Det er eit velkjend faktum at misbruk av rus kan føre til dårlegare psykisk helse, men det er også andre faktorar som spelar inn på den psykiske helsa:
Trygge og gode oppvekstvilkår
Eit tilvære som blir opplevd som utviklande og meiningsfullt
Omgivnader som er støttande og stimulerande
God fysisk helse
Høve til fysisk aktivitet og balanse mellom aktivitet og kvile
Desse faktorane er avhengig av dei som er rundt deg. Reaksjonane du får frå andre er avgjerande for sjølvbilete og den psykiske helsa di, og ein er ofte med personar som får ein til å føle seg vel. Mange er del av ein eigen subkultur innan ungdomskulturen generelt, som til dømes idrettsungdom, kristen ungdom, black metal-ungdom osv. Mange føler seg tilfreds i den gruppa dei er med i, men det å vere medlem i ein gjeng kan også føre med seg problem som kan påverke den psykiske helsa. Gruppepress er eit stort problem blant ungdom, og det er gjerne vanskeleg å seie imot gruppa, sjølv om du eigentleg meiner noko anna enn dei andre. Viktigheita av å vere ein del av gjengen, å passe inn, blir viktigare enn å stå for det du meiner. Det å undertrykkje eigne kjensler på denne måten kan føre til psykiske problem. Det kan også føregå gruppepress mellom kjærestepar. Ei undersøking utført av «The kaiser foundation» i Canada kom fram til at 50 % av ungdom føler seg pressa til sex i forhold. Eit fleirtal av dei me har spurd, har også sagt seg einig i at dei har opplevd gruppepress.
Eit anna problem blant ungdom er spiseforstyrringar. I dag er den perfekte kroppen ein kropp utan fett, redigerte supermodellar som er umogleg å etterlikne. Heile 52 % av jenter på vidaregåande skule føler at dei er for tjukke, og nokre av desse tyr til ekstreme løysningar, som kan føre anoreksi og bulimi. Dei me har spurd meiner også at det er relativt vanleg med spiseforstyrringar, og at det er media som er syndaren. Det å ikkje føle at ein er tynn nok påverkar ofte sjølvbilete i negativ forstand, og anoreksi og bulimi heng tett saman med psykiske lidingar.
Alt i alt er det nok ein positiv ting å vere med i ein såkalla subkultur. Det er viktig å føle at ein tilhører ein plass, og at ein har ein plass og vende seg til når ein har det tøft. Men det er likevel viktig å prioritere eigne kjensler, og ikkje alltid henge seg på dei du er med.
Brita, Malin, Lill Hege og Magnus B
Kjelder:
SvarSletthttp://www.buzzle.com/articles/peer-pressure-statistics.html
http://www.settgrenser.no/statistikk.htm