Typeteori er den eldste forma for personlegdomsteoriar. Typeteori tek utgangspunkt i at menneske har ulikt temperament. Det vert delt opp i fire temperamentstypar: den sangvinske, den koleriske, den flegmatiske og den melankolske. Kvar av desse typane er avhengig av ei dominerande kroppsvæske.
Den sangvinske er at blodet dominerar. Ein er munter, lett og lystig. Altså når ein er sangvinsk så er ein i godt humør og føler seg ganske bra. Medan i den koleriske er ein meir hissig og irritert. Du har då gått over frå å ha eit godt humør til å få eit dårleg humør. I den koleriske er det den gule gallen som dominerar. Desse to temperamentstypane seier noko om korleis du føler deg innvendes.
Dei to neste er de flegmatiske, der slimet dominerar. I denne er ein rolig og avbalansert, og stressar seg ikkje opp for ting. Du tek ting som det kjem, og føler at du har kontroll på ting. Det motsette blir den melankolske. Her er ein pessimistisk, nedstemt og trist. Ein startar å sjå mørkt på ting, og difor synk humøret. I den melankolske er det den svarte gallen som dominerar. Her kan ein lett trekke parallellar. Svart er ein trist farge, og det er difor lett å skjønne at her er det den som dominerar. Desse to er meir korleis ein føler for ting som oppstår.
Desse temperamentstypane var det Hippokrates som kom med det for et par tusen år sidan. Så det vil seie at dette kanskje ikkje er så aktuelt no i dag. Det er mykje som har endra seg på desse hundre åra. Denne teorien er heller ikkje populær innan moderne psykologi. Grunnen til det er at den ikkje fangar opp det store mangfaldet og heller ikkje den store variasjonsbreidda.
Lene Renate
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar