å beskytte oss mot traumatiske opplevelser eller kjensler.
Ein forsvarsmekanisme som Freud meinte var avgjerande i utviklinga av personlegdom var fortrenging. Fortrenging vil sei at vi vi gløymer ting som truger oss, er ubehagelig eller kan bryte ned sjølvrespekten vår. Fortrenging er noko som vi alle gjer, negative ting i fortida vår legger vi ofte heilt bak i tankane våre, medan positive hendingar held vi tillike fordi det hjelper sjølvfølelsen vår. Vi har vell alle gjort noko i ein eller anna situasjon vi helst vil gløyme. Den negative sida av fortrenging er jo vist det tar heilt overhand. Viss vi fortrenger for mange opplevingar kan den hindre oss i å justere handlingane våre og det kan igjen føre til at vi blir prega av passivitet.
Ein anna form for forsvarsmekanisme er regresjon. Regresjon vil sei at eit barn eller den unge signaliserer til omgivnadane om at det vil vere yngre enn det er. Det vanligaste eksempelet er små ungar som har fått ein lillebror eller søster. Da går ofte barnet tilbake til gamle vaner for å få meir oppmerksomheit. Kanskje barnet begynner å bruke smokk eller lignande. Individet er ofte sånn berre framfor foreldra, individet tek sjeldant dissa vanene med seg ut i kompiss gjengen.
Ein anna form for forsvarmekanisme er fornekting og dagdrauming. Fornekting går ut på at individet fornektar noko som faktisk har skjedd. Hendingane blir ofte bortforklart eller endra. Eit eksempel kan vere at eit barn latar som at mora ikkje har forlatt det. Dagdrauming er og ei forsvarsmekanisme. Det er ei form for fornekting. Når vi dagdrøymer lever vi oss inn i ei fantrasi verden, det er heilt normalt for folk å dagdrøyme, men det kan vere usunt viss det tek overhand. Da kan vi bli passive og la vere å gjere noko med livssituasjonen vår.
Isolasjon er ein forsvarsmekanisme som barn og unge tar i bruk. Barnet trekker seg bort fra andre barn som leiker, og studerer dei på avstand. Når barnet isolerar seg fra fellesskapet mister det sjangsen til å få nye erfaringer. I begynelsen kan dette virke positivt for barnet sidan det blir skjerma fra ubehagelige opplevelser, men det vil fort merka at isolasjonen kan ta overhånd og det blir vanskligare og vanskligare å få kontakt med andre. Ein forsvarsmekanisme som lignar på isolasjon er passivitet. Vist eit barn velger å ha ei passiv haldning kan det skjerme seg fra opplevinger som er negative. Barnet gjer for eksempel det samme heile tida, og denne haldningen kan føre til skyldfølelse eller mindreverdigheits kjensle. Projisering som og er ein forsvarsmekanisme vil sei å overføre problema sine på nokon andre eller ein gjenstand.
Reaksjonsdanning er ein forsvarsmekanisme som vi bruker for å undertrykke kjennslane våre og impulsane våre som ikkje er godkjend verken i samfunnet eller i oss sjølv. Eit eksempel kan vere ein som er homoseksuell og han vil ikkje innsjå det, kan han utvikle fordommer eller hat mot homofile. Rasjonalisering er ein forsvarsmekanisme der individet ved hjelp av vaksen argumentasjon unngår å snakke om sine eigne kjensler. Det kan føre til at barnet ikkje får utløp for kjenslane sine.
Torstein solli
Sjølvbilete og identitet
Sjølvbilde og identitet.
Sjølvoppfatning er alt du veit, trur og føler om deg sjølv. Det som og avhenger av sjølvoppfatninga di, er korleis andre ser på deg som person. Både sjølvoppfatninga og korleis du trur andre oppfattar deg som person, utgjer sjølvbiletet ditt. Dersom du for eksempel ser på deg sjølv som god, flink og snill, og du trur andre også ser på deg som dette, resulterer dette i eit godt sjølvbilete og du får god sjølvtillit. Men dersom du derimot ser på deg sjølv om ein av dei dårlege, og den som ikkje har flest venner, kan dette resultere i dårleg sjølvbilete dersom du og trur andre ser på deg som dårleg. Du kan sjå på deg sjølv ut i frå to forskjellige synsvinklar, eller kategoriar. Den første er karakteriserande og det er korleis du er, for eksempel flink til på skulen eller kanskje at du er ein snill venn. Den andre kategorien er vurderande, og er kva du syns om deg sjølv.
I tillegg til sjølvbilete og sjølvoppfatning, er det identiteten som gjer deg til den du er, og gjer deg til ein unik person. Identiteten er din er namnet ditt, personnummer, bustad og bakgrunn.
Det er altså desse tre “tinga”, sjølvbilete, sjølvoppfatning og identitet som gjer at du er den du er, men korleis utviklar ein sjølvoppfatning, identitet og sjølvbilete? Det er hovudsakleg dei personane rundt deg som er med på å avgjere korleis du blir som person. Vi kan setje opp korleis vi oppfattar oss sjølve og utviklar sjølvbilete vårt i tre punkt:
- Korleis vi oppfattar oss sjølve, oppfatning av kven vi sjølve er, kva status vi har, kva for eit yrke vi har, kva rolle vi fyller og kva rolle vi fyller i dei gruppene vi er med i.
- Korleis vi ønskjer å vere, korleis vi ønskjer å vere og korleis vi vil bli. Kan dreie seg om handlingar, haldningar eller bestemte etiske kvalitetskrav som vi prøver å leve opp til.
- Korleis vi vel å stå fram eller presentere oss for andre menneske, kva eigenskapar ved oss sjølve vi vil vise og skjule, og korleis vi vil vise oss fram.
Den måten vi viser oss fram på blir eit kompromiss mellom den faktiske oppfatninga vi har av oss sjølve, og den personen vi ønskjer å vere. George H. Mead meinte at vi menneske ikkje kan observere vårt eige sjølv, men det kan vi ved å søkje samhandling med andre menneske. Det vi gjer for å observere vårt eige sjølv, er å sjå og forstå oss sjølve ved å tolke andre sine reaksjonar på oss. Vi legg mest vekt på reaksjonar som kjem frå personar som er viktige for oss, for eksempel foreldre, lærarar, venner og søsken. Dersom eg for eksempel seier min meining om noko eg og nokre venner har diskutert til mor mi, og ho ikkje er eining, ser eg på reaksjonen hennar korleis ho reagerer på det eg sa. Dersom eg set mor mi høgare enn dei vennene eg diskuterte med, kan det hende at eg endrar meining og haldning til det me diskuterte fordi eg såg på reaksjonen til mor mi.
Noko anna som og er med på å utvikle identitet, sjølvbilete og sjølvoppfatning er siling av inntrykk. Vi hugsar betre positive signal enn dårlege signal. Sjølvoppfatninga vår verkar derfor styrande for sjølvbiletet vårt, og vi oppsøkjer personar og situasjonar som stadfestar det positive for oss, for eksempel nokon som har sagt du er snill, fin eller flink til noko.
- Cecilie
Meistring og meistringsstrategiar
Meistring er ein måte å takle ein konfliktsituasjon på. Når menneske
kjem opp i ein vanskeleg situasjon kan det endre på det som gir grunnlaget for
problemet. Ved hjelp av ulike meistringsstrategiar er dette muleg. Dei
vanlegaste formene for meistringsstrategi er kjensleregulering og
problemløysning.
Dersom vi har gjort ei handling der vi i ettertid føler skyld eller
angst nyttar vi ofte meistringsstrategien kjensleregulering. Denne prosessen går føre seg mentalt.
Problemet er der, men vert unngått. Vi kan vise dette ved eit eksempel. Ei
jente på 17 år har stelt ei bukse frå ein butikk. Ho var ute etter spenninga
ved å gjennomføre denne handlinga, men etter kvart angra ho. Den dårlege samvita
tok over og ho blei redd for at foreldra skulle merke noko. Dette førte til at
ho alltid var på vakt rundt foreldra og etter kvart prøvde å unngå dei. Sjølv
om ho visste at denne kjensla ikkje kom til å gå over før ho fekk snakka med
foreldra og ordna opp i problemet, gjekk ho berre rundt å tenkte på det utan å
gjere konkrete handlingar. Ved hjelp av denne kjenslereguleringa slapp ho unna
problemet for ein periode.
Problemløysning er den andre meistringsstrategien som vert nytta. Den
går ut på å ta tak i problemet og finne ut årsaka til det som har skjedd. Vi
treng informasjon for å kunne forstå handlingane. Det førre eksempelet kan
brukast til å vise denne meistringsstrategien. Jenta har no bestemt seg for å
gjere noko med den dårlege samvita og dei ubehagelege kjenslene. Ho går til
foreldra og fortel kva ho har gjort. Foreldra reagerer først sterkt, men roar
seg når jenta fortel om den dårlege samvita og at ho angrar på det ho har
gjort. Dei ber ho reise tilbake til butikken med buksa og fortelje kva som har
skjedd. Jenta gjer så dette. Etterpå er alle dei vonde kjenslene borte og ho
har inga dårleg samvit. Ho behøver ikkje lenger å unngå foreldra, og får ein
mykje lettare kvardag.
Kjensleregulering er
ein meistringsstrategi som ikkje fungerer så bra over tid. Den inkluderer mykje
tankar og følelsar som ein gjerne vert sittande aleine med. Samtidig er dette
den enklaste meistringsstrategien å gjennomføre ved å unngå å ta opp sjølve
problemet. Det er mykje negativt ved denne meistringsstrategien. Å halde inne
følelsar går sterkt utover kvardagen. Ein kan bli fort sur fordi ein har mykje
å tenke på. Samtidig vert det mykje unødvendig bekymring og mykje av tida vert
brukt på å tenke mange unødvendige tankar. Problemløysning er vanskelegast å
gjennomføre av dei to meistringsstrategiane. Det krev mykje av ein, å ta tak i
problemet å gjere noko med det. Likevel er det denne meistringsstrategien som
fungerer best over tid. Det vert ein kort periode med vanskelege følelsar, men
desse vil etter kvart forsvinne. Menneska rundt får reagert på sin måte og det
vil snart kjennast mykje betre. Konklusjonen på dette vert at problemløysning
er den beste meistringsstrategien over tid sjølv om den kan vere vanskeleg å
gjennomføre.
Mestring og strategiar
Mestring er at ein sjølv endrar vilkåra aktivt, slik at ein får fiksa opp ein konfliktfylt eller stressa situasjon. For å endre desse vilkåra kan ein bruke mestringsstrategiar som kjensleregulering og problemløysing. Kort og enkelt vil mestring seie å løyse opp vanskelege situasjonar, og det ved hjelp av dei to strategiane som eg skal ta føre meg.
Kjensleregulering er meir ein mental prosess, der ein dempar indre uro, skyld eller angst. Medan problemløysing er ein strategi der ein gjer noko aktivt for å løyse ein situasjon. Ein ser på kva årsakene til situasjonen er og kva ein kan gjere med problemet. Desse strategiformene er noko alle har vore igjennom, og som ein brukar. Nokre brukar kanskje kjensleregulering før dei brukar problemløysing, eller dei brukar berre ein av strategiane.
Kjensleregulering er ein strategi som går utover deg sjølv, du stengjer problemet inni deg og gjer ikkje noko med det. Et eksempel på dette er om ein har vore utru, og ein vel å ikkje sei noko til kjærasten. Vedkommande vil då kjenne ein form for skyld og/eller uro. Det er kanskje nokon som klarer å leve med den følelsen inni seg, men eg trur dei fleste ikkje klarar det i lengda. Det varierer sjølvsagt frå person til person korleis ein meistrar slike hendingar og korleis ein taklar følelsane sine. Kjensleregulering går som sagt ut på det du føler som indre uro, skyld eller angst, og vil i ikkje vere bra for deg i lengda. Eg syns dermed ikkje at dette er ein god strategi då ein har det vondt/ ubehageleg inni seg.
Problemløysing er ein meir aktiv handling, ein gjer noko med problemet og prøver å løyse det i staden for å stengje det inni seg. Om den som har vore utru å ikkje klarer å halde det inni seg, vil han finne ein løysning. Ein løysning på dette problemet er å fortelje det til kjærasten. Det kan vere ein kjem “godt” ut av problemet og det var bra at den utrue sa i frå. Men kanskje det ikkje alltid lønner seg med denne løysninga viss kjærasten ikkje vil vere i lag med denne personen meir. Då har du fått ein ny situasjon å meistre, skal ein prøve å fikse problemet som oppstod etter at det blei fortalt? Denne problemløysinga vil kanskje vere lettare å bruke etter ei tid, det er kanskje vanskeleg å gjere noko med situasjonen men det blir betre for deg etter kvart.
Mestring handlar ikkje alltid om handlingar som å vere utru eller bli forelska i det same kjønn. Det kan vere noko du opplever, som skilsmisse, terror, sjukdommar og dødsfall. Du kan bruke kjensleregulering og/eller problemløysning på dei problema som blei nemnt. Nokon vil ikkje snakke om kjenslene sine, og stengjer alt inni seg. Som det blei skrive om kjensleregulering kan dette bli tungt i lengda, men det er forskjellig frå person til person. Det kan vere lettare å finne ei løysning på problemet, som å snakke med nokon eller få meir kunnskapar om sjukdom eller andre hendingar. Etter ei forsking om diabetes blei det sagt at aktiv mestring/ problemløysing ville hjelpe pasienten, ved å snakke med venner/familie, få kunnskapar og lage ein plan så ein kan tilpasse seg sjukdommen.