onsdag 30. november 2011

Meistringsstrategiar

”Når dei viktige verdiane eller måla våre blir utfordra, truga eller gjorde til inkjes, opplever vi ein psykologisk stressituasjon. Mennesket vil søkje å imøtegå, unngå eller klare denne stressituasjonen på ulike måtar.” – Richard Lazarus

Meistring er ein individuell forsvarsmekanisme ein tek i bruk når ein kjem i ein psykologisk stressituasjon. Korleis ein taklar ein slik situasjon er avhengig av korleis du er som person, i tillegg til korleis miljøet og dei rundt deg reagerer. Det fins to hovudformer av meistringsstrategiar vi bruker: Kjensleregulering eller problemløysing.

Kjensleregulering er ein mental prosess ein bruker for å dempe indre uro. Her gjer ein ikkje konkrete handlingar for å løyse stressituasjonen. Ein prøver heller å unngå konfrontasjon, og vente på at ting går over av seg sjølv. Kjem ein i ein stressituasjon kan ein også t.d. snakke med ein person for å prøve å dempe den indre uroa. Ein døme på dette er om ein skal ha eksamen, og er veldig nervøs. Då kan ein anten unngå situasjonen, eller prøve å takle stresset med å snakke med nokon.

Den andre strategien er problemløysing. Her finn ein årsaka til kva som har skjedd, og prøver å ordne opp. På denne måten tek ein kontroll over situasjonen. Då kan ein endre situasjonen til det betre. Døme: Lise har funne ut at ho er lesbisk, men har ikkje fortalt det til familien, fordi ho er usikker på korleis dei vil reagere. Her kan ho anten unngå situasjonen ved å ikkje seie noko. Eller kan ho bruke problemløysing, og snakke med foreldra om legninga si og om kjenslene sine. Då har ho teke kontroll over situasjonen, og samtidig gir foreldra ein sjanse til å støtte Lise.

Strategiar for kjensleregulering og for problemløysing kan vere gode eller dårlege, bevisste eller ubevisste. Dette er avhengig av kor mykje stress ein er utsett for, og kor mykje tid ein tek til å tenkje seg om. 

Brita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar