onsdag 30. november 2011

Forsvarsmekanisme

I samhandling med andre personar skjer det ei utvikling av personlegdommen. Ei god utvikling er avhengig av at individet opplever desse samhandlingane som positive. Dette er det ikkje alltid, iblant møter individet problem av ulike slag, og nokre av desse problema kan verka som forstyrrande inn på personlegdomsutvikla. Vi verna oss frå desse problema ved å bruke forsvarsmekanismar. Freud meinte at personlegdommen er avhengig av den psykiske energien som id gir oss. Denne energien sørger ego og superego, blir brukt på den best mogelege måten for individet. Dette «samarbeidet» er det som ligger bak dynamikken som ligg bak all atferda vår.
Vi definerer forsvarsmekanismar slik: forsvarsmekanismar er ei samnemning på dei metodane vi umedvite bruker for å verne oss mot noko som vekkjer angst, motvilje, eller skyldkjensle, eller som trugar sjølvoppfatninga vår.

Fortrenging er den forsvarsmekanismen som vi bruker mest. Det vi gjer er å gløyme det vonde vi opplever, det som trugar oss, eller som kan bryte ned sjølvrespekten vår. På den andre sida så huskar vi dei gode opplevingane, sigrane og ros. Dette kan vera ei sunn tilpassing til livet som gjer at vi har det betre med oss sjølve og saman me andre. Positiv med denne er at vi har det betre med oss sjølve og saman med andre. Det som kan gjere skade er at vi mister sjansen til å gjere noko med livssituasjonen vår.

Av og til signaliserer barn og unge til omgivnadene at dei ønskjer å vere mindre enn det dei eigentleg er. Dei vil tilbake til eit lågare utviklingstrinn, til den tida det ikkje vart stilt så mange krav til dei. Denne forsvarsmekanismen kallar vi for regresjon. Døme på dette kan vera ein ungdom så oppføre seg barnsleg for foreldra, for å sleppe ansvar. Skaden med dette er at utviklinga stoppar.

Fornektinga noko som har skjedd er ein vanleg form for forsvarsmekanisme. Hendinga blir bortforklart til det heilt ukjennelege. Barn som dekkje over skadane etter ei mishandling er eit døme på fornekting. Dagdrøyming ligner på fornekting, vi drømmer oss inn i ei fantasiverd og blir så opptatt av den at vi gløymer vår ordentlege livssituasjon. Dette kan skjerme oss frå det vonde, men kan vere negativ ved at du kan få problem med å konsentrere deg.

Isolasjon er at barn kan trekke seg bort frå dei andre og leikar aleine, eller sitter passivt og ser på kva dei andre gjer. Dette gjer at barnet får færre sjansar til å skaffe seg nye erfaringar. Passivitet liknar svært på isolasjon. Når barn eller unge vel ei passiv haldning, skjermar dei seg mot overraskingar og opplevingar som kan vere vanskelege å handtere. Når vi overføre våre eigne problem til andre ting eller personar kallar vi dette projisering. Det som kan vera skadeleg med desse forsvarsmekansimane er at du ikkje klarer å sosialisera deg og du detter ut av fellesskapet. Positivt kan vera at du lærer å vera sjølvstending.

Reaksjonsdanning er ein forsvarsmekanisme vi bruker for å undertrykkje våre eigne tankar og impulsar som veit er lite akseptert i miljøet omkring oss. Ein anna forsvarsmekanisme er rasjonalisering. Å rasjonalisere vil seie å ordne noko på ein systematisk og fornuftig måte. Det kan føre til at barnet undertrykkjer kjenslene, og at det ikkje får utløp for reaksjonane sine. Skaden ved dette er at du utviklar deg til ein person som du ikkje er, ved at du ikkje utrykkje r og seie det du meiner. Positivt er at du blir akseptert i det samfunnet du lever i og ikkje detter utanfor.

Som vi ser bruker vi menneske forsvarsmekanismar dagleg, vi bruker dei til å fortrenge noko vi har opplevd eller for å bli akseptert i det samfunnet vi lever. Dette kan vera bra og ikkje noko farleg i dette, men når dette begynner å gå over handlingsmønstret vårt og vi bruker det heile tida. Kan dette bli usunt. Du viser ikkje kven du er og det kan også oppstå nervøse symptom, som angst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar