torsdag 1. desember 2011

Meistring og meistringsstrategiar

«Når dei viktige verdiane eller måla våre blir utfordra, truga eller gjorde til inkjes, opplever vi ein psykologisk stressituasjon. Mennesket vil søkje å imøtegå, unngå eller klare denne stressituasjon på ulike måtar» - Richard Lazarus (1923-1994)

Når du kjenner deg trua som person, er det ikkje sikkert dei psykologiske forsvarsmekanismane er dei rette å bruke. Ein kan i staden prøve aktivt å meistre situasjonen, altso gjere noko med den. Meistring kan bli sett på som ein konkret forsvarsmekanisme som er karakteristisk for det enkle menneske, eit trekk ved personlegdommen din. Dersom du sjeldan kjem opp i konfliktsituasjonar og blir sett på som eit hyggeleg menneske, har du god evne til å meistre sosiale situasjonar, på grunn av den du er. Da har du ei evne til å unngå konflikt og bruker denne så og sei automatisk. Det finst og meistring som er det motsette av dette, altso at meistringsåtferda er målretta, situasjonsbunden og medviten. Ein viktig person som har forska mykje på dette er den amerikanske psykologen Richard Lazarus.

Kjem du i ein konfliktsituasjon vil du prøve å meistre situasjonen, eller du kan endre vilkåra som gir grunnlag for problemet, slik at det blir likevekt i situasjonen. Det er viktig å meistre ein situasjon for å opphalde ein positiv sjølvtillit og ein emosjonell balanse, i tillegg reduserast spenningar i forhold til andre menneske. Du har to meistringsstrategiar, kjensleregulering og problemløysing, som kan hjelpe deg å meistre ulike situasjonar.

Ved meistring ved kjensleregulering dempar du indre uro eller skyld og angst ved å fornekte eller unngå ein situasjon. Dette gjer ein gjennom ein mental prosess utan konkrete handlingar.
Ved meistring ved problemløysing finn ein årsaka til det som har skjedd og gjer noko med situasjonen. For å klare dette søkjer ein kunnskap og informasjon som grunnlag for handling.

Det variere frå individ til individ om du meistrar ulike situasjonar ved å involvere og engasjere deg eller ved å halde distanse og ha kontroll. Meistring er og avhengig av reaksjonane frå miljøet, som familie og venner. Sjølv om individ reagerer overraskande likt emosjonelt og ut i får eit felles mønster når vi opplever kriser og konfliktar, har vi alle eigne element i personlegdommen vår som gjer at vi reagerer ulikt. Det er derfor svært viktig at vi har respekt for kvarandre og problema til kvarandre. 
Therese 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar