fredag 13. april 2012
Stress
Prestasjonsangst
Kva kan du gjere dersom prestasjonsangsten slår inn? Forventningane dine får deg til å føle deg ubehagelig, dårlig og lange netter fult med mareritt om hendingar som kan skape stress.
Prestasjonsangst har som regel med personlegdommen å gjere. Du er veldig opptatt av kva andre seiar om deg, tykjar om deg og den største skrekk er kritikken du kan få.
Det er mogleg å døyve prestasjonsangsten, nokre av dei teknikkane du kan gjere da på er:
- Ein kan finne støtte i venner og medelevar. Dykk kan snakke om problemet og prøve å finne gode løysningar på angsten din.
- Ein kan prøve avspenningsøvingar. F.eks. Yoga. Yoga kan virke angstdempande. Ein finnar roen inni seg, og førar den vidare til situasjonar som kan framkalla angst.
- Viss ein er nervøs får ein framføring eller andre hendingar der du må presentere, kan ein øve seg på dei hendingane. Ein kan stå framfor familie eller vennar og snakke, øve seg på å bli meir trygg på seg sjølv og omgivnadane.
- Vere godt førebudd.
- Et sunn mat som kan gi deg mykje energi, og ha meir lyst å meistra og yte.
Nokre gongar er det viktig for personar med prestasjonsangst at andre veit om det. Dei kan hjelpe til med å redusere stress skapande situasjonar. Dei som kan vere gode å snakka med då, er helsesyster, sosiallærar, verneombod eller andre som kan høyre på kva ein har å sei, og gi gode råd. Det som er viktig då er at ein følar deg tryggare når ein skal presentera.
- Snakk om kva som gjere situasjonar stressande eller ubehagelige i forhold til prestasjonsangsten din. Det er forskjellige formar for angst. Nokon gongar kan det føre til ein spenning i kroppen, og det er ein naturlig reaksjon i alle opplevingar.
- Det er viktig å skjønna at alle gjere ein feil inniblant. Å gjere ein feil kan føre til at ein lærar av sine eigne erfaringar som kan føre til betre innsats til neste gong.
- Viktig å gjere seg kjent med situasjonar som ein tykjar er ubehagelige. Vite kva som er i vente, og kva som kan gjere deg meir trygg og skapar mindre angst.
- Angsten som kjem er som oftast ein misforståing av oppgåva som ein får. Det er lurt å ikkje misforstå oppgåva slik at prestasjonsangsten kan reduserast, og det blir lettare og handtera oppgåva.
- Konkurranseinstinktet kan øydelegga får dei med prestasjonsangst. Det kan framkalla angst og gjere oppgåva mykje vanskeligare enn det den allereie er. Godta at alle er ulike og all innsats er bra uansett kva.
- Gi gode tilbakemeldingar til deg sjølv og andre som sliter med angst. Gode tilbakemeldingar kan føre til at ein blir fornøgd med seg sjølv og arbeidet ein har lagt i det.
Therese, Ingrid, Karoline F, Ragnhild
Kjelder: Psykologi 1, Gjøsund og Huseby, 2010
Stress
På ein heilt vanleg kvardag så blir du utsatt for mange ulike situasjonar som kan forårsake stress. Du har kanskje ein prøve dagen etterpå, og er stresset fordi du ikkje føler deg forberedt. Når du har dårleg tid til ein avtale, eller du har mykje å gjera og føle at du ikkje rekke det du skal. Stress kan definerast som ein tilstand av auka fysiologisk, psykologis og åtferdsmessig beredskap, det vil seie alarmreaksjonen til kroppen. Vi seier at stress kommer av at vi blir utsatt for ein eller fleire stressfaktorar og dei inntrykka desse stressfaktorane gir, blir behandla i hjernen. Det som gjer at vi stressar er at vi kommer i situasjonar som vi føler at vi ikkje har kontroll over eller føler oss ikkje komfortabel i.
Det finst mange ulike former for stress. Det finst positiv og negativ stress. Dersom stress skjer berre ein gang iblant kan dette vera eit teikn til auka aktivitet og det er dermed eit gode for individet. Dette blir kalla positivt stress. Vi opplever meistring og har kontroll over det som skjer. Negativt stress det er då vi kjem ut i situasjonar som vi ikkje meistrar og dette er ein påkjenning for kroppen. Det kan og redusere livskvaliteten. Kronisk stress er det at stressituasjonane er langvarige og det er dokumenter at langvarigstress kan gi helseproblem. Den siste forma er akutt stress, det er stress som vi opplever av ein spesiell situasjon. Til dømes i bilkø og dersom du har gløymt å gjort noko som har ein tidsfrist.
Kva skapar stress?
Karoline stressar når nokon har forventingar til ho eller har ein avtale som ho er seint ute til. Mina blir stressa dersom ikkje ting blir som det blir. Som vi ser er dette personlegavhenging. Vi blir stressa av ulike situasjonar. Det som ein person blir stressa av, kan det hende at ein anna person klarer å handtere og blir derfor ikkje stressa. Det som skapar stress kan også ha ein positiv påverknad som stiller krav til tilpassing eller endring. Til dømes når du skal kjøpe din første leilegheit eller byrja med høgare utdanning. Kva som skapar stress har forandra seg i løpa åra. Før var det kampen om tilværinga som skapte stress, det å reise på jakt eller finne ein plass å bu.
Slik er det ikkje nå til dags. Vi har som regel mat i kjøpeskapet og ein plass å bu, men likevel så oppstår stress. Nå er det andre forhold som gjer at vi stressar, krav frå foreldre og skule, karrierekrav og sosialprestasjon. Vi menneske kjem opp i ulike situasjonar og det kan føre til at nokon av oss blir stressa. Nokon synst det er heilt greitt å snakke høgt i klassen og er komfortabel med det, men andre kanskje ser på dette som ein stressa situasjon. Vi delar årsakar til stress i to, ytre og indre årsaker. Ytreårsaker er store endringar og omstillingar i livet, slike som økonomisk problem skilsmisse eller ny skule. Indre årsaker det kan vera at du ha manglande evne til å akseptere motgang, eit mindre positivt sjølvbilete og store forventingar. Det som fleire meinar er hovudårsaka til stress er utrykkleik, angst og uvisse. Det er også sagt at dei som er veldig trygge på seg sjølv klarer å takle stressfaktorar betre enn dei som er mindre trygge
Kva kan førebygge negative stress reaksjonar?
Det er finst fleire metodar for å førebygge negative stress reaksjonar, men her er dei tre mest sentrale(trening, avspenning og emosjonellstøtte):
Trening:
Når du trenar kan du gjere kroppen i betre stand til å tole påkjenningar. Trening hjelper på både humør og trivsel og du vil få meir energi til å møte problem som kan føre til stress. Når du trenar utviklar du og evna til å slappe av. Kroppen er vand med å roe seg etter trening og bygge seg opp att, og dette vill og hjelpe deg viss du kjem i ein stressande situasjon.
Avspenning:
Avspenning er meir som meditasjon, teknikkar som har som mål å redusere spenningar, indre uro og stress. Du fokuserer på pust og hjarterytme og prøver å holde deg rolege.
Emosjonell støtte:
Støtte frå familie, venner, kjæraste osv. er og ein sentral faktor i å førebygge negative stress reaksjonar. Støtte kan vere direkte (andre er tilstades og kan ta del i opplevingane dine) og indirekte ( får hjelp til reint praktisk oppgåver, viss du har eksamen så kan nokon ta oppvasken for å hjelpe deg). Positive og fine tilbakemeldingar kan og vere veldig støttande.
Det som er det store spørsmålet no er, kvifor utsetter vi oss for stress ? liker vi å vera stress får vi eit kick av det, eller er det rett å slett noko vi brukar for å presse oss sjølv. Det å stresse trur eg er noko vi menneske berre gjere, vi gjorde det i seinalderen og vi gjer det no. For nokon kan det å stress vere ein god ting, fordi dei har så god sjølvtillit at dei taklar det, men for nokon er stress ein negativ ting og dei kan føle at dei mister kontrollen. Men det dei som ikkje klare å takle stress må gjere er at dei må prøve å førebygge, slik at dei ikkje kjem opp i situasjonar som utløyser stress. Til dømes når du har ein prøve, så ikkje begynne å øve dagen før, men heller nokre dagar i forvegen slik at du føler at du har kontroll over situasjonen. Det som vi ser nå er at å stresse kan vera noko menneskeleg, det er berre noko vi gjer, som å lyge. Vi lyger men vi veit at me ikkje skal gjera det.
3 på gata.
Spørsmål:
1.Korti opplever du stress?
2.Korleis blir du når du stressar3.Kva gjer du for å ungå stress?
Anonym1.
1.Masse å gjere på skulen( prøvar, innlevering osv)
2.Uroleg
3.Passe på å gjere det eg skal
Anonym2.
1.Masse prøvar og masse å gjere på skulen og når det er liten tid.
2.Motivert til å få det unnagjort, uroleg.
3.Prøver å få kontroll på situasjonen og organisere slik at det blir tid til alt.
Anonym3.
1.Når det er situasjonar som det personen ikkje har kontroll over(eksamen) og når det er mykje som skjer.
2. Forvirra og går mykje « i ring».
3.Vere godt forberedt og få kontroll.
Helse og livskvalitet
- Medisinsk definisjon: Fråver av sjukdom.( Er du sjuk, har du dårleg helse; er du frisk , har du god helse.)
- WHO(Verdshelseorganisasjon) definisjon: Ein tilstand av fullkome kroppsleg, sjeleleg og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lyte.
- Det er vanskeleg å finne eintydig definisjon på livskvalitet. Livskvalitet heng saman tett saman med helse, tryggleik og eit meiningsfult liv. Helse kan påverke livskvaliteten din i stor grad, er me friske har me god livskvalitet, er me sjuke har me ikkje ein fult og god livskvalitet. Livskvaliteten kan også verke inn på helsa, god livskvalitet påverkar helsa positivt. Men det er også mange som har langvarige sjukdommar som har ein godt livskvalitet med godt humør og forhold til folk rundt seg. Også kan det vere folk som er friske men har ein dårleg livskvalitet fordi dei er einsame og har få interesser.
- Har du eit sosialpsykologisk syn på livskvaliteten er det dei positive og negative opplevingane du har som avgjer korleis livskvaliteten din er. Har du mykje positive opplevingar då får du ein god livskvalitet eller omvendt. Slike positive opplevingar kan vere eit stabilt og sosialt miljø, familie, tryggleik, skule, jobb og fritid. Det er også viktig med materiell tryggleik, personleg fridom det er viktige faktorar i eit meiningsfult liv.
- Det sentrale for barnas livskvalitet er tryggleiken i familie livet. Det er viktig å ha bra forhold til foreldre og søsken, men det er fult så viktig at økonomien til foreldra og forholda er stabile. God familierelasjonar, økonomi og trygge nettverk er det optimale for eit barn og vekse opp i. Men det er også viktig og ta med at desse faktorane ikkje treng og vere til stades, eit barn kan også ha det godt sjølv om dei ikkje er der, ofte er familie relasjonane er ofte sterkare då.
- Det og gjere meiningsfulle oppgåver på skulen og i arbeidslivet har stor innverknad på livskvaliteten vår. Men nokre finn seg ikkje heilt til rette på skulen, og derfor kutte utdaninga. Då kan det vere vanskeleg å finne seg jobb, noko som kan føre til at det blir vanskeleg og dekkje dette behovet, fordi mykje av sjølvrealiseringa skjer gjennom samfunnet. Arbeidslivet er grunnleggande for livskvaliteten, fordi du byggjer deg oppover. Kjøper deg bustad, trygg økonomi, bil, dekkje utgifter osv.
- Mange seier at pengar avgjer mykje om du får ein god livskvalitet eller ikkje. Er det slik? Me har på ein måte to livskvalitetar ein objektiv og ein subjektiv. Den subjektive livskvaliteten er korleis du eigentleg har det inni deg, er du lykkeleg, lei, trøytt eller glad. Den objektive livskvaliteten er den som ser deg utan frå. Har du fint hus, bra bil, fast jobb osv.. Men kven av desse livskvalitetane er viktigast? Tren me berre ein av dei?
- Kjelde:
- Psykologi 1
Om psykisk helse og ungdomskultur
Det er eit velkjend faktum at misbruk av rus kan føre til dårlegare psykisk helse, men det er også andre faktorar som spelar inn på den psykiske helsa:
Trygge og gode oppvekstvilkår
Eit tilvære som blir opplevd som utviklande og meiningsfullt
Omgivnader som er støttande og stimulerande
God fysisk helse
Høve til fysisk aktivitet og balanse mellom aktivitet og kvile
Desse faktorane er avhengig av dei som er rundt deg. Reaksjonane du får frå andre er avgjerande for sjølvbilete og den psykiske helsa di, og ein er ofte med personar som får ein til å føle seg vel. Mange er del av ein eigen subkultur innan ungdomskulturen generelt, som til dømes idrettsungdom, kristen ungdom, black metal-ungdom osv. Mange føler seg tilfreds i den gruppa dei er med i, men det å vere medlem i ein gjeng kan også føre med seg problem som kan påverke den psykiske helsa. Gruppepress er eit stort problem blant ungdom, og det er gjerne vanskeleg å seie imot gruppa, sjølv om du eigentleg meiner noko anna enn dei andre. Viktigheita av å vere ein del av gjengen, å passe inn, blir viktigare enn å stå for det du meiner. Det å undertrykkje eigne kjensler på denne måten kan føre til psykiske problem. Det kan også føregå gruppepress mellom kjærestepar. Ei undersøking utført av «The kaiser foundation» i Canada kom fram til at 50 % av ungdom føler seg pressa til sex i forhold. Eit fleirtal av dei me har spurd, har også sagt seg einig i at dei har opplevd gruppepress.
Eit anna problem blant ungdom er spiseforstyrringar. I dag er den perfekte kroppen ein kropp utan fett, redigerte supermodellar som er umogleg å etterlikne. Heile 52 % av jenter på vidaregåande skule føler at dei er for tjukke, og nokre av desse tyr til ekstreme løysningar, som kan føre anoreksi og bulimi. Dei me har spurd meiner også at det er relativt vanleg med spiseforstyrringar, og at det er media som er syndaren. Det å ikkje føle at ein er tynn nok påverkar ofte sjølvbilete i negativ forstand, og anoreksi og bulimi heng tett saman med psykiske lidingar.
Alt i alt er det nok ein positiv ting å vere med i ein såkalla subkultur. Det er viktig å føle at ein tilhører ein plass, og at ein har ein plass og vende seg til når ein har det tøft. Men det er likevel viktig å prioritere eigne kjensler, og ikkje alltid henge seg på dei du er med.
Brita, Malin, Lill Hege og Magnus B
torsdag 12. april 2012
FAGDAG 13.4: MENNESKE OG HELSE
Viktig at de merker blogginnlegget med navn på gruppe samt passar på å legge inn etikett slik at innlegget er lett å finne att. Det blir kjekt å jobbe med dykk på dette temaet!
