fredag 13. april 2012

Helse og livskvalitet

Mennesket og helse- Gruppe 1.

Tema 1. Læreplanmål 1 og 2: Om helse, livskvalitet og stress.

Definering av helse.
Helse kan definerast på mange forskjellige måtar, og i mange tilfelle er definisjonen knytt til sjukdom. Her er dei vanlegaste definisjonane:
    • Medisinsk definisjon: Fråver av sjukdom.( Er du sjuk, har du dårleg helse; er du frisk , har du god helse.)
    • WHO(Verdshelseorganisasjon) definisjon: Ein tilstand av fullkome kroppsleg, sjeleleg og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lyte.
WHO sin definisjon handlar om meir enn berre det fysiske og fokuserer på at du skal ha det bra psykisk og.
Men viss vi ser vekk frå definisjonane å prøver å sjå på kva vi ser på er god helse:
Å halde seg frisk, vere i aktivitet, ha jamvekt i kroppen, balansert kosthold, nok søvn, at du har det bra sosialt(venner, familie)etc. Så kan vi tenke på kva ei god og kva ei dårleg helse er? Dette er sjølvsagt forskjellig frå person til person kva han syns er ei god helse.
Men ei god helse er at du er frisk, får nok søvn og alt som nemnt ovanfor. Dårleg helse derimot er når du stadig har smerter, lite søvn, dårleg kosthold, ikkje på jobb/ skulen.
Å ha ei god helse er veldig viktig både for humøret og og kroppen din. God helse gir god livskvalitet.
Reflekter over livskvalitet.
  • Det er vanskeleg å finne eintydig definisjon på livskvalitet. Livskvalitet heng saman tett saman med helse, tryggleik og eit meiningsfult liv. Helse kan påverke livskvaliteten din i stor grad, er me friske har me god livskvalitet, er me sjuke har me ikkje ein fult og god livskvalitet. Livskvaliteten kan også verke inn på helsa, god livskvalitet påverkar helsa positivt. Men det er også mange som har langvarige sjukdommar som har ein godt livskvalitet med godt humør og forhold til folk rundt seg. Også kan det vere folk som er friske men har ein dårleg livskvalitet fordi dei er einsame og har få interesser.
  • Har du eit sosialpsykologisk syn på livskvaliteten er det dei positive og negative opplevingane du har som avgjer korleis livskvaliteten din er. Har du mykje positive opplevingar då får du ein god livskvalitet eller omvendt. Slike positive opplevingar kan vere eit stabilt og sosialt miljø, familie, tryggleik, skule, jobb og fritid. Det er også viktig med materiell tryggleik, personleg fridom det er viktige faktorar i eit meiningsfult liv.
  • Det sentrale for barnas livskvalitet er tryggleiken i familie livet. Det er viktig å ha bra forhold til foreldre og søsken, men det er fult så viktig at økonomien til foreldra og forholda er stabile. God familierelasjonar, økonomi og trygge nettverk er det optimale for eit barn og vekse opp i. Men det er også viktig og ta med at desse faktorane ikkje treng og vere til stades, eit barn kan også ha det godt sjølv om dei ikkje er der, ofte er familie relasjonane er ofte sterkare då.
  • Det og gjere meiningsfulle oppgåver på skulen og i arbeidslivet har stor innverknad på livskvaliteten vår. Men nokre finn seg ikkje heilt til rette på skulen, og derfor kutte utdaninga. Då kan det vere vanskeleg å finne seg jobb, noko som kan føre til at det blir vanskeleg og dekkje dette behovet, fordi mykje av sjølvrealiseringa skjer gjennom samfunnet. Arbeidslivet er grunnleggande for livskvaliteten, fordi du byggjer deg oppover. Kjøper deg bustad, trygg økonomi, bil, dekkje utgifter osv.
  • Mange seier at pengar avgjer mykje om du får ein god livskvalitet eller ikkje. Er det slik? Me har på ein måte to livskvalitetar ein objektiv og ein subjektiv. Den subjektive livskvaliteten er korleis du eigentleg har det inni deg, er du lykkeleg, lei, trøytt eller glad. Den objektive livskvaliteten er den som ser deg utan frå. Har du fint hus, bra bil, fast jobb osv.. Men kven av desse livskvalitetane er viktigast? Tren me berre ein av dei?
  • Eg vil sei at du treng begge både den subjektive og den objektive, kanskje den subjektive mest. For du kan vere lykkeleg å ha ein bra livskvalitet sjølv om du ikkje ha dyr bil og stort hus. Men den objektive livskvaliteten er også viktig den og, men den betyr ikkje alt.
  • Kjelde:
  • Psykologi 1

Om psykisk helse og ungdomskultur

Det er eit velkjend faktum at misbruk av rus kan føre til dårlegare psykisk helse, men det er også andre faktorar som spelar inn på den psykiske helsa:

  • Trygge og gode oppvekstvilkår

  • Eit tilvære som blir opplevd som utviklande og meiningsfullt

  • Omgivnader som er støttande og stimulerande

  • God fysisk helse

  • Høve til fysisk aktivitet og balanse mellom aktivitet og kvile

Desse faktorane er avhengig av dei som er rundt deg. Reaksjonane du får frå andre er avgjerande for sjølvbilete og den psykiske helsa di, og ein er ofte med personar som får ein til å føle seg vel. Mange er del av ein eigen subkultur innan ungdomskulturen generelt, som til dømes idrettsungdom, kristen ungdom, black metal-ungdom osv. Mange føler seg tilfreds i den gruppa dei er med i, men det å vere medlem i ein gjeng kan også føre med seg problem som kan påverke den psykiske helsa. Gruppepress er eit stort problem blant ungdom, og det er gjerne vanskeleg å seie imot gruppa, sjølv om du eigentleg meiner noko anna enn dei andre. Viktigheita av å vere ein del av gjengen, å passe inn, blir viktigare enn å stå for det du meiner. Det å undertrykkje eigne kjensler på denne måten kan føre til psykiske problem. Det kan også føregå gruppepress mellom kjærestepar. Ei undersøking utført av «The kaiser foundation» i Canada kom fram til at 50 % av ungdom føler seg pressa til sex i forhold. Eit fleirtal av dei me har spurd, har også sagt seg einig i at dei har opplevd gruppepress.

Eit anna problem blant ungdom er spiseforstyrringar. I dag er den perfekte kroppen ein kropp utan fett, redigerte supermodellar som er umogleg å etterlikne. Heile 52 % av jenter på vidaregåande skule føler at dei er for tjukke, og nokre av desse tyr til ekstreme løysningar, som kan føre anoreksi og bulimi. Dei me har spurd meiner også at det er relativt vanleg med spiseforstyrringar, og at det er media som er syndaren. Det å ikkje føle at ein er tynn nok påverkar ofte sjølvbilete i negativ forstand, og anoreksi og bulimi heng tett saman med psykiske lidingar.

Alt i alt er det nok ein positiv ting å vere med i ein såkalla subkultur. Det er viktig å føle at ein tilhører ein plass, og at ein har ein plass og vende seg til når ein har det tøft. Men det er likevel viktig å prioritere eigne kjensler, og ikkje alltid henge seg på dei du er med.


Brita, Malin, Lill Hege og Magnus B

torsdag 12. april 2012

FAGDAG 13.4: MENNESKE OG HELSE

Heisan folkens, det er tid for fagdag og denne gongen er temaet: Mennesket og helse. De skal få legge ut blogginnlegga dykkar her etterkvart som de vert ferdige.




Viktig at de merker blogginnlegget med navn på gruppe samt passar på å legge inn etikett slik at innlegget er lett å finne att. Det blir kjekt å jobbe med dykk på dette temaet!

onsdag 7. desember 2011

humanistiske teoriar

gjer greie for humanisk teori, kjenneteikn, diskuter korleis det på verkar personlegheita og vurder kor gyldig den er i dag. 
Humanistiske teoriar oppstod som ein reaksjon på psykodynamisk teori som la vekt på det ubevisste. Humanismen går ut på at mennesket har fri vilje og har kontroll over bevisstheita si. Meir menneskelege eigenskapar er sett i fokus og humanismen viser eit meir positivt menneskesyn. Det aller mest sentrale er behovet for sjølvrealisering. Mennesket kan ta rasjonelle valg i forhald til framtid uavehengig av tidlegare opplevelsar og barndom. Forventningane som dette synet gir kan vera positivt for ein person fordi den seier at ein kan klare det ein vil, sjølv om ein har opplevd vanskelege ting eller har hatt ein oppdragelsesvikt osv. Ein fokuserar på notida, og kva ein kan gjere no. 
Carl Rogers er ein av dei viktigaste personane innanfor humanistiske teoriar, i lag med Abraham Maslow. Rogers sin teori går ut på at alle menneske er gode og at respekt for menneskeheita er viktig for den mentale helsa. I motsetnad til Freud sin teoriar er det noværande viktigare enn både framtida og fortida. Derfor undersøker ein kva ein kan gjere no, i staden for å ta avgjersler vasert på kva som kan skje i framtida, enn å dvele ved fortida. Ideen om personleg ansvar for sjølvrealisering er også viktig. 
Dei humanistiske teoriane står fortsatt sterkt i dag. Tanken om at alle sjølv kan bidra til å forbedre sin eigen mentale og fysiske helse er viktig. Rundt oss blir me heile tida oppfordra til ting me kan gjera for å oppnå bedre helse, spesielt i media. Konseptet med at alle er like verdige uavhengig av t.d etnisk bakgrunn jobbar ein fortsatt med i dag, og ein blir oppfordra til toleranse og respekt i forhald til menneske rundt oss. 

-synne

mandag 5. desember 2011

Psykologi – Sjølvbilete og identitet


Du har sikkert tankar om kva personlegheit er, og tenkjer kanskje på det som definerer veremåten til ein person. Dersom du no stoppar opp og tenkjer over korleis personlegdommen din er, kva som kjenneteiknar deg som person, då tar du utgangspunkt av di eiga oppfatning av deg sjølv. Sjølvoppfatninga, er det vi kallar summen av alt du veit, trur og tenker om deg sjølv.


Sjølvoppfatninga di er også i stor grad avhengig av korleis du trur andre oppfattar deg. Summen av dei inntrykka du har av deg sjølv, og korleis du trur andre oppfattar deg, kva slags plass du trur du har i forholdet andre og i samfunnet elles, er det totale sjølvbilete ditt. Sjølvbiletet ditt er ofte særs avgjerande for den normale, daglege åtferda din. Dermed er sjølvbiletet ein viktig del av det som karakteriserer deg. Mange vil seie at det som kjenneteiknar deg som person, er det same som kjenneteiknar identiteten din. Men identitet er noko meir. Identitet kan sjåast på som aspekt ved deg sjølv som er uforanderlege over tid og bestandige, men også personleg informasjon som seier noko om deg og kvar du kjem, som namn, bustad og etnisk bakgrunn.


Utviklinga av sjølvbiletet skjer altså i nær samanheng med dei personane me omgås, og korleis vi vi oppfattar oss sjølve saman med desse personane. Korleis vi oppfattar oss sjølve og dermed utviklar sjølvbiletet kan setjast opp i tre punkt:

Korleis vi oppfattar oss sjølve: Oppfatninga ein har av kven ein her, sosial status, yrke og kva rollar og forventningar ein har til seg.

Korleis vi ønskjer å vere: Den ideale oppfatninga av oss sjølve, altså kven ein har som mål å bli – eller i det minste å vere noko som liknar

Korleis vi vel å stå fram: Korleis ein prøver å framstille seg sjølv for andre menneskje. Her meiner vi kva aspektar, talent og eigenskapar ved oss sjølve vi prøver å framheve, eller skjule, og kva rolle ein prøver å spele.

Trekkteorien – eit tydlegare bilete på personlegdommen vår


Personlegdommen er det som
gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre menneske. Altså ein
definisjon av personlegdom får fram det spesifikke og karakteristiske mønstret
av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss
har i samhandling med omgivnadane.
Trekkteoriar handlar om menneske lege trekk eller eigenskapar og
byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har
meir eller mindre av. Dette vil seie at teoriane legg meir vekt på personlegdomstrekka
til individet og ikkje korleis det opptrer i ei gruppe.
Trekkteoriane tek utganspunkt i å studere dei ulike personlegdomstrekka
som kvar enkelt menneske har, for å komme fram til ei god og nøyaktig skildring
av ein person. Trekkteoriane vil ikkje framstille personlegdomstypar, då dette
er vil vere sterotypisering, som vil gje eit altfor unøyaktig bilete av
verkelegheita. Menneske let seg altså ikkje plasserast i nokon
«standarkategori», sidan alle er forskjellige.
Femfaktormodellen er den mest kjente teorien innanfor trekkteoriar, den
legg vekt på fem personlegdomstrekk på toppen og 30 mindre viktige
personlegdomstrekk. Costa & McCrae står bak teorien og den kom ut i 1992. Dei
viktigaste personlegdomstrekka i teorien er: utadventheit, empati, orden,
følelsar og openheit.
Kor høveleg trekkteorien er gjeldande i dag er omdiskutert. Ifølge teoriane
vil eit individ alltid vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier
at individet er utadvent, vil det i følgje teoriane alltid vere utadvent. Dette
er ikkje tilfelle i dag, det varierer i kva situasjon ein er. Ein kan til dømes
vere utadvent i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter eit
nytt miljø vil ein handle annleis og derfor vil ein vere innadvent i ein slik
situasjon. Samstundes gjeld ikkje dette nødvendigvis alle, då somme kan opptre
som sosiale, utadvente og vere gode problemløysarar i dei fleste situasjonar.
Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vakse opp i, og kor sjølvstendig
foreldra har gjort ein.

Trekkteorien

Personlegdom er det som gjer at akkurat du er slik du er i møte med andre personar. Personlegdomen får fram det spesifikke og det karakteristiske av tankar, kjensler og åtferd som bestemmer den veremåten kvar og ein av oss har i samhandling med omgivnadane.

Trekkteorien handlar om menneskelege trekk eller eigenskapar og byggjer på at menneske kan karakteriserast ut frå ei rekkje trekk som dei har meir eller mindre av. Dette vil sei at teorien legg meir vekt på kvar enkelt sin personlegdom og ikkje på korleis ein handlar i samfunnet.


Femfaktormodellen er den mest kjende teorien innanfor trekkteorien. Den legg vekt på forskjellige personlegdomstrekk, den legg vekt på fem toppunkt, det vil sei utadventheit, empati, orden, temperament og openheit, men det er og 30 mindre viktige personlegdomstrekk. Costa & McCtrae står bak teorien og den kom ut i 1992.

Kor høveleg trekkteorien er i dag er omdiskutert. I følgje teoriane vil eit individ vere slik det er skildra. Altså om trekkteoriane seier at individet er utadvendt, er det alltid utadvendt. Detter er ikkje tilfelle i dag, det vil variere frå kva situasjon ein befinn seg i. Ein kan til dømes vere utadvendt i eit kjent miljø med venner og familie, medan når ein møter nye mennesker vil ein mest truleg handle annleis og vere innadvendt. Samtidig gjeld ikkje dette alle. Ein kan forklare dette ved kva miljø ein har vokse opp i, og kor sjølvstendige foreldra har gjort ein.

Hanne Sviggum