Sjølvbilete og sjølvoppfatning har mykje det same begrepet; det handlar om korleis ein ser og oppfattar andre. Dette er i samhandling med andre, plassen din i nærmiljøet og samfunnet elles. Sjølvbilete kan spesifikt seiast som at det er avgjerande for åtferda du viser til dagleg, og sjølvoppfatning kan definerast som det er det du trur og føler om deg sjølv og korleis du trur andre oppfattar deg som person.
Identiteten din er det at det som karakterisere deg som person er det som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er meir enn det. I tillegg til det som gjeld sjølvbilete, er identiteten alt som er spesielt for deg som person; namn, personnummer, bustad, bakgrunn og likande. Det er ingen som har alle desse likt som deg. Ein kan ha same bustaden, men då har ein eit anna namn, bakgrunn og/eller personnummer. Det er ingen som har det same personnummeret som deg uansett.
Sjølvbilete blir utvikla av personane me omgår oss med og korleis vi oppfattar oss sjølv saman med desse personane. Det er for det meste foreldre, venner sysken. Korleis me oppfattar oss sjølv har mykje å seie for sjølvbilete med det kan vi seie kva rolle me spelar; yrker, i ulike grupper og kva status ein har. Ein anna faktor som spelar inn er korleis me ønskjer sjølv å vere. Ein har eit mål om korleis ein vil vere og oppføre seg som ein strekkjer seg etter og då har som utgangspunkt. Det kan dreie seg om handling, holdningar eller bestemte etiske kvalitetskrav som vi prøver å følje. Resultatet av dette blir då korleis me oppfører oss altså åtferda.
Alt ein opplever vil endre sjølvbilete og oppfatning i større eller mindre grad til deg på ein eller anna måte. Ein blir meir påverka av at som skjer og alt ein gjer, men ein blir meir påverka av dei som står seg næmare enn dei som ein ikkje kjenner eller kjenner lite. Eksempel på dei ein blir mest påverka av er foreldre, sysken, venner og lærar. Ein blir påverka av desse på forskjellige måtar som om for eksempel om veslesystera di seier at denne stilen var utan feil, så vil ein heller stole på det læraren seier om stilen.
Derfor kan me sjå at som tidlegare sagt er det sjølvbilete det som utviklar seg etter kvar som ein blir endre, medan identiteten er noko du er født med. Likevel kan identiteten forandre sge på nokre punkt. For eksempel kan du byte bustad og namn. Dei viktigaste signalifikantane me har er dei me omgås mest med, som til dømes; familie og venner. Men desse har ikkje den same effekten på sjølvbilete.
Anja
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar